Eit heilskapleg og handlekraftig universitet

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 10 1998

{short description of image}

1. Universitet og samfunn  

Dei europeiske universiteta var i førre hundreåret danningsorienterte, med sterk vekt på akademisk fridom, og med mål om å oppdra mennesket ved hjelp av formidling av kunnskap. Gradvis utvikla dei seg også til å bli kunnskapsorienterte, danninga blei kombinert med arbeid for å vinne ny kunnskap og innsikt, ved forsking. Ved universiteta har det vore lagt vekt på kreativ tenking og kritisk funksjon. Dette har lagt grunnlaget for ein tredje viktig funksjon for våre universitet, som institusjonar for samfunnsdebatt og samfunnskritikk.  

I dag er universiteta stilte overfor nye utfordringar, oppsummerte i stikkorda informasjons- og kunnskapsteknologi og marknadstilpassing. Dette kjem samstundes som mange lærarar og studentar klagar over finansieringa, arbeidsforholda og motiveringa.  

Ei viktig oppgåve for det nye rektoratet ved UiO vil vere å ta initiativet til ei grunnleggjande drøfting av universitetets rolle i den nye samfunnssituasjonen. Vi vil arbeide for at universiteta framleis skal vere dei sentrale intellektuelle og kritiske drivkreftene i samfunnet, samstundes som vi finn vår plass i eit endra samfunn.  

Fundamentet for verksemda ved universiteta er den frie grunnforskinga. På dette feltet må universiteta ha eit romsleg budsjett, utan ekstern styring eller føring. Berre på denne måten kan dei ivareta den kreative og kritiske funksjonen som dei skal ha.  

Med grunnlag i forskinga har universiteta viktige oppgåver på felta utdanning og formidling. Vi må ta eit ansvar for etter- og vidareutdanning, i samarbeid med organisasjonane i arbeidslivet. Denne utdanninga bør drivast innanfor eksisterande struktur, utan etablering av eit nytt Noregsuniversitet.  

Resultata av forskinga må nå ut til samfunnet, og stimulere til samfunnsdebatt.  

Universiteta har i det siste auka sine eksterne inntekter. Universiteta bør vere velvillige til den delen av eksternt finansiert forsking som er tenleg for deira primæroppgåver. Men dette må ikkje få så stort omfang at det endrar universitetas profil.  

I dag blir universiteta ofte vurderte meir som utdanningsinstitusjonar enn som forskingsinstitusjonar. Dette er uheldig, for grunnforskinga er fundamentet for verksemda. Vi stør difor arbeidet med å utvikle eit eige forskingsbudsjett.  

UiO må også ta sitt internasjonale ansvar på alvor. Vi må delta i den internasjonale kunnskapsdebatt, sende våre forskarar og studentar ut, og gje gode arbeidsvilkår for utanlandske forskarar og studentar.  

2. Profil  

Etter lova skal institusjonane samarbeide og utfylle kvarandre innanfor eit nasjonalt nettverk for høgare utdanning og forsking. Det er naturleg at det klart største universitetet tek ansvaret for ein brei forskingskompetanse og eit mangfaldig fagtilbod. Likevel kan det tenkjast at UiO innanfor Noregsnettet kan avvikle fagtilbod dersom andre institusjonar har eit fagleg grunnlag for å overta. Det er også viktig å plassere UiO i eit nordisk og internasjonalt kunnskapsnettverk, der studentar kan søkje utdanning der kompetansen er best.  

Til skilnad frå andre norske universitetsbyar har det i Oslo ikkje vore noko tett samarbeid mellom byen og universitetet. Vi meiner det er viktig å vidareutvikle forholdet til Oslo, slik at dei kommunale myndighetane ser verdien ved vår faglege kompetanse og den ressurs som ligg i personalet og studentane ved universitetet. Frå vår side må vi bruke vårt kunnskapsgrunnlag i arbeidet med utvikling av hovudstaden.

3. Budsjett  

Vårt universitet er det einaste som har fleire registrerte studentar enn det måltalet som KUF fastset, og vi har flest privatistar. Og UiO får vesentleg mindre løyving pr. student enn dei andre universiteta. Dersom vi skal kome på nivå med det som får nest minst, Universitetet i Bergen, må vi få ein auke i budsjett på 235 millionar kroner.  

I arbeidet med å argumentere for betre universitetsbudsjett er det viktig å kunne synleggjere fornuftig bruk av ressursane, og å byggje alliansar. Vi vil leggje opp til eit målretta strategisk arbeid på dette feltet. Målet må vere å vere med på å skape ein opinion for verdien av å investere i forsking og utdanning i Noreg, og påverke avgjerdstakarane. Samstundes må leiinga ved UiO bruke sine kontaktar i regjeringa og departementet.  

Dersom situasjonen skulle tilseie det, vil vi ta initiativ til og delta i aksjonar som kan syne kor avhengig samfunnet vårt er av den kompetansen som finst ved universitetet.  

I ei tid med reduserte budsjettrammer er det viktig korleis budsjettkutt blir fordelte. Det er vår meining at vi ikkje skal ha flate kutt, og at det må setjast i gang ny aktivitet også i tider med usikre budsjettutsikter.

4. Gode arbeidsforhold for tilsette og studentar  

Universitetets viktigaste ressurs er personalet og studentane. Det er difor naudsynt at dei har gode arbeidsvilkår. UiO må styrkje arbeidet på det personalpolitiske feltet, for eit betre arbeidsmiljø for tilsette og studentar. Det må gjerast eit krafttak for å heve lønsnivået både for vitskapleg og for teknisk/administrativt personale; også studiefinansieringa må bli betre.  

I dei siste åra har forskingsvilkåra blitt dårlegare. Det er ein stor mangel på vitskapleg utstyr, bøker og tidsskrifter, og driftsbudsjettet for forskarane har blitt dårlegare. Dette må bøtast på dels gjennom ein allmenn argumentasjon for auka løyvingar, dels ved å sikre den enkelte forskar eit minimum av driftsbudsjett, som vedkomande disponerer utan søknad.

For forskarane er det eit stort problem at det blir for lite tid til forsking. Etter vårt syn ligg løysinga på dette problemet ikkje i å redusere undervisningsinnsatsen, men å forenkle drifta av institusjonen. Vi vil arbeide for at det vitskaplege personalet skal bruke mindre tid til administrasjon og saksbehandling.

For å kunne halde på ein høgt kompetent vitskapleg stab må det sytast for skikkeleg rekruttering. UiO må ta eit ansvar for planlegging av rekrutteringsarbeidet, spesifisert på ulike fagfelt. Som eit tidsavgrensa verkemiddel kan det vere aktuelt å øyremerkje post doc-stipend for kvinner på nokre fagfelt. I likestillingsarbeidet vil vi elles leggje vekt på at både kvinner og menn er representerte på møteplassar som legg premissar for utviklinga ved universitetet.

UiO må framleis prioritere renovering av bygningane i sentrum og dei odontologiske klinikkbygningane. Hittil har UiO gjeve fyrsteprioritet til nybygg på Tullinløkka for Oldsaksamlinga. Dersom planane på Tullinløkka ikkje gjev det naudsynte areal innan rimeleg tid, må UiO snarast mogleg planleggje eit nybygg på Sørenga for dei kulturhistoriske musea.

Vi vil arbeide for at studiesituasjonen for studentane skal bli betre. Hovudfagsrettleiinga må styrkjast. Ved fleire fagmiljø ved UiO er det no innført såkalla problembasert læring, og vi vil arbeide for ei vidare utvikling av ei slik læringsform.

5. Leiing, styring og organisering

Den øvste valde faglege leiar er rektor. Han/ho må ha ein tydeleg universitetspolitisk profil, kjenne eit overordna ansvar for verksemda ved UiO, og må aktivt tale UiOs sak i forhold til omverda.  

Vi vil arbeide for at Kollegiet sterkare enn no utformar UiOs strategi og politikk. Det vil seie at politisk viktige saker må fremjast til drøfting i Kollegiet på eit tidleg tidspunkt. Slike drøftingar bør også førast i Kollegierådet, som har sin styrke ved sin breie representasjon.

Fakulteta representerer det øvste faglege nivået, og vi ønskjer å styrkje kontakten med dekanane. Men vi ønskjer ikkje å bruke dekanmøta til førebuing av kollegiesaker. Vi vil heller bruke desse møta til å drøfte viktige politiske og dagsaktuelle saker. Vi vil foreslå for Kollegiet at dekanane blir inviterte til budsjett- og strategisaker i Kollegiet, med talerett.

Ei positiv utvikling av UiO krev god fagleg leiarskap på instituttnivå. Vi vil intensivere arbeidet med å gjere instituttleiarane medvitne om det faglege ansvaret dei har, både for kvaliteten på verksemda, for personalet og for utviklinga av institusjonen.

Vi vil arbeide for å utvikle ei kjensle av fellesskap blant dei tilsette og studentane ved UiO. Dette vil vi prøve å oppnå ved styrkt leiarskap, ved mest mogleg open saksgang, ved å dra flest mogleg med i den politiske debatten, ved målretta og proaktiv bruk av informasjon og ved å arrangere universitetspolitiske seminar om viktige saker.

Magnus Rindal

Dorthe Holst

 

Dette programmet finst også i ein lengre versjon, som vil bli lagt ut på verdsveven.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 10 1998
Publisert 20. aug. 1998 08:34 - Sist endra 1. sep. 2014 13:40
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere