Fem i farta

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 06 1998

Har du brukt UiOs seminarstader?

{short description of image}Jens Braarvig, professor i religionshistorie:

- Ja, eg har vore på Isegran i Fredrikstad der eg har halde kurs for hovudfagsstudentar. Dessutan har eg vore på Baroniet Rosendal som er ein nydeleg stad.

{short description of image}Nina Kristiansen, Dokumentasjonsprosjektet

- Eg har vore på datakurs på Kringsjå Kurssenter. Det var heilt ålreit. For meg er innhaldet i kurset det viktigaste og ikkje kursstaden. Men dersom eg drar på seminar med jobben, blir sjølvsagt miljøet rundt seminarstaden mykje viktigare.

{short description of image}Fridtjof Sandring, grunnfagsstudent i samfunnsgeografi

- Nei, eg har ikkje vore på nokon av seminarstadene til universitetet. Eg har aldri høyrt om Isegran i Fredrikstad, men Baroniet Rosendal har eg sjølvsagt høyrt om. På neste vestlandstur kjem eg nok til å dra dit.

{short description of image}Kristian Ranestad, førsteamanuensis i matematikk

Eg har vore på Baroniet Rosendal, men det var ikkje som kursdeltakar, derimot som turist. Dei andre seminarstadene har eg ikkje besøkt.

{short description of image}

Elisabeth Husby, hovudfagsstudent i matematikk

- Ja, eg har vore på feltkurs i biologi på Finse og då var me også ein tur innom forskingsstasjonen til UiO. Men sidan den var under ombygging då, budde me på Finsehytta. Har også vore på den biologiske stasjonen i Drøbak, men den gongen budde med på Tomb landbruksskule.

 

 

 

 

 

 


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 06 1998
Publisert 30. apr. 1998 17:51 - Sist endra 1. sep. 2014 13:37
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere