<font face="Concorde BE Regular" size="5" color="#0000ff"></font>

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 07 1998

Frå Senter for multimedieforsking til

InterMedia@Universitetet i Oslo blir namnet på det planlagde senteret som tidlegare har gått under namna Senter for multimedieforsking og IKT-senteret.

Av Martin Toft

{short description of image}INTER MEDIA: Fagleg leiar Knut Lundby oppmodar til tverrfakultært samarbeid ved Inter Media som tidlegare var kjent som Senter for Multimedieforsking. (Foto: Ståle Skogstad)

- Det har vore ein svært vanskeleg namneprosess. Ja, det kan mest samanliknast med å driva leirdueskyting. For ikkje berre skal det treffa dagens situasjon, men det skal også fanga inn framtida og framtidas medier. Namnet skal heller ikkje berre peika på teknologi, men også på innhald. Men til slutt blei eit samrøystes styre samde om namnet InterMedia@Universitetet i Oslo, fortel fagleg leiar for det nye senteret, Knut Lundby. Senteret vil etter planen få lokale i Forskingsparken saman med Institutt for medier og kommunikasjon og delar av Institutt for informatikk. Leigeavtalen skal handsamast av Kollegiet den 26. mai.

Tverrfaglege utfordringar

- Me har nettopp fått melding frå KUF om at dei seier prinsipielt ja til leigeavtalen i Forskingsparken etter at det andre byggjetrinnet er ferdig der. Men departementet stiller ein del spørsmål og vilkår. Når Kollegiet har gjort vedtak i saka, går avtalen tilbake til KUF som så skal gi endeleg klarsignal. Først då kan bygginga koma i gang, opplyser han til Uniforum. Den største utfordringa han ser for senteret no, er få til eit samarbeid mellom fakulteta slik at dei kan bruka senteret til å møta tverrfaglege oppgåver.

- Det finst gode fagmiljø, både innanfor informasjonsteknologi og nye medier ved UiO. Men universitetet møter stadig nye utfordringar frå den nye kommunikasjonsteknologien, som ikkje berre kan løysast av eitt miljø. Her kan me koma inn og ta på oss ansvaret for tverrfaglege forskingsoppgåver som UiO får frå til dømes Forskingsrådet. Ja, eg ser for meg eit nært samarbeid med Avdeling for forvaltingsinformatikk og Senter for teknologi og menneskelege verdiar. InterMedia kan også vera med på å bringa vidare aktiviterar og nettverk som blir bygde opp under UiOs innsatsområde Komununikasjon, teknologi og kultur (KTK).Det er viktig at alle desse sentra får ei god samarbeidsform seg imellom slik at UiO får eit godt grep om dei utfordringane som informasjons- og kommunikasjonsteknologien skapar, understrekar Lundby.  

IT Fornebu

Dersom IT Fornebu blir realisert kan InterMedia tena som UiOs heimebase i møte med det miljøet.

- Der kan me koma inn med kritisk tenkjing om dei teknologiske endringane som skjer. For senteret skal først og fremst fungera som eit forskingssenter i tverrfaglege prosjekt med både interne og eksterne forskarar. Me skal ha plass til om lag 10 doktorgrads- og 10 hovudfagsstudentar som sjølvsagt skal få graden sin frå det fagmiljøet dei tilhøyrer, fortel han. Også AV-senteret til UiO, TV-avdelinga til Institutt for spesialpedagogikk og Mediekultur/TV-Forum ved USIT skal leggjast til Inter Media frå 1. juli.. Og senteret skal finansierast med ei grunnløyving frå UiO og med pengar frå eksterne kjelder.

 


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 07 1998
Publisert 14. mai 1998 14:04 - Sist endra 1. sep. 2014 13:38
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere