Fem i farta

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 10 1998

Har du merka noko til arbeidet med den nye trikketraseen i Niels Henrik Abels vei?

{short description of image}Kjersti Bergheim, konsulent ved Institutt for lingvistiske fag

- Ja, her i 1. etasje i P. A. Munchs hus merkar eg anleggsstøyen svært godt. Difor må eg heile tida arbeida med vindauget att. Eg håpar verkeleg at det verste snart er over.

{short description of image}Kirsten Rødnes, konsulent ved Institutt for lingvistiske fag

- Eg merkar bråket svært godt, og det er nokon gonger veldig plagsamt.

{short description of image}Tore Pedersen, sivilarbeidar ved Tekslaboratoriet ved Institutt for lingvistiske fag

- Det er berre når eg har vindauget ope at eg merkar noko til arbeidet med denne trikketraseen. Til no har det ikkje plaga meg.

{short description of image}Mette Torjussen, psykologistudent

- Eg har ikkje lagt merke til det enno. Men eg har førebels berre site eit par timar på lesesalen.

{short description of image}Rita Nielsen, psykologistudent

- Nei, eg har ikkje merka noko til dette anleggsarbeidet. Her på lesesalen har eg i alle fall ikkje høyrt noko bråk.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 10 1998
Publisert 20. aug. 1998 08:34 - Sist endra 1. sep. 2014 13:40
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere