Ikkje effektivt nok

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 08 1998

Effektiviseringsprosjektet:

Effektiviseringsprosjektet har førebels ikkje lukkast i å endra forholdstalet mellom administrative og vitskaplege årsverk. Målet med å setja i gang prosjektet var å frigjera ressursar tilsvarande 90 årsverk, som skulle gå til forsking og undervisning ved UiO.

Av Martin Toft

{short description of image} IKKJE SLANK NOK ADMINISTRASJON: Effektiviseringsprosjektet har ikkje lukkast i å endra forholdstalet mellom administrative og vitskaplege årsverk ved UiO. (Montasje: Ståle Skogstad)

Det er konklusjonen i ein førebels statusrapport om fylgjene av Effektiviseringsprosjektet. I rapporten blir det likevel uttrykt håp om at dette kan endra seg etter kvart som delprosjekta blir sett i verk. Bakgrunnen for at det ikkje har skjedd endringar i forholdet mellom administrativt og vitskapleg tilsette, er at reduksjonane i talet på administrative årsverk må skje i tråd med Omstillingsavtalen ved Universitetet i Oslo. Avtalen inneber at ingen av dei universitetstilsette skal seiast opp som fylgje av omstillingsprosessar, og difor må reduksjonen i talet på administrative årsverk skje gjennom naturleg avgang, presiserer rapporten, som er underskriven av universitetsdirektør Tor Saglie og personaldirektør Grethe Fjeld Heltne. Det er også grunnen til at det no blir arbeidd med eit eige rapporteringssystem for reduksjonane, som blir sendt ut til fakulteta i løpet av neste månad.

Omorganisering av komitear

Når det gjeld dei enkelte delprosjekta, viser dette at avgjerda om å delegera saker frå vedtaksorgan til valt og administrativ leiar, framleis ikkje har blitt sett i verk av fakulteta. Dei har frist til 1. oktober med å utarbeida eigne reglar for praktisering av dei overordna retningslinjene. Kollegiet vedtok også å omorganisera alle dei kollegieoppnemnde komiteane. Statusrapporten viser at Effektiviseringsprosjektet lang på veg har lukkast i dette. Det har blitt oppretta eit eige styringsorgan for USIT med namnet Rådet for Universitetets senter for informasjonsteknologi, og nytt reglement for rådet er vedtatt av Kollegiet. Oppnemninga av medlemane i rådet er førebels under utarbeiding. Dessutan har det blitt utarbeidd nye reglement for Kollegiets komité for forskingspolitikk og forskarutdanning, Kollegiets komité for studium og internasjonalisering og Rådet for funksjonshemma studentar.

Samanslåing av tre fagavdelingar

Kollegiet vedtok også å slå saman Studieavdelinga, Forskingsadministrativ avdeling og Internasjonal avdeling. Det har blitt gjort, og alle dei tre fagavdelingane er no ein del av Studie- og forskingsadministrativ avdeling. Ein annan fylgje av dette er at Seksjon for funksjonshemma studentar ikkje lenger er ein eigen seksjon, men har blitt eit kontor under den nyoppretta seksjonen for læringsmiljø og studiekvalitet. Dette kontoret har teke tilbake det gamle namnet sitt, og heiter no Konsulenttenesta for funksjonshemma studentar. Dessutan har samtlege fakultet, etter pålegg frå Kollegiet, gjennomført evalueringar av utvalsstrukturen på fakultets- og instituttnivå. Denne gjennomgangen har ført til ein reduksjon av talet på utval og talet på medlemar i dei utvala som framleis eksisterer. Til saman medførte det ei innsparing i tidsbruk på fire årsverk for universitetet.

HMS og arkiva

Helse-, miljø- og sikringsfunksjonen er lagt til Organisasjons- og personalavdelinga og var mellombels organisert som eigen stabsfunksjon fram til 1. mars i år. Av andre viktige ting som skulle gjennomførast, nemner rapporten vedtaket om å slå saman hovudarkivet og personalarkivet. Førebels er hovudarkivet oppretta som eigen seksjon i Organisasjons- og personalavdelinga. Sjølve samanslåinga av dei to arkiva er utsett til årsskiftet fordi det må avklarast kva som bør arkiverast sentralt etter at personalfunksjonen er desentralisert.

IT og informasjon

Innanfor datatenesta har USIT vore i kontakt med fakulteta om ansvarsfordeling og organisering av IT-støtte. Resultatet har blitt eit notat om "Ansvars- og oppgavedeling knyttet til universitetets IT-organisasjon" som er sendt ut til alle fakulteta. Ei vidare standardisering av nettkomponentar, utstyr og programvare som skal brukast i UiOs nettverk, er gjennomført og eit notat om val av tekniske løysingar er utarbeidd. Elles har Kollegiets ynskje om å få gjort ein gjennomgang av informasjonsverksemda ved UiO, materialisert seg i ein sluttrapport som det ligg føre ein kortversjon av denne veka. Denne rapporten kjem med tilrådingar om korleis informasjonsverksemda best kan organiserast ved universitetet. Statusrapporten om Effektiviseringsprosjektet avslører også at det blir etablert ein felles skranke- og sentralbordteneste for alle avdelingar i Administrasjonsbygningen i 1. etasje i løpet av året.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 08 1998
Publisert 28. mai 1998 08:05 - Sist endra 1. sep. 2014 13:39
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere