- Gi oss bøker!

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 10 1998

Den offentlege fattigdomen på Cuba går også utover Universitetsbiblioteket i Havana. Bibliotekarane bed no norske kollegaer om å senda dei nye bøker og oppslagsverk.

I Havana: Martin Toft (tekst og foto)

{short description of image} CHE GUEVARA: I ein av boksalane til Universitetsbiblioteket i Havana har revolusjonshelten Ernesto Che Guevara fått heidersplassen på veggen.

I ei bokhylle ved universitetsbiblioteket til Universitetet i Havana står det fleire årgangar av oppslagsverket "European Yearbook". Frå første utgjevingsåret og fram til 1991. Det året tok bokinnkjøpa til biblioteket brått slutt på grunn av den vanskelege økonomiske situasjonen på Cuba. Bibliotekaren legg merke til at me stussar litt over dette, og ho kjem bort til oss.

Jostein Gaarder

- Ver så snill og skaff oss dei eksemplara av "European Yearbook" som me manglar. Diverre har me ikkje pengar til å kjøpa inn desse bøkene lenger. Eg håpar at biblioteka i landet ditt kan hjelpa oss med det, seier ho. Då me fortel henne at me kjem frå Noreg, blir ho ivrig, og ho let oss få vita at ho nettopp har lese "Sofies valg" av Jostein Gaarder.

- Ei svært bra bok, synest ho, og ho bed oss om å tipsa henne om andre norske samtidsforfattarar.

Erik Fosnes Hansens "Salme ved reisens slutt", foreslår me.

Internett

- Ja, send oss den romanen, tryglar ho. I denne mørke og majestetiske lesesalen bygd i førre hundreåret sit også 10 studentar og prøver å konsentrera seg i over 30 varmegrader. Vindauga står på vidt gap utan at det blir kjølegare. Klimaanlegg har universitetsbiblioteket heller ikkje pengar til. Eit fåtal datamaskiner frå byrjinga av 80-talet er andre døme på at datarevolusjonen framleis ikkje har fått same plass i det kubanske samfunnet som Fidel Castros og Che Guevaras revolusjon i 1959. Sjefen for dataavdelinga ved biblioteket, Leida Rodriguez Hernández fortel at dei i løpet av hausten vil knyta heile universitetet til Internett.

Treng assistanse

- Men framleis manglar me dataekspertar og folk som er ekspertar på å knyta databaser og andre bibliotektenester til Internett. Difor vil eg gjerne nytta høvet til å oppmoda bibliotektilsette som kan dette til å koma hit til Havana for å hjelpa oss med det. Me vil samtidig invitera bibliotekarar ved Universitetsbiblioteket i Oslo til å delta på konferansen for universitetsbibliotek i Karibia og Latin-Amerika som me skal skipa til i oktober, seier ho. I dag manglar dei også tre stillingar i dataavdelinga.

Sjeldne bøker

Biblioteket har rundt 1700 svært sjeldne bøker frå den første tida etter at Columbus kom til Amerika. Det har også rundt 3000 oppslagsbøker og ei avissamling som inneheld aviser frå førre hundreåret og heilt fram til i dag.

- Desse samlingane vil me gjerne gjera tilgjengelege for publikum, og difor har me sett i gang prosjekt som held på å greia ut korleis me kan gjera dette. Me trur desse samlingane vil vera interessante for mange utanlandske forskarar, legg ho til. Bibliotekarstudentane og journaliststudentane held i dag til ved Fakultetet for kommunikasjon ved Universitetet i Havana. Der er det no planar om å byggja ein eigen datasal for studentane.

Datarevolusjonen

- Difor tar me gjerne imot råd og assistanse frå bibliotekarar og datafolk ved Universitetsbiblioteket i Oslo i samband med innføringa av desse nye tenestene ved biblioteket vårt. Viss det er nokon der som treng spesielle opplysningar om Cuba, står me gjerne til teneste, opplyser ho til Uniforum.

Deretter tar ho oss med på omvising rundt i dei gamle salane til biblioteket. I den eldste salen vaktar portretta av revolusjonsheltane Fidel Castro og Che Guevara boksamlinga. No ventar biblioteket på datarevolusjonen.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 10 1998
Publisert 20. aug. 1998 08:34 - Sist endra 1. sep. 2014 13:40
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere