Uniforum nr. 09 1998 Nettutgave 15. juli 1998
Professor Magnus Rindal ved Senter for studier i vikingtid og nordisk mellomalder og professor Dorthe Holst ved Institutt for samfunnsodontologi er blitt føreslegne som høvesvis rektor og prorektor ved Universitetet i Oslo for perioden 1999 til 2001.
Av Martin Toft
Kontaktperson for framlegget er professor Helge Rønning ved Institutt for medier og kommunikasjon, medan professor Tore Hansen ved Institutt for statsvitskap er såkalla suppleant. Det sentrale valstyret har godkjent framlegga etter å ha funne dei formelt i orden. Blant dei som har kome med framlegg på professor Magnus Rindal som rektor og professor Dorthe Holst som prorektor finn ein blant andre professor Berge Furre ved Det teologiske fakultetet, professor Anna Louise von der Lippe ved Psykologisk institutt, professor Helge Pharo ved Historisk institutt og professor Francis Sejersted ved Senter for teknologi og menneskelege verdiar. Dessutan stiller også studentrepresentantane Anne Helene Tveit Molaug og Benjamin de Carvalho seg bak Magnus Rindals rektorkandidatur. Rindal blir den fjerde rektorkandidaten ved Universitetet i Oslo. Frå før har både medisinprofessor Christian Hall, noverande prorektor Knut Fægri og ernæringsprofessor Kaare Norum blitt lanserte som rektorkandidatar.
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere