Skuffa over revidert nasjonalbudsjett

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 08 1998

Økonomidirektør Nils Dugstad:

- Universiteta har blitt ofra som ein fylgje av forsøket på å kjøla ned den norske økonomien, meiner økonomidirektør Nils Dugstad ved UiO.

Av Martin Toft

Han er svært skuffa over regjeringas framlegg til revidert nasjonalbudsjett.

- Me hadde grunn til å håpa på meir etter dei mange positive signal me fekk før det reviderte nasjonalbudsjettet blei lagt fram, seier han. I det reviderte nasjonalbudsjettet gjer regjeringa framlegg om ei tiltakspakke til universitet og høgskular på til saman 40 millionar kroner for 1998. Pengane vil først og fremst gå til forskings- og utdanningstiltak innanfor medisin og informasjonsteknologi. Og berre framlegget om å oppretta 310 nye studieplassar i IT, fordelt med 90 studieplassar på høgare grad og 220 på lågare grad, får fylgjer for Universitetet i Oslo. Til no er det enno ikkje bestemt korleis desse studieplassane skal fordelast mellom utdanningsinstitusjonane. Elles tilrår regjeringa ei løyving på 2,5 millionar kroner til Universitetet i Bergen i samband med kostnader knytt til desentralisering av den kliniske praksisen for medisinarstudentar. Dessutan skal Universitetet i Tromsø få ei løyving på 4,5 millionar kroner til å halda oppe studiekapasiteten innanfor medisinutdanninga. Dette universitetet får ei løyving på 8,5 millionar kroner som skal øyremerkast til innkjøp av utstyr til Farmasibygget. Til slutt tilrår regjeringa at NTNU i Trondheim får ei løyving på 4,5 millionar til utstyrsinvesteringar ved medisinutdanninga. Desse tala viser altså at Universitetet i Oslo er det einaste av dei fire universiteta som ikkje er sett opp med serskilte løyvingar i framlegget til revidert nasjonalbudsjett.

 


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 08 1998
Publisert 28. mai 1998 08:05 - Sist endra 1. sep. 2014 13:39
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere