Lovar ikkje meir til UiO

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 02 1998

- Me vil prøva å finna rom for meir pengar til forsking på statsbudsjettet for 1999 enn det Ap-regjeringa kom med framlegg om i haust. Det lovar statssekretær Svein Helgesen i Kyrkje, undervisnings- og forskingsdepartementet.

AV MARTIN TOFT

{short description of image}OPTIMIST: Statssekretær Svein Helgesen i KUF lovar å arbeida for meir pengar til forsking på statsbudsjettet for neste år.

Men han understrekar samtidig at det vil bli skikkeleg kamp om knappe ressursar ulike sektorar i mellom.

Dermed håpar Regjeringa å snu den negative trenden forskinga har vore inne i når det gjeld statlege løyvingar. Når det gjeld reduksjonen på UiO-budsjettet er han derimot ikkje viljug til å løysa dette problemet med auka løyvingar.

- Universitetet i Oslo fekk jo 918 færre studieplassar enn det hadde i fjor på 98-budsjettet. Det er klart at dette ville føra til mindre pengar frå statskassen. Utfordringa for UiO blir dermed korleis det kan spara inn utan at det går utover studiekvaliteten og dei studentane som allereie er i gong med studiane. Det set store krav til ein overordna leiingsstruktur ved UiO, understrekar han.

- Då vil universitetet unngå dei uynskte verknadane av budsjettreduksjonen som ein opplevde på Biologisk institutt. må Leiinga må også vurdera kva fag ein kan prioritera vekk. Det er ikkje alle fag arbeidslivet har like god bruk for, meiner Helgesen. Han forstår at innsparingane har råka fag som arabisk og hebraisk hardt.

- Men Regjeringa har ikkje kome med noko pålegg overfor UiO om å spara pengane inn på den måten. Det er ei prioritering som heilt og fullt må gå på UiOs eiga rekning, seier Helgesen til Uniforum.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 02 1998
Publisert 12. feb. 1998 08:56 - Sist endra 1. sep. 2014 13:35
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere