Har vi fått ein rektorkandidat?

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 07 1998

Dersom vi skal få ein universitetspolitisk valkamp, må kandidatane klargjere sitt syn på ei rad viktige spørsmål, skriver Magnus Rindal.

Det er rektorval ved universitetet vårt i haust. På rekkje og rad har Christian Hall, Knut Fægri og Kaare R. Norum erklært i Uniforum at dei ønskjer å bli rektor. Men, som Aanund Hylland har understreka, ingen er rektorkandidat før han eller ho er foreslått i samsvar med dei utfyllande reglane.

Norum har fått størst plass i Uniforum, og det kan vere interessant å sjå nærmare på hans standpunkt.

I intervjuet målber han i hovudsak generelle synspunkt, utan å gå særleg inn på dagsaktuelle tema. Dersom vi skal få ein universitetspolitisk valkamp, må kandidatane klargjere sitt syn på ei rad viktige spørsmål. Som eksempel kan eg nemne: UiOs profil og dimensjonering, intern budsjettfordeling, eksternfinansieringa, fagleg nysatsing eller konsolidering, musea, eigne forskingsbudsjett, Noregsnettet, likestilling, etter- og vidareutdanning, studiekvalitet, cand.mag.-graden, Effektiviseringsprosjektet, IT Fornebu.

Eg trur ikkje at UiO kan få gjennomslag i departementet eller ålmenta berre ved å argumentere for at forsking er viktig, eller ved å peike på at UiO er eldst, størst og best. Omverdas interesse for universiteta er slik no at vi må ha ein synleg politikk for korleis vi forvaltar ressursane våre.

I denne situasjonen er det naudsynt å ha ein rektor med eit politisk program, og eit kollegium som drøfter og tek avgjerder i saker som gjeld strategi og profil for institusjonen. Den viktigaste oppgåva for rektor vil då ikkje vere å "skjære igjennom" og "ta avgjørelser", men å leie og styre det strategiske arbeidet ved institusjonen, og deretter med styrke argumentere for UiOs interesser overfor omverda.

Før saker kjem til avgjerd i Kollegiet, vil institutta og fakulteta ha kome med sine synspunkt. Det må deretter vere Kollegiets plikt å gjere vedtak baserte på heilskapsvurderingar og ikkje på partsinteresser. Difor vil det etter mitt syn vere uheldig med ei arbeidsordning i Kollegiet der det enkelte kollegiemedlem skulle ha ansvaret for eit fakultet. Fakulteta kan dessutan i dag leggje fram sine syn på dei jamlege møta som leiinga har med dei.

Norum meiner at dagens kollegium er for anonymt, og at dette er ein grunn til at dekanane ser seg om etter ein rektor utanfor Kollegiet. Eg vurderer vinterens debattinnlegg i Uniforum slik at det er misnøye med det Kollegiet har gjort, ikkje med at Kollegiet har vore for anonymt. Eg tolkar dekanane slik at dei ønskjer eit kollegium som gjev større råderom for fakulteta.

Uniforum opplyser at Norum har brei støtte blant dekanane. I universitetsstrukturen representerer dekanane alle grupper ved sitt fakultet, både vitskapleg tilsette, teknisk og administrativt tilsette og studentar. Dersom dekanane fortolkar mandatet sitt slik når dei stør Norums kandidatur, kan rektorvalet sjå ut til å vere avgjort allereie no. Eg trur likevel at det til slutt vil vere fleire kandidatar enn Norum, og ikkje berre frå dei naturvitskapleg-medisinske fagområda.

Magnus Rindal
kollegiemedlem og professor ved Mellomaldersenteret

 

 


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 07 1998
Publisert 14. mai 1998 14:04 - Sist endra 1. sep. 2014 13:38
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere