Kongen opna Det norske universitetssenteret

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 09 1998

- Dette senteret kan gjera det lettare for norske forskarar å knyta kontaktar med russiske forskingsmiljø. Det sa Kongen då han opna Det norske universitetssenteret i St. Petersburg den 28. mai, på dagen 395 år etter grunnleggjinga av Russlands gamle hovudstad.

I St. Petersburg: Martin Toft

{short description of image}
SMOLNYKLOSTERET: I desse bygningane har norske russiskstudentar skaffa seg sine første basiskunnskapar i det russiske språket. Det norske universitetssenteret ligg to kvartal frå Smolnyklosteret.
{short description of image}

MØTESTAD: Kong Harald håpar Det norske universitetssenteret kan bli ein møtestad mellom norske og russiske forskarar.

Norske og russiske flagg, kvinner i bunad og lang kjole og menn i dress helsa Hans Majestet Kong Harald, då han kom til Det norske universitetssenteret presis klokka 1000 torsdag den 28. mai 1998. Der blei han først tatt i mot av styrar for senteret, professor Jan Ivar Bjørnflaten, før han gjekk opp i seminarrommet der han blei helsa velkomen av leiaren for Det Norske Universitetsrådet, rektor Lucy Smith. Deretter gjekk han bort og sette seg på fremste rad i eit lokale som har sitjeplass til 63 personar.

Asfaltert gate

Lite visste han om om kva vidtrekkjande fylgjer besøket hans hadde fått for gatemiljøet i Kaluzki pereuolok der senteret ligg, eit par kvartal frå Smolnyklosteret, der norske russiskstudentar gjennom mange år har stotra fram sine første russiske glosar og ført sine første lengre samtalar på russisk. Nokre veker før hadde nemleg styrar Jan Ivar Bjørnflaten gitt St. Petersburg kommune beskjed om at han gjerne ville ha asfaltert gata inn til senteret før den kongelege vitjinga. Eit par dagar før besøket, fekk han ein telefon frå kommunen med førespurnad om kva veg Kongen ville koma frå. Då Bjørnflaten ville vita kvifor dei informasjon om dette, fekk han til svar at dei berre ville asfaltera den delen av gata som Kongen skulle passera. Etter å ha konferert med sine medarbeidarar, kunne Bjørnflaten svara dei kommunale styresmaktene at av tryggingsomsyn så gjekk det ikkje an å opplysa om kva retning Kongen ville koma frå. Resultatet blei at heile gatestubben blei asfaltert eit par dagar før Kongen skulle opna Det norske universitetssenteret.

Universitetssamarbeid

Dette senteret er eit samarbeid mellom dei tre universiteta i Oslo, Bergen og Tromsø. Desse tre universiteta har i fellesskap finansiert senteret, medan Utanriksdepartementet løyvde ein million kroner til etableringa av senteret, som leiger lokale hos det norske firmaet Smiga i sentrum av St. Petersburg. I helsingstalen sin la styraren for senteret, Jan Ivar Bjørnflaten, stor vekt på det historiske sambandet mellom Russland og Noreg, frå vikingtida og fram til i dag. Han trekte fram Nils Olsen frå Stavanger, som etter kvart blei betre kjent som Cornelis Cruys.

- Denne nordmannen blei plukka opp av Peter den store i Nederland, som tok han med til Russland. Der utnemnde han Cornelis Cruys til admiral og gav han ei viktig rolle i oppbygginga av Den russiske marinen, sa Bjørnflaten, som trudde Det norske universitetssenteret kunne bli eit senter i Noregs samarbeid med Nordvest-Russland innanfor høgare utdanning.

Russlands møte med Vesten

Han la også stor vekt på den viktige rolla St. Petersburg har spela i Russlands kulturhistorie.

- Russlands møte med Vesten slo ut i full blomst i den kulturelle og vitskaplege aktiviteten som fann stad i dette landet i det 19. hundreåret. Det møtet fann i første rekkje stad i St. Petersburg som Russlands vindauge mot Vesten. No er me vitne til eit nytt møte mellom Russland og Vesten. Dersom norske forskarar gjennom Det norske universitetssenteret kunne spela ei rolle her, ville me kunne seia at hovudmålsetjinga bak etableringa av senteret var nådd, sa Bjørnflaten. Leiaren for Det Norske Universitetsrådet og rektor ved Universitetet i Oslo,. Lucy Smith, fylgde opp med å takka Utanriksdepartementet for generøs støtte til senteret.

-. Eg trur dei skal få sjå at det har vore ei god investering. No håpar eg at Utanriksdepartementet vil fylgja opp denne løyvinga, oppmoda Lucy Smith. Deretter fekk Hans Majestet Kong Harald ordet.

Møtestad

- Det norske universitetssenteret kan gjera det lettare for norske forskarar å knyta kontaktar med russiske forskingsmiljø, sa Kongen. Han viste til at med etableringa av dette senteret, er forholda lagt vel til rette for norske forskarar og studentar som ynskjer å nyttiggjera seg dei intellektuelle ressursane som Russland rår over.

- Dersom universitetssenteret på denne måten kan visa seg å bli ein møtestad for norske og russiske forskarar, vil eit hovudmål bak denne etableringa og samtidig eit viktig mål i norsk politikk overfor Russland, vera nådd, sa Kongen og ynskte dei tre norske universiteta og styrar Jan Ivar Bjørnflaten til lukke med Det norske universitetssenteret. Før han forlét lokala, fekk han sjå kontora og kjøkenet på senteret, dit han blei geleida av Bjørnflaten. På slaget ein halv time etter at han hadde kome, kom han ut av senteret, tok avskil med Bjørnflaten, og sette seg inn i ein svær, svart, russisk limousin. Bilen frakta han til flyplassen dit han skulle dra vidare til Murmansk saman med Dronning Sonja. Og naboane til Det norske universitetssenteret kan takka den norske kongen for at gata deira har blitt asfaltert.

Samarbeidsavtale

Senteret står no til disposisjon for alle forskarar, doktorgradsstudentar og hovudfagsstudentar som har behov for ein kontorplass medan dei samlar inn data i Russland. Senteret kan også formidla kontakt til fagpersonar ved Universitetet i St. Petersburg. Fruktene av dette materialiserte seg dagen etter opninga i underskrivinga av ein samarbeidsavtale mellom dei filologiske og orientalske fakulteta ved Universitetet i St. Petersburg og Det historisk-filosofiske fakultetet ved UiO.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 09 1998
Publisert 10. juni 1998 16:47 - Sist endra 1. sep. 2014 13:39
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere