Om sjølvkritikk



For min del ser eg ikkje at Kollegiet kunne ha gjort noko anna i fjor enn å førebu fakulteta på kutt, skriv Magnus Rindal.
I Uniforum 3. september meiner Ingolf Kanestrøm og Bent Natvig at det ser ut til at rektoratet og eg har gjeve ulike grunngjevingar for vedtaket i Kollegiet i august i fjor, der vi ba fakulteta vere førebudde på eit kutt på 3 prosent. Til det er det følgjande å seie:
På dette møtet vurderte Kollegiet situasjonen slik at dei budsjettmessige bindingane for 1998 var så store i forhold til forventa budsjett at det var naudsynt å førebu fakulteta på problem.
I Uniforum 2. oktober i fjor gav rektoratet tre grunnar for det varselet Kollegiet sende ut. 1. Kostnader ved innflytting i nye bygg. 2. Frykt for dårlegare budsjett frå KUF. 3. Sentral avsetning for å gje handlingsrom for leiinga. Eg er samd i alle tre grunngjevingane. Det er såleis ikkje grunnlag for å spørje om kven ein her skal tru på. Men i intervjuet i Uniforum 20. august, der dette spørsmålet ikkje var noka hovudsak, peika eg berre på ei av desse grunngjevingane.
Etter at UiO verkeleg fekk kutt i sitt budsjett, og Kollegiet var nøydd til å fordele kuttet, blei det frå mange fakultet sagt at dette kom så uventa at det skapte store problem for fagmiljøa. Og det var nettopp for å gje betre tid til planlegging at Kollegiet gjorde sitt vedtak i august i fjor.
Kanestrøm og Natvig etterlyser evne til sjølvkritikk hos rektorkandidatane. For min del ser eg ikkje at Kollegiet kunne ha gjort noko anna i fjor enn å førebu fakulteta på kutt. Men eg innser at dette burde ha vore kommunisert til dekanane på ein betre måte.
Magnus Rindal
rektorkandidat



Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere