Lønsam etterutdanning

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 06 1998

Etter- og vidareutdanning er lønsamt. Det viser ingeniørkursa som Det medisinske fakultetet held i samarbeid med Opplæringsavdelinga og med Høgskulen i Oslo.

Av Martin Toft

{short description of image}LØNSAME KURS: Opplæringsleiar Inger Røkkum (til venstre) er svært nøgd med ingeniørkursa til avdelingsingeniør Maje Siebke. Kvart år gir dei eit overskot som blir brukt som reisestipend for UiOs ingeniørar. ( Foto: Kirsten Faustino)

Overskotet frå desse kursa går til eit fond som i år deler ut reisestipend for 150 000 kroner til ingeniørar ved UiO. Pengane skal brukast til å dra på kongressar eller møte i utlandet.

- Årsaka til at dei kursa me arrangerer for ingeniørar innan dei biomedisinske fagfelta går med overskot, er at halvparten av plassane på kurset er reserverte for eksterne deltakarar. Arbeidsgjevaren deira må betala mellom 5000 og 6000 kroner i kursavgift for kvar deltakar, medan dei tilsette ved UiO berre betalar eksamensavgifta på 600 kroner. Det seier avdelingsingeniør Maje Siebke ved Det medisinske fakultetet. Ho er både initiativtakar til desse kursa og kursleiar.

900 deltatt

Sidan ho starta opp kursa for 10 år sidan har til saman 900 personar deltatt.

- På den tida var det ikkje etterutdanningskurs for ingeniørar innan dette fagfeltet ved universitetet. Kursa fekk den gongen ei blanda mottaking i dei ulike universitetsmiljøa. Maje Siebke ynskjer å framheva den naudsynte og positive støtta ho frå første stund fekk av professor i fysiologi Jens Gustav Iversen. Han har vore fagleg ansvarleg for kursa.

Gir vekttal

- Dette semesteret held me kurs i immunologi. . Det var så stor pågang på dette kurset at me måtte kjøra to kurs fortløpande. Førelesarane stilte likevel sporty opp også på ekstrakurset. Til hausten vil me også setja i gang eit fysiologikurs. Takka vera samarbeidet me har med Høgskulen i Oslo gir dei to første kursa to vekttal, medan det siste kurset skal gi tre vekttal. (Når det gjeld dei eksterne deltakarane, kjem dei hovudsakleg frå andre forskingsinstitusjonar og farmasøytiske firma.

- Men korleis klarer de å få kursa til å gå med overskot?

- Me held utgiftene nede på grunn av at me har gratis kurslokale her på Preklinisk institutt ved Det medisinske fakultetet. Dessutan et me heller ikkje opp pengane ved å servera kaffi og tebrød, smiler Siebke. Også opplæringleiar Inger Røkkum ved UiO er strålande nøgd med kursa til Maje Siebke.

Skaper nettverk

- Her får UiO eit veldig bra kurs for ingeniørane sine heilt gratis. Dermed slepp me å senda folk på dyre kurs utanfor institusjonen. I tillegg er dei enda betre kvalifiserte etterpå. Det er viktig for universitetet å ha gode ingeniørar med spesialkunnskapar innanfor dei forskingsområda der dei arbeider. Dessutan er desse kursa også viktige fordi dei skaper nettverk mellom ingeniørar innanfor og utanfor universitetet, understrekar ho. Førelesarane på kursa har som regel vore professorar i medisin med ein del unnatak. Men også pos.doc.stipendiatar, doktorgradsstudentar og hovudfagstudentar har deltatt som kollokvieleiarar på desse kursa.

- Eg er imponert over kor positive vitskapsfolka har vore til å ta denne oppgåva seriøst, og dei har alltid gitt gode og grundig førebudde førelesingar, seier Siebke. Ho får i dag frikjøpt 20 prosent av den faste stillinga si som avdelingsingeniør til å jobba med desse etterutdanningskursa.

- Ja, fysiologiprofessor Haakon B. Benestad har vore ein svært raus sjef som har late meg halda på med desse kursa. Eg må dessutan presisera at eg ikkje gjer det av plikt, men av engasjement for at ingeniørar innanfor det biomedisinske fagfeltet heile tida skal vera fagleg oppdaterte, forklarar Siebke. Kursoverskotet går altså til reisestipend for UiOs eigne ingeniørar. Dette semesteret søkte 15 personar og åtte av dei fekk tildelt reisestipend for til saman 75 000 kroner.

- Dette er eit godt døme på at etterutdanning løner seg, konstaterer opplæringsleiar Inger Røkkum.

 

 


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 06 1998
Publisert 30. apr. 1998 17:51 - Sist endra 1. sep. 2014 13:37
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere