Studentar og læring

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 11 1998

Vi vil arbeide for ei auka løyving på 235 millioner, skriv Magnus Rindal og Dorthe Holst.

I Aftenposten 14. august har professor Arne Løvlie ein interessant og viktig kronikk om problem som har oppstått ved universiteta i kjølvatnet av den store studenttilstrøyminga dei siste åra. Han utfordrar rektorkandidatane ved Universitetet i Oslo til å gje sine vurderingar av situasjonen.

Realfaga har hatt spesielle utfordringar dei siste åra, og fakultetet har gjort ein fortenestefull innsats for å sikre rekruttering til dette viktige studiet. Dette arbeidet må førast vidare. Men mange av dei problema Løvlie peikar på, gjeld heile universitetet, og det er desse vi vil ta opp i dette innlegget.

I dei siste åra har universiteta, særleg UiO, fått så mange studentar at budsjetta ikkje strekk til for å gje gode nok undervisningstilbod. Rektoratets oppgåve må her vere å argumentere for budsjettvekst, for å kunne gje meir gruppeundervisning, skrivetrening og rettleiing. Vi vil setje søkjelyset på det faktum at av dei norske universiteta er det UiO som får den klart minste løyvinga pr. student. Vi vil arbeide for ei auka løyving på kr. 235 millioner. Vi vil arbeide for ein ny finansieringsstruktur, der løyvingane ikkje berre er knytte til studenttal, men også til forskingsverksemd.

Kvaliteten på undervisninga i den vidaregåande skolen er viktig for studentanes føresetnader for eit universitetsstudium. Vi meiner difor at universitetsleiinga og fagmiljøa bør delta i debatten om utviklinga i skolen.

Løvlie peikar på at eit fagmiljø kan kjenne seg pressa til å senke dei faglege krava på grunn av dårlege eksamensresultat. I slike tilfelle må fagmiljøet vurdere krava til forkunnskapar og dimensjoneringa av faget. Vi vil på vår side arbeide for å løyse på den sterke bindinga som no finst mellom budsjett og studenttal.

Løvlie etterlyser vårt syn på korleis ein skal få fleire "nysgjerrige, kritiske, reflekterte og engasjerte studenter". Somme meiner at ansvaret ligg på studentane sjølve. Vi har eit meir nyansert syn. Ansvaret ligg også på lærarane. Ved sine faglege holdningar og si undervisning har dei ein sterk innverknad på studentanes forventningar til studiet, og på deira lesevaner. Det må lagast studieplaner, undervisningsopplegg og eksamensformer som fremjar kreativitet, argumentasjon og kritisk diskusjon.

Vi vil arbeide for ei vidare utvikling av studentaktive læringsformer, for eksempel problembasert læring. Den viktigaste eigenskapen ved dette læringsprinsippet er at studentane får høve til å ta ansvar for si eiga læring.

Løvlie har heilt rett i at ein i Noreg bruker for store ressursar for å kontrollere studentanes kunnskapar. Vi ønskjer å stimulere fagmiljøa til å redusere denne ressursbruken. Men her som elles må det vere dei faglege miljøa og organa, institutta og fakulteta, som kjem med sine fagleg baserte tilrådingar. Rektoratets rolle er her å vere ein pådrivar i utviklinga, og sikre ein heilskapleg utdanningspolitikk ved universitetet.

Magnus Rindal, rektorkandidat
Dorthe Holst, prorektorkandidat

 


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 11 1998
Publisert 3. sep. 1998 11:30 - Sist endra 1. sep. 2014 13:41
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere