- Eg tar eit ansvar for Oslos tusenårsjubileum!

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 11 1998

Magnus Rindal:

Ein kronikk av Magnus Rindal i Aftenposten er hovudårsaka til at Oslo by kan feira tusenårsjubileet sitt i år 2000, berre 50 år etter 900 årsjubileet i 1950. Under årsfesten denne veka blei han og fysikkprofessor Thormod Henriksen æra med UiOs forskingsformidlingspris. Begge får ein sjekk på 25 000 kroner.

Av Martin Toft

{short description of image}POLITISK: Det er viktig å bruka formidling i universitetspolitisk samanheng, meiner forskingsformidlingsvinnar Magnus Rindal (Foto: Xenia Isaksen)

- Ja, eg tar gjerne ein del av æra for framskundinga av dette jubileet. Eigentleg formidla eg berre vidare historiske opplysningar som allereie blei lagde fram i bokverket Oslo bys historie. Desse opplysningane byggjer på arkeologiske utgravingar frå 70-talet som viser at Oslo rundt år 1000, og ikkje av den norske kongen Harald Hardråde rundt år 1050 slik Snorre Sturlason skriv i Heimskringla, fortel Rindal, som også har ein heilt klart teori om kvifor Snorre dreiv med det han gjorde.

Må bruka formidling politisk

- Nei, Snorre kunne ikkje lata ein dansk konge ha grunnlagd Oslo. Samstundes er det eit ufråvikeleg faktum at danskane kontrollerte Vika, altså området rundt Oslofjorden på den tida, forklarar han. Professor Magnus Rindal er i dag leiar for Senter for mellomalder og vikingtid ved Universitetet i Oslo. Og han har også bestemte meiningar om kva mål formidlinga skal ha.

- Eg ser det som ei viktig oppgåve å bruka den i universitetspolitisk samanheng for å visa at forskinga er relevant for samfunnet og for å påverka samfunnsutviklinga, seier han. Rindal vedgår at han har drive politisk lobbyverksemd for å få støtte til hjartebarnet sitt, eit mellomaldermuseum i Gamlebyen.

Personleg kontakt

- I denne saka har det vore viktig med personleg kontakt. Eg har brukt mange timar på samtalar med politikarane, og eg føler at dei no er positivt innstilte til dette prosjektet, seier han. I fjor haust gjekk han ut av interimsstyret i protest mot manglande politisk vilje til å setja i gang dette prosjektet.

- Sidan den gongen har Oslo bystyre løyvd 100 millionar kroner av overskotspengar til planlegginga av eit mellomaldermuseum i Gamlebyen, konstaterer Rindal, som aldri har tatt nokon doktorgrad. Derimot skreiv han ei hovudoppgåve om ei gamalnorsk handskrift av Bibelen ved Nordisk institutt ved Universitetet i Bergen.

Tok aldri doktorgrad

- Det var heilt tilfeldig at eg begynte å skriva om det temaet. Tanken min var å skriva om dialekten frå heimtraktene mine i Nordfjord. Så viste det seg at ein annan hovudfagskandidat heldt på å skriva om det same. Slik endte eg opp med å skriva ei hovudoppgåve om ein gammalnorsk tekst, fortel Rindal. I 1969, året etter at han blei ferdig cand.philol. blei han fast tilsett som universitetslektor ved Universitetet i Bergen. Men noka doktorgradsoppgåve tok han aldri.

- Den gongen gjekk det fint å bli tilsett i vitskaplege stillingar også utan doktorgrad, noko som eg er eit døme på. Men eg har aldri opplevd det som noko stort problem at eg ikkje har doktorgrad. Eg har uansett skrive nokbøker og artiklar til at det ville ha tilsvara minst ei doktoravhandling, reknar han ut. Han blei ved Universitetet i Bergen til han blei tilsett som professor ved Norsk leksiografisk institutt ved Universitetet i Oslo i 1989.

Etter kvart blei han tilsett som dagleg leiar ved Senter for studiar i vikingtid og mellomalder ved UiO.

- Når eg no får tildelt forskingsformidlingsprisen, ser eg det også som ein pris til heile miljøet ved dette senteret, understrekar han.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 11 1998
Publisert 3. sep. 1998 11:30 - Sist endra 1. sep. 2014 13:41
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere