Leonardo da Vinci fører universiteta saman

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 03 1998

Dei fire universiteta i Noreg samarbeider om ein felles søknad for å bli med i EUs utvekslingsprogram Leonardo da Vinci. Alle høgskulane i Noreg har også fått invitasjon til å delta. Dermed kan dette bli den første prøvesteinen på korleis Noregsnettet mellom universiteta og høgskulane vil fungera i praksis når det gjeld internasjonalisering.

AV MARTIN TOFT

{short description of image}UTPLASSERING: Leonardo-programmet vil gi norske forskarar og studentar høve til å få arbeidspraksis i ei bedrift i eit EU-land, fortel EU-programkoordinator Melanie Etchell ved Studie- og forskingsadministrativ avdeling og studiekonsulent Hanne Sølna ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet. (Foto: Kirsten Faustino)

Leonardo-programmet gir forskarar og studentar tilbod om å vera utplasserte i ei bedrift, ein organisasjon eller institusjon i utlandet frå tre til 12 månader. Det vil seia at både studentar og forskarar frå Noreg kan få høve til å bli utplassert i ei bedrift i eit EU-land.

- Dette vil gi mange hovudfagsstudentar høve til å få opptil eit års arbeidspraksis i utlandet, noko som heilt sikkert vil koma godt med når han eller ho skal ut på arbeidsmarknaden, fortel EU-programkoordinator Melanie Etchell ved Studie- og forskingsadministrativ avdeling og studiekonsulent Hanne Sølna ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet. Enkelte bedrifter har allereie vist stor interesse for dette prosjektet.

ETTERSPURNAD ETTER FAGFOLK

- Ja, selskapet Senso-Nor i Horten treng fagfolk som det ikkje er nok av i Noreg. Difor vil dei gjerne ta imot fagfolk frå utlandet. Etterspurnaden etter fagfolk er ikkje like stor den andre vegen på grunn av den store arbeidsløysa dei opplever der, konstaterer Sølna.

- Leonardo-programmet betalar rundt 3000 kroner i veka for kvar student eller forskar. Planen er at bedriftene skal spytta i 4000 kroner ekstra i månaden slik at dei kan få ei anstendig løn. Det vil seia at dette blir ei svært billeg arbeidskraft for bedriftene, seier Etchell.

NORSKE BEDRIFTSLEIARAR FYLGJER IKKJE OPP

- Norske bedriftsleiarar er svært interesserte i filosofien som ligg bak dette utvekslingsprogrammet, men etter at me har vore i kontakt med dei, høyrer me aldri noko meir ifrå dei. Det verkar ikkje som bedriftene har nokon som tar seg av utplassering av forskarar og studentar og difor fylgjer dei ikkje opp førespurnadane våre, slår Sølna fast. Ho viser til at Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet har mange døme på kor vellukka eit slikt utvekslingsprogram kan vera.

TYSKE STUDENTAR FEKK FAST JOBB

- To av dei tyske studentane som var utplasserte i ei norsk bedrift mellom tre og 12 månader gjennom Leonardo-prosjektet "ENTRANTS"(Eastern Norwegian Training Network for Technology Students) har begge fått seg fast jobb i denne bedrifta. Ein kvinneleg italiensk student som var utplassert på Norsk institutt for luftforsking (NILU), er i ferd med på bli doktorgradsstipendiat på Kjemisk institutt, opplyser Sølna til Uniforum.

Både Melanie Etchell og Hanne Sølna vil no oppfordra interesserte både i næringslivet og ved andre fakultet på UiO til å ta kontakt med dei. Dei vil gjerne understreka at alle fakulteta kan delta i eit slikt utvekslingsprogram berre ideane er gode nok Alle gode framlegg må vera dei i hende innan 10. mars.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 03 1998
Publisert 25. feb. 1998 17:24 - Sist endra 1. sep. 2014 13:35
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere