Tsjernobyl gjorde meg til formidlar

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 11 1998

Fysikkprofessor Thormod Henriksen:

- Ulykka i atomkraftverket i Tsjernobyl i 1986 blei startskotet på rolla mi som forskingsformidlar. Det fortel pensjonert fysikkprofessor, Thormod Henriksen (70), som denne veka fekk tildelt UiOs forskingsformidlingspris, ein pris han deler med leiar for Mellomaldersenteret, professor Magnus Rindal.

Av Martin Toft

{short description of image} STRÅLEEKSPERT: Fysikkprofessor Thormod Henriksen var ein av dei første som byrja å forska på ozonlaget i Noreg. (Foto: Xenia Isaksen) 

- Etter ulykka i atomkraftverket sende eg inn ein kronikk til Aftenposten der eg gav ei vitskapleg forklaring på kva som hadde skjedd. Kronikken blei refusert av avisa fordi dei berre var interesserte i kva folk meinte om ulykka, ikkje i kva som eigentleg hadde skjedd. Difor sette eg meg ned saman med ein del kollegaer og saman skreiv me boka "Radioaktivitet, røntgenstråling og helse", fortel han. Året etter var han med og starta opp kurset Miljøfysikk ved Fysisk institutt. Brorparten av kurset var basert på denne boka.

Sjølvproduserte bøker

- Seinare måtte me laga kompendium om ozonlag, UV-stråling og drivhuseffekt. Desse hefta utvikla me til bøker slik at dei også kunne brukast på vidaregåande skular og distriktshøgskular. Då hadde prisen på bøkene stige frå 150 til 230 kroner. Då bestemte me oss for å produsera bøkene sjølve i staden for å samarbeida med Universitetsforlaget. Resultatet blei boka "Stråling og helse" som me begynte å selja på Fysisk institutt for 80 kroner, minnest han og legg til at ideen med å laga bøkene så billeg, var at studentane skulle ha råd til å kjøpa dei. Norsk Teknisk Museum bad han om å laga ei utstilling om ozonlaget og UV-strålinga. Saman med to doktorgradsstudentar lagde han ei enkel utstilling som dei supplerte med med skriftleg informasjon. Resultatet blei heftet "Deilig er den himmelblå" som blei selt til skular for 15 kroner. Ei stund etter blei han engasjert til å laga ei permanent utstilling om stråling. Utstillinga, som han kalla for "Vår strålende verden", handla om strålinga frå sola, røntgenstråling og nordlysstråling.

Radiumhospitalet

Forskarkarrieren hans begynte også med stråling. På Radiumhospitalet. Dit kom han i 1953 med hovudfag i fysikk.

- Der hadde dei fått ei ny maskin som skulle brukast på djupareliggjande svulstar. Eg tok doktoroppgåva på denne nye behandlinga som stipendiat for Den Norske Kreftforening. Då fekk eg frie hender til å forska på det som interesserte meg innan fysikken, hugsar Henriksen.

Denne forskinga brakte han også til Berkeley-universitetet i USA.

NASA

- Der blei eg tatt opp på eit forskingsprogram om partikkelstråling. Programmet blei betalt av Den amerikanske romfartsorganisasjonen (NASA), og det var knytt til planane om å senda folk til månen. Det ville innebera å senda dei gjennom eit bestemt strålingsfelt. Vår oppgåve var å finna ut om denne strålinga ville gi biologiske effektar. Ved Berkeley-universitetet hadde dei ei maskin som produserte den same type strålinga, seier han. Det året NASA lukkast i å senda det første mennesket til Månen, i 1969, blei også eit lukkeleg år for Thormod Henriksen. Då søkte han og fekk Noregs første dosentstilling i biofysikk ved UiO.

Ozon

Ei av dei tinga han blei involvert i der, var stoffet ozon.

- UiO hadde den einaste målestasjonen for ozon i Noreg. Den blei sett opp av pioneren Søren Larsen. Men på slutten av 70-talet, blei reduksjonen av ozonlaget brått det viktigaste miljøproblemet i vår tid. Og seinare har interessa for dette feltet berre auka. Men framleis klarer ikkje avisjournalistane å skriva rett om ozonlaget. Dei er berre interessert i nyhendene rundt ozonlaget, seier han irritert, medan han halvegs på spøk og halvvegs på alvor utbryt:

- Ozonlaget kunne faktisk godt ha vore litt tynnare over Noreg. Det er jo altfor lite sol her om vinteren.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 11 1998
Publisert 3. sep. 1998 11:30 - Sist endra 1. sep. 2014 13:41
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere