Om hybel og hus

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 02 1998

Gjesteforskarane som kjem til Universitetet i Oslo får no høve til å velja om dei vil bu standsmessig eller på eit meir nøkternt vis. Ein avtale mellom UiO og Studentsamskipnaden i Oslo gir gjesteforskarane husrom i ein villa, to 3-roms husvære, fem 2-roms husvære, femten 1-roms husvære og seks hyblar. Alle kan takast i bruk i løpet av februar.

AV MARTIN TOFT (TEKST) OG STåLE SKOGSTAD (FOTO

{short description of image}
ELDST: Den gamle husmannsplassen i Blindernveien 40 og 42 er dei eldste husa universitetet tilbyd gjesteforskarane.

{short description of image}
BEST UTSIKT: Dette er den halvmåneforma stova i husværet som har best utsikt av alle gjesteforskar-
bustadane. Det ligg i 10 etasje i Oslos første høgblokk i Pilestredet 31.

{short description of image}
DEI FØRSTE: Dei finske fysikkstudentane Mikko Kuittu og Ari Alastalo er dei første som har flytta inn i Blindernveien 40 etter at det blei bygd om til gjesteforskarbustad.

{short description of image}
STØRST: Det gule huset på 104 kvadratmeter er det største huset universitetet leiger ut til gjesteforskarane.

{short description of image}
MINST: Den minste hybelen i Industrigata 71 er på 14 kvadratmeter og har ei månadsleige på 5480 kroner
.

Tidlegare har universitetet leigd husvære for gjesteforskarane i studentbyane. Men mange av gjesteforskararane tykte at husværa var for små og miljøet for lite attraktivt for "vaksne menneske". Difor sette UiO og SiO ned ei felles arbeidsgruppe som skulle få tak i alternative gjesteforskarbustader. Husa arbeidsgruppa har fått tak i, spenner frå ein tidlegare husmannsplass til den tidlegare rådmannsbustaden til Oslo kommune.

HUSMANNSPLASSEN

I Blindernveien 40 og 42 kan gjesteforskarane bli minna om den tida liveigenskapen var ein viktig del av det norske bondesamfunnet. Dei får også svar på kvifor det norske uttrykket "husmannsånd" har oppstått. Det gule huset er teikna inn på eit kart frå 1844 i eit lite tun ved ein større gard. Og i St. Halvard-samlinga var tunet registrert som ein husmannsplass som tilhøyrde garden til Halvard Blindern på Øvre Blindern. I desse gamle husmannsstovene har korttidsengasjerte gjesteforskarar høve til å bu på hyblar frå 9 til 16 kvadratmeter for 4000 kroner i månaden eller i eit 1-roms husvære for 6000 kroner i månaden. På plussida kjem også den korte avstanden til UiOs avdelingar på Blindern.

DET GULE HUSET

Dette huset i Sognsveien 85 har ført eit svært omskifteleg liv dei mest hundre åra det har eksistert. Det blei bygd rundt år 1900, og den første tida blei det brukt som rådmannsbustad for Oslo kommune. Men det var tida som styrarbustad for gartneriet på Sogn som var mest fruktbar for huset. Då begynte styrar Otto Larsen å planta sjeldne og eksotiske plantar rundt i hagen i tillegg til norske frukttre. I 1952 bestemte han seg for å selja huset til Studentsamskipnaden i Oslo, men han fekk inn ein klausul i kontrakten som sa at han kunne bu der så lenge han levde, mot at han hjelpte til med gartnararbeid utanfor bygningane i Sogn Studentby. I fylgje miljøvernsjef Einar Nerland i Studentsamskipnaden hadde han gjort mykje meir enn det SiO kunne krevja av han, då han døydde rundt 1970. Då flytta hotellsjefen på Sommerhotellet på Sogn inn. Han budde der fram til slutten av syttitalet, då huset blei tatt i bruk av barnerike studentfamiliar. Vilkåret for å flytta inn i dette 104 kvadratmeter store huset med fire rom var at du måtte ha minst tre barn, fortel Nerland. I 1985 kunne han sjølv flytta inn i huset etter at han hadde fått jobb som driftsleiar for vaktmeisteravdelinga ved Sogn studentby. I 1990 flytta han ut, og dei to neste åra var huset i bruk som barnehage, før det igjen blei bustad for studentfamiliar med store barneflokkar. Mange festglade studentar kasta også augene sine på Det gule huset og meinte det kunne bli eit flott studenthus. Men til slutt fann dei andre løysingar på det behovet, og det blei bestemt å gjera huset om til gjesteforskarbustad for UiO. Og den gjesteforskaren som flyttar inn kan ta med seg heile familien og bu i huset i maksimum to år. Månadsleiga for heile herlegdomen kjem på 9000 kroner. Kort veg både til Blindern og til Domus Athletica. Dette huset blir det nok stor konkurranse om blant gjesteforskarane.

OSLOS FøRSTE HøGBLOKK

Dei meir urbane gjesteforskarane vil sikkert trivast godt i husværet i 10 etasje i Pilestredet 31. Det er på 62 kvadratmeter og har ei glimrande utsikt mot Oslofjorden på den eine sida og Rikshospitalet på den andre sida. Husværet ligg i Oslos aller første høgblokk med heile 10 etasjar. Det blei halde kranselag for den bygningen den 3. august 1932 og entreprenøren klagde fælt over det uventa "store fundamenteringsarbeidet", i fylgje Aftenposten av den 4. august 1932. Høghuset, som er tydeleg inspirert av funksjonalismen, ligg på "den tomt hvor Henrik Wergelands lille, berømte "Hjerterum" lå", også i fylgje det same nummeret av Aftenposten. Bustadsjef Jonn Eggerud i Boligdivisjonen til SiO meiner dette husværet må vera perfekt som ungkarsbustad med ei halvmåneforma stove, stjerneforma bad og eit soverom der det stort sett berre er plass til dobbeltsenga. Dette husværet er ideelt for ein gjesteforskar som har det så travelt at han eller ho ikkje kan eta noko anna enn det som kan bli ferdig på eit halvt minutt i ein mikrobylgjeomn. For 7500 kroner kan den heldige leiga husværet frå eitt til to år.

GJESTEFORSKARAR OG RIMI

I Industrigata 71 på Majorstua disponerer universitetet ti hyblar for gjesteforskarane sine. Desse hyblane er på rundt 14 kvadratmeter, men inneheld både kjøkenkrok, seng, bord, stolar og kabel-TV. Hyblane skal leigast ut frå 1 månad til to år for 5480 kroner månaden. I dette hybelhuset bur også fleire av dei tilsette hos daglegvarekjeden Rimi. Dessutan leiger også Norsk Hydro hyblar for sine tilsette i Industrigata 71, som tidlegare både har vore hybelhus for politiskuleelevar og tilhaldsstad for dei seinare klientane deira. Hyblane må vera perfekte for dei som ikkje treng eit husvære til noko anna enn å laga seg frukost og kvelds og sjå på CNN for å halda seg oppdaterte om verdssituasjonen.

Rådgjevar Tove Nielsen ved Internasjonal avdeling har site i arbeidsgruppa som har organisert det nye butilbodet til gjesteforskarane til UiO. Ho er godt nøgd med resultatet av samarbeidet mellom Studentsamskipnaden i Oslo og Universitetet i Oslo.

- Me inngår avtale med kvar gjesteforskar via institutta, medan SiO ordnar med innkreving av husleige, vaktmeisterteneste og sengetøyskift. Av sikringsgrunnar kan me truleg ikkje lenger bruka gjesteforskarhyblane som me til no har hatt i Biologibygningen, Fysikkbygningen, Kjemibygningen, Astrofysikkbygningen og i Zoologisk museum på Tøyen, Difor var det naudsynt å skaffa alternative bustader for desse gjesteforskarane, opplyser Nielsen til Uniforum. Alle institutt som har bruk for gjesteforskarbustader må ta kontakt med Internasjonal avdeling.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 02 1998
Publisert 12. feb. 1998 08:56 - Sist endra 1. sep. 2014 13:35
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere