UiO vurderer: IT-storsatsing på Fornebu

Innhold Neste Uniforum nr. 09 1998 Nettugave 15. juli 1998


 

  • Flytting av Institutt for informatikk til Fornebu og etablering av eit senter for vidare- og etterutdanning i samarbeid med NTNU og Høgskulen i Oslo.
     
  • Etablering av eit senter for vidare- og etterutdanning i samarbeid med dei same utdanningsinstitusjonane.

 

Av Martin Toft 

IT tar av på FornebuDette er dei to alternativa Kollegiet vil ha på bordet når det i møtet den 1. september skal drøfta kva rolle Universitetet i Oslo skal spela i utbygginga av Fornebu som eit nytt senter for informasjonsteknologi. Det går fram av ein rapport som UiO, NTNU og Høgskulen i Oslo har laga på oppdrag frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet om korleis utdanning i informatikk kan lokaliserast til Fornebu. KUF vil bruka rapporten som grunnlag for å finna ut korleis regjeringa kan fylgja opp oppmodinga frå fleirtalet i Stortingets næringskomité om å realisera eit IT- og kunnskapssenter på Fornebu.

190 millionar kroner

Eit viktig mål for Stortingets næringskomité er at eit slikt senter skal styrkja dei etablerte utdannings- og forskingsinstitusjonane. Dersom Kollegiet stemmer for det første alternativet vil det innebera at heile Institutt for informatikk blir flytta til Fornebu. Då vil det også bli mogleg å oppretta mange nye studieplassar på hovudfag. Saman med satsing på eit påbyggingsår for humanistar, juristar, samfunnsvitarar, realistar og ingeniørar, og etter- og vidareutdanning i IT- relaterte fag, vil det gi eit samla arealbehov på 25 000 kvadratmeter for utdanningsinstitusjonane. Av dette vil UiO disponera 18 000 kvadratmeter.

Rapporten reknar med at heile dette forskings- og utdanningssenteret vil koma på 190 millionar kroner. Og dersom Kollegiet går inn for det andre alternativet, vil dei tre utdanningsinstitusjonane berre ha eit samla arealbehov på 6600 kvadratmeter. UiOs del av dette vil utgjera 600 kvadratmeter og kosta seks millionar kroner. Det vil gi plass til 30-60 hovudfagsstudentar i informatikk som skal utplasserast i bedrifter på Fornebu. Meininga er at NTNU skal plassera like mange hovudfagsstudentar der. Denne institusjonen ynskjer også å byggja opp eit slikt kurssenter for etter- og vidareutdanning i nært samarbeid med SINTEF og Bedriftsøkonomisk Institutt (BI).

Vil gjerne flytta

Nytt IT-kapittel for FornebuEtter at framlegget blei kjent tidlegare i sommar, blei det halde allmøte ved Institutt for informatikk. Der gjekk eit stort fleirtal av dei tilsette inn for å flytta heile instituttet til Fornebu. Samtidig er leiinga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet sterkt imot at Institutt for informatikk skal flyttast frå universitetsområdet på Blindern.

Spesialtransport

Difor peikar rapporten på at føresetnaden for ei slik satsing er at mange bedrifter etablerer seg på Fornebu, og at næringslivet viser vilje til å delta i oppgåva med å auka studiekapasiteten innanfor informasjonsteknologi. Dersom Kollegiet går inn for det mest omfattande alternativet, kan det føra til at det blir naudsynt å setja i gang spesialtransport mellom Blindern og Fornebu. Det vil dessutan bli behov for studentbustader, barnehagar og andre velferdstiltak i tilknyting til eit forskings- og utdanningssenter på den tidlegare flyplassen. Det er regjeringa som til slutt avgjer kva modell som blir valt for IT Fornebu, og det er staten som skal finansiera den endelege utbygginga.

 

 

 


Innhold Neste Uniforum nr. 09 1998 Nettutgave, 15. juli 1998

Publisert 15. juli 1998 12:45 - Sist endra 1. sep. 2014 13:40
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere