Brubyggjaren mellom UiO og statsforvaltinga

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 06 1998

Partnarforum:

- Byråkratane i statsforvaltinga er svært interesserte i å oppdatera seg på alt som skjer på forskingsfronten. Då er det mi oppgåve å skaffa dei forskarar frå Universitetet som kan formidla denne kunnskapen til dei.

Av Martin Toft

{short description of image}FORMIDLAREN: Koordinator Kathrine Myhre i Partnarforum formidlar kontakt mellom forskarar på UiO og byråkratane i statsforvaltinga. (Foto: Kirsten Faustino)

Det seier koordinator Kathrine Myhre i Partnarforum som er eit samarbeidsprosjekt mellom Universitetet i Oslo, Handelshøyskolen BI og førebels ni statlege forvaltingsorgan. Finansieringa skjer ved at dei statlege partnarane betalar ein årleg medlemskontingent på 75 000 kroner i året. Ved UiO er Partnarforum organisert under Studie- og forskingsadministrativ avdeling.

- I stor grad skjer denne kontakten gjennom fellesseminar, kurs, førelesingar og temamøte. Og denne kontakten er nyttig både for forskarane og byråkratane, meiner Myhre.

Føreles for byråkratar

- Tilbakemeldingane me har fått, viser at forskarane synest det er spennande å kunna formidla informasjon om forsking til byråkratar som i stor grad sit og påverkar den politiske dagsordenen. Samstundes synest byråkratane det er viktig at dei kan auka kunnskapsmengda si slik at dei kan gi gode råd til den politiske leiinga før dei skal ta ei avgjerd, seier ho. Det er heller ikkje noko stort problem å få tak i forskarar som er viljuge til å halda førelesingar for byråkratane.

- Nei, dei fleste forskarane synest det er fint at dei får eit slikt høve til å visa seg fram og formidla den forskinga dei held på med til andre. Dermed kan dei også setja forskinga inn i ein større samfunnsmessig samanheng og visa at forskinga verkeleg er til nytte for samfunnet. Ikkje minst for dei som driv med grunnforsking er dette viktig, understrekar Myhre.

Samfinansiering

Ho ynskjer også å stimulera til samfinansiering mellom UiO og forvaltinga.

- Dette kan både vera prosjekt som forskaren interesserer seg for på grunn av aktualitet, og reine grunnforskingsprosjekt som samfinansiering av ein doktorstipendiatstilling, seier ho. Og det er slett ikkje berre forskarar frå Det samfunnsvitskaplege fakultetet som får spørsmål om å vera foredragshaldar.

- Nei, forskarane som deltar på seminara til Partnarforum kjem frå mest alle fakulteta ved UiO. Det viktigaste kriteriet for at forskarane skal bli inviterte til å halda eit foredrag, er sjølvsagt at dei har noko viktig å formidla til byråkratane i den statlege forvaltinga, slår ho fast.

Etterutdanning

Partnarforum formidlar også etter- og vidareutdanningstilbod ved UiO og BI og er med på å leggja til rette for etter- og vidareutdanning av tilsette hos medlemane sine.

- Difor samarbeider me sjølvsagt tett med Seksjon for vidare- og etterutdanning og fjernundervisning (UNIVETT) ved UiO. Me skaffar dei først og fremst gode kontaktar, fortel Myhre. Og Partnarforum satsar på å vera aktuell. Det neste seminaret dei skipar til, skal handla om offentlegdom i forvaltinga. Det skjer under ein månad etter at regjeringa har lagt fram ei stortingsmelding om nettopp dette temaet.

- Eg vil gjerne be alle forskarar som held på med spennande forskingsresultat eller sit på interessante forskingsresultat om å ta kontakt med oss slik at me kan formidla kontakt vidare til våre samarbeidspartnarar, oppfordrar Kathrine Myhre.

 


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 06 1998
Publisert 30. apr. 1998 17:51 - Sist endra 1. sep. 2014 13:37
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere