IT-storsatsing på Fornebu

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 10 1998

UiO vurderer:

  • Flytting av Institutt for informatikk til Fornebu og etablering av eit senter for vidare- og etterutdanning i samarbeid med NTNU og Høgskulen i Oslo.
  • Etablering av eit senter for vidare- og etterutdanning i samarbeid med dei same utdanningsinstitusjonane.

Av Martin Toft

Dette er dei to alternativa Kollegiet vil ha på bordet når det i møtet den 1. september skal drøfta kva rolle Universitetet i Oslo skal spela i utbygginga av Fornebu som eit nytt senter for informasjonsteknologi. Det går fram av ein rapport som UiO, NTNU og Høgskulen i Oslo har laga på oppdrag frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet.

190 millionar kroner

Dersom Kollegiet stemmer for det første alternativet, vil det innebera at heile Institutt for informatikk blir flytta til Fornebu. Då vil det også bli mogleg å oppretta mange nye studieplassar på hovudfag. Rapporten reknar med at heile dette forskings- og utdanningssenteret vil koma på 190 millionar kroner. Og dersom Kollegiet går inn for det andre alternativet, vil det kosta seks millionar kroner.

Vil gjerne flytta

Etter at framlegget blei kjent tidlegare i sommar, blei det halde allmøte ved Institutt for informatikk. Der gjekk eit stort fleirtal av dei tilsette inn for å flytta heile instituttet til Fornebu. I går var universitetsleiinga i møte med Institutt for informatikk for å drøfta desse planane. Men ved moderfakultetet til Institutt for informatikk, Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, er det stor motstand mot framlegget om å flytta instituttet til Fornebu.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 10 1998
Publisert 20. aug. 1998 08:34 - Sist endra 1. sep. 2014 13:40
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere