HMS-arbeidet fungerer ikkje

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 09 1998

Kartlegging ved UiO:

  • 151 av 257 stader med høgrisikoarbeid manglar prosedyrar for dette arbeidet
  • Berre åtte av 22 lokale arbeidsmiljøutval (LAMU) fungerer
  • Grunnleggjande mangel på kunnskap om HMS-arbeid på alle nivå ved UiO

Av Martin Toft

Dette er tre av manglane ved Helse-, miljø- og sikringsarbeidet ved Universitetet i Oslo, som kjem fram i ei kartlegging av HMS-arbeidet ved UiO. Det mest alvorlege er klart mangelen på prosedyrar ved 151 av dei 257 stadene ved universitetet der det blir utført høgrisikoarbeid med fare for liv og helse. Arbeidstilsynet krev at UiO passar på at det finst eigne prosedyrar for dette arbeidet. Det er Det medisinske fakultetet, Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet, Det odontologiske fakultetet og Teknisk avdeling som har flest av desse farlege arbeidsstadane. Til saman har desse einingane 216 område som kan vera ein fare for liv og helse. Dette er 84 prosent av høgrisikoområda ved UiO. Ved Det historisk-filosofiske fakultetet, Det samfunnsvitskaplege fakultetet, sentra og i administrasjonen finst det 33 risikoområde.

Frå cyanidar til boltepistolar

Desse høyrisikoområda omfattar stader der det blir brukt cyanidar, boltepistolar, løfteinnretningar, løftebord og traktorar. Uklar ansvarsdeling mellom dei ulike avgjerdsstrukturane i organisasjonane, grunnleggjande mangel på HMS-arbeid på alle nivå ved universitetet og mangelen på eit totaloversyn over HMS-ansvarlege er tre andre ting som blir avdekka i desse rapportane. Der blir det også slått fast at kommunikasjonen mellom Teknisk avdeling, fakulteta og institutta er for dårleg når det gjeld HMS-arbeidet. Dessutan viser kartlegginga at det ikkje finst eit felles system for registrering av sjukefråver ved UiO. Mange stader manglar også lokal kartlegging, prosedyrar og handlingsplanar. Handlingsplanen og kartlegginga er ein del av iverksetjinga av effektiviseringsprosjektet og ein fylgje av pålegget frå Arbeidstilsynet til Universitetet i Oslo før nyttår om å utarbeida ein betre internkontroll og eit betre system for HMS-arbeidet. Assisterande personaldirektør Erik Gulbrandsen hadde likevel ikkje trudd at situasjonen for HMS-arbeidet ved UiO var så dårleg

Fortidas synder

- Eg er svært overraska over at det står så dårleg til. Det er nok fortidas synder me har avdekka i desse rapportane. Men når det er sagt, skal ein også vera klar over at mange miljø har godt utbygde prosedyrar for HMS-arbeidet. No skal me prioritera dette arbeidet ved UiO. Me har eit godt fungerande HMS-arbeid og har utarbeidd lokale prosedyrar og system for rapportering av avvik på heile universitetet som skal vera klare innan sommaren 1999, lovar han. Dette er sluttdatoen for gjennomgangen og innføringa av eit nytt system for internkontroll og HMS-arbeid ved UiO. Den første fasen av dette arbeidet blei avslutta denne månaden, medan den andre fasen vil gå fram til jul. Den tredje fasen vil gå fram til 1. juni neste år.

- Det aller viktigaste for oss er at HMS-arbeidet ved universitetet også vil føra til at folk får eit betre arbeidsmiljø, understrekar Gulbrandsen. Stillinga som HMS-koordinator ved Organisasjons- og personalavdelinga er allereie lyst ut, og det vil bli tilsett ein person i stillinga i løpet av sommaren. Deretter vil dei andre ledige stillingane i HMS-seksjonen også bli lyste ut. Det vil dessutan bli bygd opp ei fungerande vernearbeidsordning, opplyser Gulbrandsen til Uniforum.

Både handlingsplanen og oppfylgjingsplanen for manglane ved HMS-arbeidet ved UiO er no sende til Arbeidstilsynet.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 09 1998
Publisert 10. juni 1998 16:47 - Sist endra 1. sep. 2014 13:39
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere