Meir pengar til forsking

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 06 1998

Lilletun-lekkasje:

- Det blir sett av ein høgare sum til forsking ved universiteta og høgskulane på framlegget til statsbudsjett for neste år enn det blei gjort på årets budsjett. Det lova utdannings- og forskingsminister Jon Lilletun på leiarmøtet til Universitetet i Oslo i førre veke.

Av Martin Toft

Lilletun kom også med ferske nyhende om at Stortinget hadde røysta for ein interpellasjon frå stortingsrepresentant Inge Lønning om å skilja forskings- og undervisningsbudsjetta til universiteta.

- Dette vil me ta med i forskingsmeldinga før den blir sendt vidare til Stortinget, sa Lilletun. Han lova også at Regjeringa vil leggja alt til rette for at Noreg skal delta i EUs femte rammeprogram, det vil seia EUs program for økonomisk stønad til forsking.

Når det gjeld spørsmålet om løyvingar til nye bygg, var statsråden mindre optimistisk.

- Sidan den norske økonomien går så godt som den gjer no, frårår økonomane våre å setja i gang nye offentlege byggjeprosjekt. Så på det feltet trur eg ikkje UiO kan rekna med å få auka løyvingane, varsla Lilletun.

 

 


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 06 1998
Publisert 30. apr. 1998 17:51 - Sist endra 1. sep. 2014 13:37
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere