Arabiskstudentar får ikkje tala arabisk

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 02 1998

Arabiskstudentar får ikkje samtaletrening.
Ingen bøker blir kjøpte inn til instituttet.
Ledige stillingar blir ikkje lyste ut.

AV MARTIN TOFT

{short description of image} FORTVILA: Både faglærar Gunvor Mejdell og arabiskstudentane til høgre for henne, Samin Khan (delvis skjult), Lobna El-Masrouri, Jørgen Høigilt og Siri Blumenthal er fortvila over at undervisningstilbodet har blitt råka av nedskjeringane på UiO. (Foto: Kirsten Faustino)

Dette er situasjonen for Institutt for austeuropeiske og orientalske studiar to månader etter at universitetsbudsjettet blei vedtatt av Kollegiet. Instituttstyrar Halvor Eifring synest innsparingstiltaka er uforsvarlege, men instituttet har ikkje noko val, understrekar han.

INGEN BOKKJØP

- Når bibliotekbudsjettet vårt er under halvparten av fjorårets budsjett, kan me ikkje gjera noko anna enn å leggja ned forbod mot å tinga nye bøker. Med dei pengane me har fått tildelte, kan me knapt dekka abonnementa på fagtidsskrifta våre, fortel han. Fylgjene har blitt så store at dei har måtta setja ned eit eige utval som ser på kva tiltak som må setjast i verk.

- Dette utvalet skal vurdera om det er mogleg å spara pengar ved å leggja om undervisnings- og eksamensopplegg. Dei vil også vurdera nærare om instituttet bør leggja ned fleire fag for å spara pengar, opplyser Eifring til Uniforum. Instituttet har i dag tre ledige stillingar, men i løpet av året kan dette talet auka til fem. Ingen av desse stillingane kjem til å bli utlyste. Dette går utover mange fag, men spesielt fag med berre éin vitskapleg tilsett, som latvisk, litauisk og hebraisk.

- Alle signal me har fått, tyder på at universitetsbudsjettet blir like stramt neste år, difor må me koma med framlegg til drastiske tiltak allereie no, seier Eifring.

ARABISK UTAN SAMTALEKLASSAR

Han er heilt samd i at innsparingstiltaka råkar det populære faget arabisk svært hardt. Dei om lag 25 studentane som går på arabisk grunnfag, må dette semesteret klara seg med seks timar undervisning i veka, fire timar færre enn i førre semester. To av desse timane var samtaleklassar med arabisktalande lærar. Undervisninga i språkhistorie og språksosiale forhold har også blitt redusert.

- Det blir lite eller inga tid til å ta opp kulturelle og litterære emne i timane, forklarar fagansvarleg, førsteamanuensis Gunvor Mejdell. Dessutan får ikkje studentane lenger økonomisk støtte til studietur til Syria, noko som alltid har vore ein viktig del av studiet. Dette har fått studentane til å stilla spørsmål ved om det er verdt å oppretthalda arabisk grunnfag ved UiO. Dei viser til arabiskstudiet ved andre universitet i Europa, som har minimum 12 timar undervisning i veka. Gunvor Mejdell seier seg lei for at innsparingane på arabisk går utover undervisningstilbodet.

STUDENTAR LØNAR LÆRAR

- Dette fører jo til at me er tilbake til tida med arabisk som eit reint tekststudium. Eg vil jo ikkje få høve til å høyra studentane mine snakka arabisk. Og dette skjer samtidig som talet på studentar har auka jamnt dei siste år og no er oppe i over 25 på grunnfag, legg ho til. Mejdell trur det vil bli naudsynt med hardare tiltak dersom Stortinget ikkje løyver meir pengar til UiO neste år.

- Då må me vurdera å berre ta inn studentar på arabisk grunnfag annakvart år i staden for ein gong i året som i dag, spår ho. Kva gjer så studentane i denne situasjonen?

- Me organiserer ei privat samtalegruppe med den same arabisktalande læraren som me hadde tidlegare. Den einaste skilnaden er at det er me studentar som betalar løna til læraren, og ikkje universitetet, fortel arabiskstudentane Jacob Høigilt, Siri Blumenthal, Lobna El-Masrouri, Samin Khan og Annette Andersen. Men det er slett ikkje alle studentane som har råd til det. Difor vurderer enkelte å flytta til eit utanlandsk universitet for å få eit betre tilbod i arabisk.

- I Danmark kan dei gi oss eit betre tilbod i arabisk enn det UiO kan gi oss no, meiner Høigilt.

Fagansvarleg Gunvor Mejdell viser til at norske styresmakter til no har hatt god bruk for tidlegare studentar i arabisk i utanrikstenesta, rettsvesenet og i utviklingsprosjekt i Midtausten.

- Ein stor del av deltakarane i det norske observarørkorpset i Hebron hadde studert arabisk ved Universitetet i Oslo, slår ho stolt fast.

Tingbokprosjektet lagt på is

{short description of image}VONBROTEN: Professor Sølvi Sogner er vonbroten over at UiO ikkje har sett seg råd til å føra Tingbokprosjektet vidare etter at ho har gått av som prosjektleiar. (Foto: Kirsten Faustino)

Tingbokprosjektet ved Historisk institutt blir også påverka av innsparingane på universitetsbudsjettet. Prosjektleiar Sølvi Sogner skal ha to års permisjon, eitt sabbatsår og eitt år for å arbeida ved Senter for høgare studiar. Det blir ikkje tilsett vikar for henne den tida ho er vekke. Det er ho svært lei seg for.

- Dette vil først og fremst gå utover skriftserien "Tid og Tanke", som me no har gitt ut to nummer av. Innsparingane fører til at me ikkje vil få pengar til å gi ut det tredje nummeret som alt er førebudd. Det andre nummeret i denne serien blei finansiert med dei 75 000 kronene me fekk tildelte av Det historisk-filosofiske fakultetet for godt forskingsmiljø, seier Sogner. Prosjektet har gjenom fleire år fått tildelt pengar frå Anders Jahres fond til vitenskapens fremme.

- Desse pengane blir det vanskeleg å nytta dersom ingen lenger skal arbeida med prosjektet, konstaterer ho. Tingbokprosjektet blei starta opp i 1987. Kort fortalt går prosjektet ut på å skriva av gamle tingbøker frå 1600- og 1800-talet frå domstolane rundt omkring i landet og leggja dei inn i ein eigen database. I 1993 blei det eit delprosjekt innanfor Dokumentasjonsprosjektet.

- Dette arbeidet har resultert i femten hovudoppgåver og tre artikkelsamlingar i direkte eller indirekte tilknyting til Tingbokprosjektet. Dei handlar om alt frå kvinner i Kristiansund N som har fødd barn utanfor ekteskap, til ærekrenkingssaker i lokalsamfunnet, fortel Sogner. Samstundes har ti hovudfagsstudentar blitt tatt opp på prosjekt for nettbaserte hovudfagsstudiar i historie. Sogner fryktar at denne undervisninga kan bli mykje vanskelegare no når Tingbokprosjektet ikkje lenger blir ført vidare.

- Når me i løpet av 10 år har hatt eit samla budsjett på 1,5 millionar kroner for det meste finansiert med pengar frå eksterne kjelder, synest eg det er synd at universitetet ikkje ser seg råd til å halda liv i dette prosjektet, seier Sogner svært vonbroten.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 02 1998
Publisert 12. feb. 1998 08:56 - Sist endra 1. sep. 2014 13:35
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere