Notiser

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 06 1998

Rindal leder i norgesnettrådet

{short description of image}LEDER: Magnus Rindal skal lede Norgesnettrådet.

Professor Magnus Rindal ved UiOs middelaldersenter er blitt den første leder for Norgesnettrådet. Rådet ble oppnevnt i statsråd fredag 17. april, og skal være rådgivende for Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet når det gjelder den langsiktige utviklingen av høyere utdanning i Norge. Norgesnettrådet skal blant annet gi råd om problemstillinger knyttet til Norgesnettet, et nettverk av de norske høyere utdanningsinstitusjonene der de forskjellige universiteter og høgskoler spesialiserer seg på ulike fagfelt.

Bibliotekbrukere kartlegges

Neste år åpnes biblioteket for humaniora og samfunnsvitenskapene ved det nye Universitetsbiblioteket, og i forbindelse med dette er det satt i gang en brukerundersøkelse blant de vitenskapelig ansatte ved Det historisk-filosofiske fakultet, Det samfunnsvitenskapelige fakultet, Det teologiske fakultet og Det utdanningsvitenskapelige fakultet. Hensikten med undersøkelsen er å kartlegge bruken av og synspunktene på bibliotektjenestene slik de er idag, og hvilke forventninger som stilles til det nye biblioteket. Undersøkelsen foretas på oppdrag fra bibliotekdirektøren og utføres av Anette Breder Koch ved Fakultetsbiblioteket SV, og Berit Timm Marcussen,ved Fakultetsbiblioteket HF.

15 IT-plassar til UiO

Kyrkje- utdannings- og forskingsdepartementet har tildelt 15 nye studieplassar innan informasjonsteknologi (IT) til Universitetet i Oslo. NTNU i Trondheim får også 15 nye studieplassar innanfor IT, medan Universitetet i Bergen får 10. Statsråd Jon Lilletun forklarar dette med at regjeringa no held på å få til eit løft innan utdanningar der det er dokumenterte behov.

Urneval for studentane

Studentane skal delta i valet på rektor og prorektor ved urneval. Det vedtok Kollegiet denne veka. Argumentet mot å gjennomføra valet ved postval for studentane, var at det ville gi for mykje meirarbeid for administrasjonen. Dessutan har heller ikkje UiO røynsle i å gjennomføra eit studentval som postval. Alle studentar ved universitetet har røysterett under valet på rektor og prorektor den 12. oktober.

Tibet- og buddhist-studier utsett

Det blir førebels ikkje oppretta eit mastergradsprogram i Tibetan and Buddhist Studies under graden Master of Philosophy ved UiO. Kollegiet har nemleg vedtatt å senda framlegget tilbake til Det historisk-filosofiske fakultetet for ei nærare utgreiing av det faglege innhaldet og omfanget av studietilbodet. Kollegiet ynskjer også å vita meir om økonomien rundt prosjektet. Etter planen skulle dette mastergradsprogrammet ha starta opp den 15. august i år og ta opp fem studentar kvart studieår.

Nytt mastergradsprogram

Kollegiet har vedtatt å slutta seg til framlegget frå Det medisinske fakultet om å oppretta eit mastergradsprogram i International Community Health under graden Master of Philosophy frå 1. august i år. Mastergradsprogrammet skal ha plass til 15 studentar. Framlegget skal no sendast vidare til Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet. Kollegiet set som vilkår for at programmet skal setjast i gang at det blir gitt ekstern finansiering.

Høgskuleingeniørar til UiO

Høgskuleingeniørar i informatikk skal få høve til å ta eit to år langt hovudfagsstudium som leiar fram til tittelen cand.scient. eller sivilingeniør ved Institutt for informatikk. Det vedtok Kollegiet denne veka. Av det totale talet på 152 hovudfagsstudentar kjem det til å bli fastsett ein kvote på minst 15 studieplassar for høgskuleingeniørar. Ein av studentrepresentantane i Kollegiet gjekk sterkt imot at det blei sett ein kvote på kor mange studieplassar som skulle reserverast for høgskuleingeniørar.

 Arne Næss til UiO

Arne Næss deltar i samtale med Fredrik W. Thue, forfatter av boken Empirisime og demokrati. Norsk samfunnsforskning som etterkrigsprosjekt, i auditorium 1, Helga Engs hus på Blindern, fredag 8. mai kl. 1400.

Senter for Ibsenstudiar får åtte millionar kroner

Anders Jahres Humanitære Stiftelse har vedtatt å gi åtte millionar kroner til oppussing og restaurering av Observatoriebygningen til Universitetet i Oslo slik at den kan bli tatt i bruk av Senter for Ibsenstudiar. Føresetnaden for donasjonen er at byggjearbeidet blir sett i gang frå 1. januar neste år og at planlegginga blir sett i verk straks. Stiftinga legg til grunn at parkområdet mellom Universitetsbiblioteket og Observatoriebygningen også blir rusta opp, og stiftinga er open for å lata ein mindre del av Observatoriebygningen bli eit museum for den tidlegare forskingsverksemda i bygningen.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 06 1998
Publisert 30. apr. 1998 17:51 - Sist endra 1. sep. 2014 13:38
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere