Kongeleg opning i St. Petersburg

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 07 1998

Det norske universitetssenteret i St. Petersburg blir høgtideleg opna av H.M. kong Harald torsdag den 28. mai. Det opplyser styrar for senteret, professor i slaviske språk, Jan Ivar Bjørnflaten til Uniforum.

Av Martin Toft

{short description of image}KONGELEG OPNING: Dagleg leiar for Det norske universitetssenteret i St. Petersburg, Jan Ivar Bjørnflaten inviterer til kongeleg opning av senteret torsdag den 28. mai. (Foto: Ståle Skogstad)

Senteret som er eit samarbeidsprosjekt mellom universiteta i Tromsø, Bergen og Oslo, skal bli eit senter for norske forskarar og studentar som treng ein opphaldsstad i samband med innsamling av data til forskingsoppgåver i den gamle russiske hovudstaden. Men det skal også bli ein møtestad for norske og russiske forskarar.

- Ja, like etter at senteret er opna, skal det vera vertskap for ein større akademisk konferanse om den norske admiralen Cornelis Cruys som virka i Russland fram til han døydde i 1727. Og i neste månad skal me ha eit seminar i vitskapsteori med professor Nils Roll-Hansen som seminarleiar, medan universitetssenteret til hausten blir sete for eit seminar om språkvitskap i samarbeid med Universitetet i Bochum i Tyskland. Dessutan vil det HF-støtta prosjektet "Språkmøte" halda ein konferanse i oktober, fortel Bjørnflaten. No håpar han at senteret skal få enda meir støtte frå Sentral- og Aust-Europaprogrammet til Det norske Universitetsrådet. I fjor fekk senteret ein øyremerka million frå Utanriksdepartementet frå dette programmet.

- Ein liknande sum i år, ville verkeleg sikra drifta og leggja forholda skikkeleg til rette for fagleg samarbeid med russiske forskingsmiljø, meiner Bjørnflaten som oppmodar alle forskarar innanfor alle relevante fag til å nytta seg av Det norske universitetssenteret i St. Petersburg. Også utanriksminister Knut Vollebæk og Noregs Moskva-ambassadør vil vera til stades under opninga om to veker.

 

 


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 07 1998
Publisert 14. mai 1998 14:04 - Sist endra 1. sep. 2014 13:38
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere