Må halda seg for øyrene  

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 10 1998

Dekanar protesterer mot anleggsstøy:

Tapte parkeringsplassar og støyproblem. Det har til no blitt fylgjene av bygginga av ny trikketrasé i Niels Henrik Abels vei, skriv HF- og SV-dekanane i eit brev til universitetsdirektøren. Dei bed om at det blir etablert alternative parkeringsplassar.

Av Martin Toft

{short description of image} STØYPROBLEM: Dekanane Aanund Hylland og Even Hovdhaugen klagar på støyproblema i samband med arbeidet med å leggja ny trikketrasé i Niels Henrik Abels vei. (Foto: Ståle Skogstad)

- Ingen fekk melding frå universitetsleiinga om kva konsekvensen kunne bli av bygginga av ny trikketrasé langs Niels Henrik Abels vei bak HF- og SV-bygningane. Difor blei folk svært overraska då dei kom tilbake på jobb etter ferien og oppdaga at dei gamle parkeringsplassane var gått tapt, seier dekan Aanund Hylland ved SV-fakultetet, som saman med HF-dekan Even Hovdhaugen bed om at universitetsleiinga krev at byggherren etablerer nye parkeringsplassar.

Avhengige av bilen

- Dette kom som julekvelden på kjerringa. Sjølv om Blindern-området har eit ganske godt kollektivtilbod, er mange av dei universitetstilsette heilt avhengige av å koma seg på jobb i privatbil. Dessutan er det få parkeringsplassar på universitetet i høve til talet på tilsette. Difor er det ikkje forsvarleg å fjerna så mange parkeringsplassar over natta, meiner Hovdhaugen. Han blir sekundert av Hylland som synest både Oslo kommune og universitetsleiinga burde ha varsla dei tilsette ved dei to fakulteta om dei negative konsekvensane av bygginga av denne trikketraseen.

Kommunikasjonssvikt

- Det er heilt klart at det har vore ein kommunikasjonssvikt i denne saka. Me håpar likevel at dette kan bli retta opp ved at det blir etablert nye parkeringsplassar på delar av parkarealet mellom parkeringsplassen og nordveggen til HF- og SV-bygningane. Dessutan gjer me framlegg om at det blir opparbeidd nye parkeringsplassar på austsida av Meteorologisk institutt. Ei anna løysing kan vera at parkeringsforbodet i Ullevål hageby blir oppheva, foreslår Hylland og Hovdhaugen. Begge understrekar at ekstrakostnadene må byggherren ta på si kappe. Ingen av dei to brukar vanlegvis privatbil til jobben, så i denne saka snakkar dei for alle dei andre tilsette ved dei to fakulteta.

- Ja, eg har likevel blitt skulda for å ha gjort knefall for privatbilismen ved å engasjera meg i denne saka, seier Hylland medan Hovdhaugen har fått støtte i kampen mot fjerning av parkeringsplassar og det høge støynivået i samband med denne anleggsverksemda.

Støyproblem

- Støyen er eit stort problem både for dei studentane som brukar lesesalen i SV-bygningen og dei tilsette i HF-bygningen som har kontor som vender ut mot trikketraseen, seier dei to dekanane. Dei håpar at det skal lata seg gjera å bøta på dette ved å setja inn betre isolerte vindauge.

- Me vil gjerne ha eit møte med universitetsleiinga for å høyra korleis dei har tenkt å løysa denne saka, avsluttar Hovdhaugen og Hylland.

Får 40 nye parkeringsplassar

- Det kjem til å bli opparbeidd 40 nye parkeringsplassar mot Niels Henrik Abels vei. Likevel vil det ikkje bli like mange parkeringsplassar som tidlegare fordi dei etablerte trerekkjene i størst mogleg grad skal sparast. Det seier seniorarkitekt Helga Sagsveen i Teknisk avdeling ved UiO. Dei to dekanane vil ikkje få innfridd ynskjet om å etablera fleire parkeringsplassar enn dette på Blindern.

Inga parkering i bustadområda

- Sidan kollektivdekkinga til Blindern er svært god, er det lite tenkjeleg at Oslo kommune går med på å lata dei tilsette ved universitetet få parkera i bustadområda rundt Blindern. Men eg vil gjerne understreka at universitetet dei siste åra har fått ein auke i talet på parkeringsplassar sidan brakkene framfor Fysikkbygningen no er rivne. Når det nye Universitetsbiblioteket og eit nytt driftsanlegg står ferdig, vil også ein del tidlegare parkeringsplassar bli oppattretta, opplyser Sagsveen.

Stillegåande trikkar

Ho kan lova at støyproblema blir mindre når trikketraseen er tatt i bruk.

- Trikkane er spesielt stillegåande og skal ha gummihjul. Dessutan vil Niels Henrik Abels vei bli einvegskjørt slik at det mest ikkje blir biltrafikk i vegen, fortel seniorarkitekt Helga Sagsveen.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 10 1998
Publisert 20. aug. 1998 08:34 - Sist endra 1. sep. 2014 13:40
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere