Mellomaldersenteret snur straumen

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 19 1997

Britiske studentar kjem til UiO:

Studentutvekslingsavtalar med Storbritannia gjer det mogleg for norske studentar ved HF-fakultetet å ta delar av studia sine ved eit britisk universitet, medan britiske studentar kan studera vikingtida og mellomalderen ved Universitetet i Oslo.

AV MARTIN TOFT

VIKINGTID: Florin Pintescu frå Romania og Neill Brady frå Irland er to av dei utanlandske studentane som studerer vikingtida ved Senter for studiar i vikingtid og nordisk mellomalder. I midten førsteamanuensis Terje Spurkland. (Foto: Ståle Skogstad)

Det er Senter for studiar i vikingtid og nordisk mellomalder som har inngått studentutvekslingsavtalar med fire britiske universitet. Dermed kan britiske studentar frå neste haust ta eit masterstudium ved UiO, medan norske studentar kan studera ved universiteta i Cambridge, Cardiff, Nottingham og ved St. Andrews University i Skottland.

- Det var dei gode mulighetene til å studera vikingtida på engelsk ved eit norsk universitet, som gjorde at desse fire britiske universiteta til slutt fann tilbodet attraktivt nok for studentane sine, fortel førsteamanuensis Terje Spurkland, som har forhandla fram avtalane. Og det er ikkje berre studentar ved Mellomaldersenteret som kan dra til Storbritannia for å studera, understrekar han.

- Nei, avtalane opnar også for at studentar som studerer emne frå vikingtida og mellomalderen eller engelskspråkleg litteratur, kan ta eit lengre studieopphald ved desse universiteta. Heile opphaldet vil dessutan bli finansiert innanfor Erasmus/Sokratesprogrammet til EU slik at studentane slepp å betala skulepengane og reisa sjølve. Kvart universitet er også forplikta til å skaffa kvar student ein høveleg studentbustad, opplyser Spurkland til Uniforum.

Tilbodet om å studera i Storbritannia, blir lyst ut i løpet av våren.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 19 1997
Publisert 11. des. 1997 12:12 - Sist endra 1. sep. 2014 13:33
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere