Universiteta må skjera ned på fagtilbodet

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 08 1998

Dimensjoneringsmeldinga:

* Fleire studieplassar i informasjonsteknologi, medisin, psykologi og i praktisk-pedagogisk utdanning.
* Omdisponering av studieplassar frå jus, humaniora og samfunnsvitskaplege fag.

Av Martin Toft  

{short description of image}OVERVEKTIG: Universitetet i Oslo er for overvektig og er eitt av universiteta som truleg må redusera fagtilbodet dersom stortingsmeldinga om dimensjonering av høgare utdanning blir vedtatt av Stortinget. (Montasje: Ståle Skogstad)

Dette er dei viktigaste punkta i regjeringas stortingsmelding om dimensjonering av ulike studium innanfor høgare utdanning. Det er den store etterspurnaden etter IT-kandidatar og mangelen på legar og psykologar i det offentlege helse- og sosialvesenet som gjer at Regjeringa tilrår fleire studieplassar i desse faga. Den sterkt stigande gjennomsnittsalderen på lærarar i den vidaregåande skulen, gjer at det skal satsast enda sterkare på at fleire tar den praktisk-pedagogiske utdanninga ved universiteta. Meldinga opnar også for at fleire med cand.mag.-grad og praktisk-pedagogisk utdanning kan ta seg jobb i ungdomsskulen.

Medisin, odontologi og psykologi

Når det gjeld framlegget om å auka studieplassar på medisin, går regjeringa inn for at heile auken skal skje ved NTNU i Trondheim og ved Universitetet i Tromsø. Men når det gjeld tilrådinga om å auka talet på tannlegar, fastslår meldinga at verken Universitetet i Oslo eller Universitetet i Bergen har kapasitet til å auka talet på studieplassar. Difor foreslår regjeringa at auken i talet på tannlegar kan skje ved kjøp av studieplassar i utlandet. Auken i studieplassar i psykologi skal ikkje setjast i verk før Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet har drøfta saka nøye med universiteta.

IT-, allmennlærar- og helseutdanning

Innanfor IT-sektoren har regjeringa allereie i framlegget til revidert nasjonalbudsjett gått inn for å auka talet på studieplassar med 310. Dimensjoneringsmeldinga ser ikkje bort ifrå at målet kan vera å få til ein auke som inneber eit årleg opptak av rundt 670 studentar ved universiteta og høgskulane i Agder og Stavanger innan år 2001. Ein slik opptrappingsplan har allereie blitt tilrådd av Det norske universitetsråd. Regjeringa går også inn for å auka talet på studieplassar innan allmennlærarutdanning, farmasi, sjukepleie og vernepleie. Dessutan går Regjeringa inn for å laga ein oversikt over alle personar med utanlandsk bakgrunn som har høgare utdanning og som arbeider i Noreg. Det kan vera utanlandske statsborgarar, innvandrarar eller flyktningar. For at godkjenninga av utanlandsk utdanning skal gå raskare, har KUF styrka Informasjonssenter for internasjonal utdanning (NAIC) med to stillingar.

Kan bli oppseiingar

I meldinga er det også eit klart krav at både universiteta og høgskulane må omstilla seg og flytta ressursar frå eit fag til eit anna. Men det blir vist til at dette kan vera vanskeleg for mange av desse institusjonane fordi opptil 80 prosent av kostnadane er bundne opp i løn til fast tilsette. Likevel tilrår regjeringa ei omdisponering frå jus, humaniora og samfunnsvitskaplege fag til fag som det er større etterspurnad etter. Oppseiingar kan difor nyttast, i dei tilfella der ei utdanning, ei linje eller ein klasse blir lagt ned. Då kan ein nemleg bruka tenestemannslovas §10 nr 1 om oppseiing på grunn av bortfall av arbeid. Men meldinga meiner det vil vera meir å spara på å lata ledige stillingar stå tomme og ikkje fornya timelærarkontraktar.

Privatistordninga må endrast

Studie- og forskingsdirektør Toril Johansson ved UiO fryktar at tiltaka i denne meldinga kan få negative fylgjer for universitetet dersom dei blir sett i verk for fort.

- Det viktigaste for oss no, er likevel at det skjer noko med privatistordninga. Me forstår også at det er viktig for regjeringa å få studentar til høgskulane, men samstundes må den vera klar over at det er Universitetet i Oslo som får størst tilsig av nye studentar, og som også har minst kostnader med kvar student, understrekar Johansson, som støttar den sterke satsinga på IT- og helsefag som stortingsmeldinga legg opp til.

Distriktspolitikk

Leiaren for Studentparlamentet i Oslo, Bård Frydenlund er svært provosert av stortingsmeldinga om dimensjonering av høgare utdanning fordi den går inn for at opptaksreguleringa ved universiteta skal oppretthaldast sjølv om søkjartala går ned.

- Dette vil seia at adgangsregulering ikkje lenger er eit tiltak for å avhjelpa ressurssituasjonen ved utdanningsinstitusjonane, men blir brukt som eit distriktspolitisk verkemiddel, meiner Frydenlund.

 

HF legg ned fag

Semesteremna i frisisk, Beneluxstudiar og Dei tysktalande landa er lagde ned frå våren 1999. Det har styret for Det historisk-filosofiske fakultetet bestemt. Frå før har HF lagt ned semesteremnet Storbritannina etter 1945, medan semesteremnet Livssyn og etikk får redusert undervisning hausten 1998. Det vil seia at etikk/filosofi-delen av dette faget vil falla bort. Fakultetet reknar derimot med at etikk/filosofi-delen blir sett i gang igjen vårsemesteret 1999.

 


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 08 1998
Publisert 28. mai 1998 08:05 - Sist endra 1. sep. 2014 13:39
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere