Biskop med arbeidshender

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 08 1998

Gunnar Stålsett:

- Eg vaska så mykje fisk i sjøen som gutunge at eg framleis får giktsmerter når eg stikk hendene ned i kaldt vatn. Det fortel nyordinert oslobisp, Gunnar Stålsett til Uniforum.

Av Martin Toft

{short description of image}FRIGJERINGSTEOLOGI OG NORDNORSK TRADISJON: Den norske kyrkja skal vera ei folkekyrkje, inspirert av latinamerikansk frigjeringsteologi og nordnorsk tradisjon, meiner nyordinert oslobisp, Gunnar Stålsett. (Foto: Kirsten Faustino)

Då rektor for Det praktisk-teologiske seminar ved Universitetet i Oslo, Gunnar Stålsett, blei utnemnt til ny oslobisp like før påske, førte det til krangel for open scene mellom sentrumsregjeringa sine to fremste kvinner, KrF-leiar Valgerd Svarstad Haugland og Sp-leiar Anne Enger Lahnstein. I tillegg gjekk både generalsekretær Karl Johan Hallaråker i Det Vestlandske Indremisjonsforbund og generalsekretær Anfinn Skaaheim i Det norske Lutherske Indremisjonsselskapet, sterkt ut mot avgjerda til regjeringa. Men hovudpersonen sjølv let seg ikkje uroa av desse protestane.

Lofotfisket

- Fleire andre indremisjonsfolk har ringt meg privat og fortalt meg at dei gir meg full støtte i embetet som biskop i Oslo, avslører Stålsett. Sjølv hadde han foreldre som vaks opp i det læstadianske miljøet i i Finnmark. I Nordkapp, Noregs nordlegaste kommune, tilbrakte Stålsett dei sju første leveåra sine. Seinare flytta familien til Gildeskål i Nordland, heimkommunen til salmediktaren og kyrkjeministeren Elias Blix. Stålsett var ikkje gamle karen før han måtte begynna å arbeida. For i Gildeskål måtte både barn og vaksne yta sitt når den viktigaste hendinga i året tok til: Lofotfisket.

- Då skøytene kom med skrei frå Lofoten, måtte både små og store delta i arbeidet på klippfiskberget. Me stod alle saman langs ein stor trebenk ute i sjøkanten for å vaska fisken, som ofte var større enn barna, rein for blod. Deretter slengte me fisken bakover mot klippfiskberget. Så blei den lagt i store stablar, før den blei heilt dekka med never, føreles Stålsett. I klippfisksesongen måtte han opp klokka seks om morgonen, og kom ofte ikkje heim før klokka ni om kvelden.

Buksene stod av seg sjølve

- Då stod ofte buksene av seg sjølve på grunn av all saltlaken som eg hadde fått på dei, minnest Stålsett. Han set stor pris på oppveksten i Gildeskål, sjølv om foreldra hans hadde så dårleg råd at alle dei åtte barna deira måtte arbeida i fritida for at familien skulle kunne betala utgiftene sine. Lærarløna til faren var ikkje stor nok til å brødfø heile familien.

- Det høgaste ynskjet til faren min var likevel at alle barna hans skulle få seg lærarutdanning. Han brukte alltid å seia til oss at "det ikke kommer til å være annet etter meg enn det at dere får utdanning". Denne lovnaden heldt han, og i mange år sendte han oss mykje meir pengar enn det han sjølv hadde i inntekt. Og seks av syskena mine blei lærarar. Eg var ein av dei som ikkje blei det, konstaterer han. Etter å ha tatt statsrealskulen på Leknes i Vestvågøy, drog han og broren til det private gymnaset på Nordfjordeid i Sogn og Fjordane.

Jobba seg heim

Dei var langt heimifrå, og dei hadde ikkje pengar til heimreisa då skuleåret var slutt. Men dei visste likevel råd.

- Me kom oss til Ålesund, gjekk om bord i Hurtigruta og spurte kapteinen om me kunne betala billetten til Bodø ved å vaska lugarane. Det gjekk han med på, og slik kom me oss heim, seier Stålsett, som er overtydd om at desse barndomsrøynslene også har vore med og forma han seinare i livet. Nordfjordeid blei også ein skiljeveg for Stålsett når det galdt yrkesval.

- I 1952 hadde Det norske Misjonsselskap ei utstilling der som heitte "Til jordens ender". Dette møtet med andre kulturar og kva kyrkja kan bety, gjorde eit overveldande inntrykk på meg. Difor skreiv eg til Misjonshøgsskulen i Stavanger for å høyra om eg kunne studera der. Akkurat den hausten tok dei diverre ikkje opp studentar, så difor søkte eg om opptak på Det teologiske fakultetet ved Universitetet i Oslo. Og der kom eg inn. Eit morosamt poeng er at då eg 10 år seinare endeleg kom til Misjonshøgskulen, så var det som lærar, smiler Stålsett. På Blindern var han med og omorgainserte ein norsk filial av den internasjonale studenthjelpeorganisasjonen "World University Service", ein organisasjon som seinare blei kjent under namnet SAIH eller Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond. Det politiske og internasjonale engasjementet blei vekt på Blindern, og det førte han inn i Senterpartiet der han til slutt hamna i leiarstolen. Etter fleire år som generalsekretær i Mellomkyrkjeleg Råd, vert han prost i Elverum og deretter generalsekretær i Det Norske Bibelselskap, før han blei tilsett som generalsekretær i Det Lutherske Verdsforbundet. Det var gjennom denne stillinga han kom i kontakt med dei kreftene som arbeidde for å få til fred i Guatemala.

Fredsprosessen i Guatemala

- Der var det mobiliseringa av det sivile samfunnet både nasjonalt og internasjonalt som førte til at fredsprosessen kom i gang, hugsar han. Og det var nettopp Guatemala som skulle bli dømet på kor viktig rolle dei kyrkjelege og andre frivillige organisasjonar kan spela for å få i gang ein fredsprosess. I 1989 sende Det Lutherske Verdsforbundet med støtte frå Vatikanet, ein delegasjon til Mellom-Amerika for å finna ut om dei militære og representantane for regjeringa i Guatemala, ville vera interesserte i å møta geriljarørsla URNG ansikt til ansikt. Dette aksepterte begge partar på vilkår av at Det Lutherske Verdsforbundet ville stå som vert for dette møtet.

- Me hadde valet mellom Tyskland og Noreg, men til slutt fann me ut at det ville vera lettast å få det til her i landet. Difor ringde eg til dåverande utanriksminister Kjell Magne Bondevik og hans personlege sekretær Knut Vollebæk. Dei lova at Utanriksdepartementet ville gi pengar til eit slikt møte og i tillegg syta for tryggleiken, fortel Stålsett. Representantane for dei stridande partane møttest ei stund etter i Heftye-villaen i Holmenkollen, der dei blei samde om eit dokument som la grunnlaget for den endelege fredsavtalen som blei underskriven seks år seinare.

- Seinare knytte me Kirkens Nødhjelps stadlege representant Petter Skauen til Det Lutherske Verdsforbundet. Og dette trekket var heilt avgjerande for at det skulle gå bra. Kirkens Nødhjelp blei også trekt direkte inn i fredsarbeidet, medan Det Lutherske Verdsforbundet betalte reiseutgiftene både for representantane for geriljaen og for dei militære og regjeringa, seier han, medan han understrekar at kyrkjene heile tida var ei ytre drivkraft i dette fredsarbeidet.

Rigoberta Menchú

Han er sikker på at avgjerda om å gi fredsprisen til Rigoberta Menchú i 1992, også har hatt mykje å seia for fredsprosessen i Guatemala.

- Ja, eg er overtydd om at ho var svært viktig for at me klarte å forhandla fram ein urfolksavtale som er blant dei beste i Latin-Amerika. Eit godt døme på at det har skjedd ei positiv utvikling i Guatemala sidan fredsavtalen blei underskriven i 1996, er det faktum at FN har stroke landet frå lista over dei landa i verda som er sterkast i søkjelyset når det gjeld brot på menneskerettane, forklarar Stålsett. Han er no oppteken av at det internasjonale samfunnet ikkje vender ryggen til Guatemala og trur at alle problema er løyste fordi om det er fred.

- Difor er det svært viktig at det blir innført både ei skattereform og ei landreform i Guatemala, konstaterer han. Når han no har blitt ordinert som biskop i Oslo, vil han også vera inspirert av inntrykk frå Latin-Amerika.

Frigjeringsteologi og nordnorsk tradisjon

- Eg er svært oppteken av at teologien skal koma nedifrå og at folks tru skal takast på alvor. Difor vil eg at Den norske kyrkja skal vera ei folkekyrkje, inspirert av lokal norsk tradisjon og den latinamerikanske frigjeringsteologien. Me må også vera medvitne om at Noreg har blitt eit fleirkulturelt samfunn og difor må me respektera minoritetane sine rettar her heime. Den norske staten og Statskyrkja har ofte vist ei meir open og meir økumenisk haldning i utlandet, meiner han.

- Og kva er så idealkyrkja til den nye oslobispen?

- Ei open og evangelisk folkekyrkje med tydeleg kristen identitet. Eg vil ha ei kyrkje som er meir oppteken av å byda folk inn til fellesskap enn å setja grenser. Dessutan vil eg ha inn igjen mysteridimensjonen i kyrkja som intellektualiseringa i stor grad har stengt vegen for. Folk kranglar mindre med Kristus enn med kyrkja, fastslår Gunnar Stålsett.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 08 1998
Publisert 28. mai 1998 08:05 - Sist endra 1. sep. 2014 13:39
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere