Dei som kom, dei som var og dei som kjem

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 07 1998

Har ikkje Noreg alltid vore eit innvandringsland? I kva grad blir dagens innvandrarspråk påverka av kontakten med det norske storsamfunnet? Desse to spørsmåla vil dei to store forskingsprosjekta Universitetet i Oslo har fått tildelt gjennom Noregs forskingsråds program for kulturstudiar gi svara på.

Av Martin Toft

Frå svenskar til pakistanarar

- Det er interessant å observera korleis dei svenske innvandrarane som kom til Noreg på byrjinga av dette hundreåret møtte mange av dei same negative haldningane som pakistanarane opplever i dag. Haldningar som mellom anna; "Dei kjem berre hit for å snylta på våre goder" Faktum var at mange av dei svenske innvandrarane var svært viktige for oppbygginga av den norske gruveindustrien.Det seier historieprofessor Knut Kjeldstadli som er prosjektleier for Norsk innvandringshistorie.

Med ei samla støtte på 2,4 millionar kroner frå Forskingsrådet og 800 000 frå stiftinga Fritt Ord skal han saman med sju andre forskarar skriva historia om norsk innvandring frå år 900 og fram til år 2000. Prosjektet vil både vera eit tradisjonelt forskingsprosjekt og eit studentforskingsprosjekt som skal danna utgangspunkt for 22 hovudfagsoppgåver.

 

Kva er det norske?

- Me vil sjå på forholda og møta mellom innvandrarane og den eksisterande "befolkninga", og visa korleis dette har endra både dei som kom og dei som har vore i landet heile tida. Enkelte av dei blir assimilerte, medan andre tar vare på sine særtrekk. Og eg vil gjerne understreka at det norske også har blitt forandra av dette møtet. I dette prosjektet vil me gjerne prøva å løysa opp, men ikkje oppløysa omgrepet norsk. Me vil visa at det norske ikkje har vore evig, men heile tida har forandra seg gjennom tid og gjennom innvandring, fortel Kjeldstadli.

Sluttresultatet skal bli eit trebindsverk om denne delen av norsk historie. Kjeldstadli listar opp fire hovudproblemstillingar som dei vil bruka som utgangspunkt for dette historieverket.

Innvandringspolitikk

- Først vil me ta utgangspunkt i innvandrarane sjølve og stilla oss dei heilt vanlege spørsmåla om kvar dei kom ifrå, kven dei var, kva som gjorde at dei drog og kvifor dei kom hit til Noreg. Deretter vil me sjå på kva politikk den norske staten førte overfor dei som kom hit. Korleis møtte staten innvandraren ved grensa? Kven slapp inn og kven fekk statsborgarskap? Denne politikken har nemleg variert ifrå full passfridom og fri tilgang til riket for alle mellom 1860 og 1901, og til innføringa av lova om innvandringsstopp frå 1975. Eit anna viktig poeng er kva innverknad statstypar som til dømes innføringa av den norske velferdsstaten har fått å seia for innvandringspolitikken. Då har det nemleg gitt fleire fordelar å vera medlem i denne velferdsstaten og difor har muligheten for å bli medlem også blitt gjort mykje vanskelegare, påpeikar Kjeldstadli. I tillegg vil forskarane også sjå på korleis dei som var i landet frå før reagerte på dei som kom, og dei vil undersøkja på kva måte innvandrarane har deltatt i samfunnet.

- Eit av måla våre er at me skal klara å endra innhaldet i den nasjonale auraen som har eksistert rundt historiefaget i Noreg, forklarar historieprofessoren. Han vi også ha svar på korleis innvandrarane har blitt ein spegel for det å vera norsk og korleis det har fungert som ein ny-definisjon av dem omgrepet av dei som alltid har vore i landet.

- Me vil gjerne visa at Noreg også var eit innvandrarland før. Difor håpar me at Norsk innvandringshistorie kan fungera som eit referansepunkt for dagens innvandrargrupper, understrekar Kjeldstadli.

{short description of image}

VERDA PÅ GRØNLAND: På Grønland Torg møtest nordmenn og innvandrarar frå alle verdshjørner. (Foto: Ståle Skogstad)

{short description of image}

FLYKTA FRÅ REVOLUSJONEN: Ein russar som hadde flykta frå Den russiske revolusjonen i 1917 i trygg forvaring på Granlien pensjonat på Helgøya i Mjøsa. (Foto: Frå Flykningerådets 50 års-jubileumsbok)

 

{short description of image}

DEI EVIG FORFYLGDE: Ein taterfamilie på reisefot rundt hundreårsskiftet. Dette var ei av dei folkegruppene som lenge ikkje blei rekna som ein del av nasjonen Noreg (Foto: Aschehougs Norgeshistorie)

 

{short description of image}

FLYKTNINGAR FRÅ AFRIKA: Den første gruppa med uganda-asiatiske flyktningar landa i Noreg i 1972. (Foto: Flykningerådets 50 års-jubileumsbok)

 

Dette er Norsk innvandringshistorie:

Bind I (900 – 1814)

Forfattarar: Arkivar Erik Opsahl, Riksarkivet
Professor Sølvi Sogner, UiO

Bind II (1814 – 1940)

Forfattarar: Professor Einar Niemi, UiTø
Professor Jon Eivind Myhre, UiO
Professor Knut Kjeldstadli, UiO

Bind III (1940 – 2000)

Forfattarar: Professor Hallvard Tjelmeland, UiTøForskingsleiar Grethe Brochmann, Institutt for samfunnsforsking
Tidlegare forskingsleiar Aud Korbøl ved Forskingsrådets program Internasjonal Migrasjon og Etniske Relasjonar (IMER),deltar også i dette prosjektet.

 

Når kulturar og språk møtest

{short description of image}
SPRÅK ER KULTUR: På Grønland finn ein norskspråklege skilt side om side med skilt på asiatiske språk.

- Me er spesielt interesserte i å forska på den filippinske innvandrargruppa fordi dei er så lite synlege i høve til innvandrarar frå andre delar av verda. Hovudgrunnen til dette er truleg at det aldri er noko problem med dei. Difor høyrer me så sjeldan om dei i massemediene, trass i at dei utgjer 8000 personar. Dessutan ynskjer me å rokka ved biletet om at ein innvandrar alltid skal vera pakistanar og muslim. Filippinarane er jo stort sett katolikkar, fortel professor i norsk som andrespråk ved UiO, Anne Hvenekilde. Ho leiar forskingsprosjektet Kultur og språkkontakt som nyleg fekk 5, 5 millionar kroner frå Noregs forskingsråd for å kasta lys over dei kulturelle og språklege prosessane som er ein fylgje av kontakten mellom kulturen og språket til majoriteten og til dei innvandrande minoritetane i Noreg i dag. Prosjektet skal konsentrera seg om tre hovudemne. Korleis det fleirspåklege utspelar seg i samfunnet, identitetsforvaltinga og kulturskapinga til dei unge innvandrarane og korleis den medbrakte kulturen til innvandrarane blir endra i det nye samfunnet.

 

Filippinarar

- Me skal granska det fleirspråklege gjennom å studera forholdet mellom sosiale nettverk og språkval, fortel Hvenekilde. Førsteamanunensis Elisabeth Lanza, professor Anne Hvenekilde og stipendiat Bente Ailin Svendsen skal finna det ut gjennom ein studie av språkbruk, sosialt nettverk og norskkunnskapar blant filippinarar i Oslo.

- No håpar me at det skal bli mogleg å få vita meir om korleis det fleirspråklege utviklar seg gjennom fleirkulturelle nettverk. Då skal me også finna ein del av svaret på korleis dei fleirkulturelle nettverka påverkar språkval og språkkompetanse blant innvandrargrupper i Noreg, Det andre hovudfeltet til prosjektet er altså knytt til kulturell identitet og kulturskaping.

 

Musikk som identitetsskapar

- Det er spesielt spennande å fylgja språk og kulturtilknytinga og utviklinga hjå den generasjonen som veks opp her i landet. Dei er nemleg påvirka både av kulturen til foreldra og det norske miljøet. Difor må dei finna sin eigen veg og skapa nye kulturuttrykk som slett ikkje treng vera ei blanding av kultura til foreldra og det norske miljøet, men noko heilt nytt, understrekar ho. Stipendiat Jan Sverre Knudsen ved Institutt for musikk og teater skal granska dette ved å sjå på korleis unge innvandrarar brukar musikk for å skapa seg ein felles identitet. Førsteamanuensis Ingeborg Kongslien skal forska på innvandrarlitteratur skrive på norsk for å finna svaret på korleis forfattarane brukar skjønnlitteraturen til å uttrykkja den kulturelle ståstaden sin. Når det gjeldt punktet om korleis innvandrarane sin medbrakte kultur blir endra i det nye samfunnet, vil professor Saphinaz Amal Naguib ved Institutt for kulturstudiar ta føre seg korleis biletforbodet i islam blir tolka annleis i moskear i Noreg i høve til moskear i islamske land.

- Gjennom dette forskingsprosjektet håpar me at me kan læra å forstå meir av kulturelle prosessar og samstundes gi oss nordmenn auka kunnskap om oss sjølve, seier Anne Hvenekilde som er Noregs einaste professor i norsk som andrespråk.

Delprosjekta i "Kultur og språkkontakt":

Anne Golden: Forståelse og bruk av metaforer som er vanlige i lærebøker, hos elever fra språklige minoriteter.


Elizabeth Lanza og Anne Hvenekilde: Language Choice and Social Network in the Filipino Community in Oslo.


Bente Ailin Svendsen: Språkbruk, sosialt nettverk og muntlige norskferdigheter i fire familier med filippinsk bakgrunn i Oslo.


Saphinaz Amal Naguib: The Iconography of Sacred Places: Mosques in Norway.


Ingeborg Kongslien: Innvandrarlitteratur i Noreg


Jan Sverre Knudsen: Identitetsutvikling blant unge innvandrere gjennom musikalsk samhandling.


Hanne Skaaden: Språklig og kulturell formidling gjennom tolk.

 


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 07 1998
Publisert 14. mai 1998 14:04 - Sist endra 1. sep. 2014 13:38
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere