Forsking er kunst

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 09 1998

- Forskinga må vera fri og kreativ utan statleg innblanding akkurat som kunsten. Det sa rektorkandidat Christian Hall under ein debatt i Det Norske Medicinske Selskap om kven som burde finansiera forskinga.

Av Martin Toft (tekst og foto)  

{short description of image}USAMDE: Rektorkandidat Christian Hall (til høgre) og direktør Geir Stene-Larsen i Forskingsrådet er usamde i måten forskingspengane blir forvalta på.

Medisinprofessor og rektorkandidat Christian Hall tok utgangspunkt i omorganiseringa av dei tidlegare Noregs Teknisk-Naturvitskaplege Forskingsråd (NTNF) og Noregs Allmennvitskaplege Forskingsråd (NAVF) til eit felles Noregs forskingsrådtidleg på 90-talet. Han kritiserte direktør Christian Hambro i Forskingsrådet for å ha klaga på at det er for mykje mosjonsforsking og for lite toppforsking i Noreg.

- Dette synest eg er ein altfor eindimensjonal måte å sjå dette på. Med ein slik tankegang vil dei forskarane som får det til, stadig få det betre, medan dei andre vil få det verre. Denne haldninga står meir i stil med synet til det tidlegare NoregsTeknisk-Naturvitskaplege Forskingsråd enn med det Noregs Allmennvitskaplege Forskingsråd, som finansierte medisinsk forsking, stod for, meinte Hall, som ikkje hadde noka tru på at talet på siteringar i internasjonale fagtidsskrift hadde noko å seia for kvaliteten på forskinga.

Kreativ og etterretteleg

- Det er svært vanskeleg å få publisert forsking som ikkje viser nye resultat eller stadfestar ein ny tese. Nytten til forskinga viser seg jo ofte etterpå og ikkje før prosjektet har blitt gjennomført. Difor set eg eit stort spørjeteikn ved Christian Hambros forskingssyn. For meg er dei viktigaste kriteria for forskinga at den skal vera kreativ og etterretteleg. Difor bør universiteta gi plass til forsking der dei einaste krava nettopp er desse to kriteria, sa Hall før han samanlikna forskinga med kunsten.

- Dersom forskinga skal gi avkasting er det viktig at den er fri og kreativ akkurat som kunsten. Difor bør heller ikkje samfunnet driva noka detaljstyring av forskinga. Det vil nemleg øydeleggja kreativiteten, slo han fast. Etter hans meining skjer det i dag mykje dobbeltarbeid på universiteta fordi forskarane må skriva søknad om forskingsstøtte både til universitetet og til Forskingsrådet.

Dobbeltarbeid

- Dette fører til mykje dobbeltarbeid. Eg vil likevel ikkje leggja ned Noregs forskingsråd, men eg er overtydd om at pengane til medisinsk forsking bør gå tilbake til universiteta. Før det kan skje, er det naudsynt med ei betre skulering av leiinga ved universiteta. Difor inviterer eg til eit samarbeid mellom universiteta og Forskingsrådet for å betra situasjonen for norsk forsking. Her er det viktig at Universitetet i Oslo tar initiativet til at universiteta skal koma på offensiven og halda fram med å spela ei leiande rolle i norsk forsking, påpeika Hall.

Motdebattanten, direktør Geir Stene-Larsen i Avdeling for medisin og helse i Forskingsrådet, trudde ikkje ei tilbakeføring av midlane til medisinsk forsking, ville løysa noko problem. Han viste til at Forskingsrådets finansiering av medisinsk forsking berre utgjorde fire prosent av den totale finansieringa av denne forskinga. Rundt 13 prosent blir finansiert av humanitære organisasjonar, medan resten blir finansiert av universiteta og det private næringslivet.

- Ja, korleis trur de det ville gå med desse fire prosentane, dersom dei blei lagt til universiteta sine rammebudsjett? I dag er det klima for samarbeid og ikkje for konflikt mellom universiteta og Forskingsrådet. Vår oppgåve er i første rekkje å få samfunnet til å satsa på forskinga og overtyda politikarane om at dette er viktig. Politikarane kjem nemleg ofte med stadig større krav til dokumentasjon av nytten av forskinga. Då er det vår oppgåve å visa dei det, sa Stene-Larsen, som var oppgitt over Halls kommentar om at Forskingsrådet helst ville prioritera toppforsking framfor mosjonsforsking.

Bjørn Dæhlie

- Sanninga er at berre to millionar kroner av Forskingsrådets årlege portefølje på 2,7 milliardar kroner, går til toppforsking. Årsaka til at me har satsa på dette, er at me vil ha fram forskinga sine svar på langrennsstjerna Bjørn Dæhlie. Føresetnaden for å få desse pengane, er at prosjektet både skal vera risikovillig og originalt og ikkje minst etterretteleg, slik at det ikkje mister truverdet sitt, presiserte Stene-Larsen.

Berre 13 tilhøyrarar var til stades på debattmøtet. Blant dei var det heller ikkje noka støtte for å leggja ned Forskingsrådet og overføra forskingspengane til universiteta. Dei frykta meir ei utvikling der ein større og større del av forskinga ville bli finansiert av det private næringslivet.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 09 1998
Publisert 10. juni 1998 16:47 - Sist endra 1. sep. 2014 13:39
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere