Skuleleiarane spelar ei nøkkelrolle

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 07 1998

Palestinsk nasjonsbygging:

- Skuleleiarane i dei palestinske sjølvstyrte områda spelar ei nøkkelrolle i nasjonsbygginga, seier Sakeema Alayan som er direktør for etterutdanningsavdelinga til det palestinske utdanningsdepartementet.

Av Martin Toft

{short description of image}SKULELEIARKURS: Sakeena Alayan frå Det palestinske utdanningsdepartementet deltar denne veka på skuleleiarkurs ved UV-fakultetet.(Foto: Ståle Skogstad)

Denne veka deltar ho på eit kurs for palestinske skuleleiarar i regi av Institutt for lærarutdanning og skuleutvikling ved Universitetet i Oslo. Også Lærarforbundet og KUF deltar i dette leiaropplæringsprogrammet. Alayan fortel at det ikkje er enkelt å vera skuleleiar i dei palestinske områda.

- Skulane manglar ofte naudsynt utstyr. Det er ikkje nok datamaskinar, TV-apparat eller lysbileteframvisarar. Skulelaboratoria står ofte tomme. Heller ikkje dei hygieniske forholda er gode nok. Ved ein skule med 500 elevar var det ikkje fleire toalett enn det vanlegvis er ved ein skule med 100 elevar. I det heile tatt manglar skulane pengar. Likevel vil ikkje denne vanskelege situasjonen hindra oss i å gjera alt me kan for å gjera ting betre, understrekar ho. Også Universitetet i Bristol i Storbritannia ha deltatt i opplæringa av palestinske skuleleiar.

- Me ynskjer å få gode idear frå fleire stader slik at me kan finna ut kva me kan tilpassa best inn i vårt skulesystem, fortel ho. Alle dei palestinske skuleleiararane har til no gått gjennom eit 40 timar langt kurs i skuleleiing.

- Skuleleiarane er svært viktige fordi dei må prøva å innføra nye planar på ein varsam måte slik at lærarane kan godta dei. Difor må skuleleiaren ofte vera svært tolmodig for at dette skal gå bra. Det går ikkje an å leggja skjul på at skuleleiaren på denne måten også blir ein politisk leiar. Alle lærarane har ein høg moral, og dei er klar over at elevane vil bli offera dersom dei ikkje gjer ein god jobb, seier Alayan som er svært takksam for at Lærarforbundet og KUF har sett i gang dette kurstilbodet for dei. Men også UiO får ros.

- Ja, eg er djupt rørt over at både rektor Lucy Smith og dekan Lise Vislie ved Det utdanningsvitskaplege fakultetet deltok i opninga av dette kurset og viste at dei kunne så mykje om situasjonen i Palestina, fortel Sakeena Alayan.

 

 

 

 

I

 

 

-


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 07 1998
Publisert 14. mai 1998 14:04 - Sist endra 1. sep. 2014 13:38
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere