Streik kan råka UiO

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 07 1998

Det kan bli streik ved Universitetet i Oslo frå 28. mai. Dersom meklingsforsøka mellom Akademikernes Fellesorganisasjon og staten ikkje har ført fram til då, vil Forskarforbundet sine medlemar ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet og Det utdanningsvitskaplege fakultetet leggja ned arbeidet.

Av Martin Toft

{short description of image}VIL STREIKA: Førsteamanuensis Arne B. Sletsjøe meiner streik kan vera eit godt våpen for å få staten til å gi akademikarane høgare løn. (Foto: Kirsten Faustino)

Ein av dei som må leggja ned arbeidet i tilfelle det blir streik, er førsteamanuensis Arne B. Sletsjøe.

- Det er sjølvsagt ikkje noko mål i seg sjølv å streika, men det er det beste våpenet me har til å setja søkjelyset på det dårlege lønsnivået til offentleg tilsette akademikarar. Det får jo fylgjer både for rekrutteringa til desse stillingane som i sin tur vil gå utover resten av samfunnet. No når den norske økonomien går så godt og fleire yrkesgrupper innan privat sektor har kome svært godt ut av sine oppgjer, er det på tide at også dei offentleg tilsette får ein solid pott, meiner han. Difor meiner han at Forskarforbundet må nytta seg av høvet til å visa denne lønsutviklinga.

- Det er viktig at Forskarforbundet tar ansvar og fortel styresmaktene at dette ikkje går lenger, og i lengda vil gå utover rekrutteringa til svært viktige offentlege stillingar. Mange vil sikkert seia at ein streik vil gå utover studentane, men i lengda ville jo situasjonen bli betre både for dei, for oss og for heile samfunnet, viss me får innfridd kravet om ein skikkeleg lønsauke for akademikarar, trur Sletsjøe. Han er overtydd om at nedgangen i søkjartala til viktige utdanningsinstitusjonar er ein fylgje av dei dårlege lønsvilkåra.

- Det er ikkje rart om det blir nedgang i søkjartala til lærarhøgskulane og universiteta, når ein reknar ut kva ein vil tena som ferdigutdanna. Staten gjer seg sjølv ei bjørneteneste ved ikkje å gi desse gruppene ei skikkeleg løn, slår Sletsjøe fast. Ein streik vil råka 3000 eksamenskandidatar ved MN-fakultetet og 850 ved UV-fakultetet, skriv Universitas. Tenestemannslaget ved UiO og LUHF- Oslo (Landsforbund for Universitets-, Høgskule- og Forskingspersonell) vil ikkje ta ut sine medlemar ved universitetet i streik i første omgang. Det vil i tilfelle skje dersom det blir ei opptrapping av ein eventuell streik.

 

 

 

 


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 07 1998
Publisert 14. mai 1998 14:04 - Sist endra 1. sep. 2014 13:38
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere