UiO vil betra internkontrollsystemet

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 03 1998

Internkontrollsystemet ved Universitetet i Oslo skal no betrast. Ei innleiande kartlegging av viktige forhold tilknytt helse-, miljø- og sikringsområdet (HMS) skal danna grunnlaget for desse betringane. Det går fram av ein handlingsplan som UiO har sendt til Arbeidstilsynet.

AV MARTIN TOFT

Dei varsla betringane av internkontrollsystemet ved UiO er eit svar på Arbeidstilsynets kritikk av veikskapane i det eksisterande systemet. Dei blei avdekka under ein kontroll i november i fjor, og UiO blei pålagd å oversenda ein framdriftsplan for korleis desse manglane kunne rettast opp. Arbeidstilsynet var ikkje nøgd med det administrative internkontrollsystemet, kartlegginga av naudsynte arbeidsmiljøtiltak, graden av arbeidstakarmedverknad og opplæring av dei tilsette i HMS-tiltak.

LOKALE ARBEIDSMILJØUTVAL MÅ DELTA

Prosjektplanen som UiO har sendt til Arbeidstilsynet er delt inn i to fasar. Den første går på kartlegging og gjennomgåing av forhold tilknytt HMS-området, medan den andre fasen av planen går ut på å utvikla ein betra versjon av UiOs internkontrollsystem i samsvar med gjeldande lover og føreskrifter. Reidar Hovinbøle, som er leiar for HMS-seksjonen ved Organisasjons- og personalavdelinga, er prosjektleiar for handlingsplanen.

- Me ynskjer at dei lokale arbeidsmiljøutvala skal vera med i dette arbeidet frå byrjinga og me bed dei difor om å koma med innspel til prosjektgruppa. På denne måten kan ein finna ut kor stort behovet er for opplæring av nøkkelpersonell, opplyser Hovinbøle til Uniforum.

VIL UNDERSØKJA HMS-ARBEIDET VED UIO

- Den første fasen av planen blei starta opp i slutten av januar og skal vera avslutta før den blir sendt til Arbeidstilsynet innan 5. juni. I løpet av denne tida skal alt som har med helse- miljø- og sikringsforhold på universitetet undersøkjast, fortel Hovinbøle. Resultat og tilrådingar frå fase 1 blir oppsummerte i ein rapport som skal godkjennast av styringsgruppa, med universitetsdirektør Tor Saglie i brodden. Rapporten skal danna grunnlaget for handlingsplanen for systematisk helse-, miljø- og sikringsarbeid ved UiO, som altså til slutt skal sendast til Arbeidstilsynet. Den andre fasen av prosjektplanen blir i stor grad bygd på resultata frå fase 1. Dei viktigaste punkta blir organiseringa av HMS-arbeidet , opplæring innan HMS for både arbeidsgjevar og arbeidstakar og organisering av HMS-personell. I denne fasen skal det også greiast ut korleis ein kan betra og fornya dokumentasjon som har med internkontroll å gjera.

- Målet med denne fasen er å byggja opp eit nytt internkontrollsystem og eit system for rapportering av manglar og avvik og andre ting som har å gjera med helse-, miljø- og sikringsarbeidet på UiO. Denne fasen vil starta opp den 8. juni og vara ut året, seier Reidar Hovinbøle.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 03 1998
Publisert 25. feb. 1998 17:24 - Sist endra 1. sep. 2014 13:35
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere