Fem i farta

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 09 1998

Kva synest du om streiken til dei AF-organiserte ved UiO?

{short description of image}Anne Hetle, hovudfagsstudent i web-sosiologi

- Sjølv er eg ferdig med mine eksamenar, så difor har ikkje streiken råka meg direkte. Eg hadde nok vore meir oppteken av denne streiken, viss eg ikkje hadde kunna gått opp til eksamen som ein fylgje av at dei vitskapleg tilsette var i streik. Men eg støttar full og heilt opp om lønskravet til dei streikande.

{short description of image}Mesut Kasikci, driftsteknikar ved Teknisk avdeling, UiO

- Eg likar ikkje at dei har gått til streik. Men eg er heilt einig med dei i at dei som er lågast løna og slit mest her ved universitetet, treng høgare løn.

{short description of image}Edle Stang, kontorsjef ved Institutt for austeuropeiske og orientalske studiar

Eg synest det er greitt og forstår godt kvifor dei streikar. Dersom streiken fører fram, vil eg vera ein av dei som får nyta godt av resultatet.

{short description of image}Einar Bjorvand, førsteamanuensis i engelsk

- Eg meiner me har noko å streika for. Diverre trur eg ikkje streiken lenger har nokon hensikt, sidan LO klarte å lura med seg dei andre fagforeiningane til å godta tilbodet frå staten. Dersom AF no svarar med å ta ut nøkkelpersonell, vil svaret bli tvungen lønsnemd. Dermed vil lønsauka mi heilt sikkert bli mindre enn prisstiginga.

{short description of image}Janne Paulsen, kantineleiar ved personalkantina på HF

- Eg synest dei bør få høgare løn, så dei må berre stå på. I høve til kva andre har fått i årets lønsoppgjer, burde dei kanskje ha gitt seg no, men eg synest likevel det er tøft av dei å halda fram med streiken.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 09 1998
Publisert 10. juni 1998 16:47 - Sist endra 1. sep. 2014 13:39
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere