Vil ha logoped ved UiO

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 19 1997

Studentar med dysleksi organiserer seg:

15 studentar med dysleksi organiserer seg for å betra tilhøva for studentar med lese- og skrivevanskar ved UiO. Seksjon for funksjonshemma studentar lovar strakstiltak for at det skal kunna skrivast dysleksiattest for desse studentane.

AV MARTIN TOFT

KREV LOGOPED: Studentane Hans Christian Askjem (t.v.) og Tor Richard Simonsen krev at UiO tilset ein eigen logoped som kan skriva ut attest til studentar med dysleksi. (Foto: Ståle Skogstad)

- Me krev at Universitetet i Oslo tilset ein logoped som kan skriva attest på at studentar har dysleksi. Berre på den måten kan me få tilrettelagt studiane og eksamen tilfredsstillande slik at me får bruka datamaskin til oppgåveskrivinga. Det seier psykologistudent Hans Christian Askjem som saman med student i religionshistorie, Thor Richard Simonsen har tatt initiativet til å organisera studentar med dysleksi ved universitetet. Dei ynskjer også ei betre koordinering av måten studentar med dysleksi blir behandla på ved UiO.

- I dag varierer dette frå fakultet til fakultet og frå institutt til institutt. Difor vil me ha felles reglar for heile universitetet, understrekar Askjem. Verken han eller Simonsen er imponert over korleis studentar med dysleksi blir møtt på UiO.

DYSLEKSIATTEST

- I hovudsak er det liten kompetanse på dysleksi ved universitetet. Mange studentar med dysleksi møter veggen med ein gong dei spør om dei kan få spesialtiltak under eksamen. Mange godtar ikkje dysleksiattesten frå den kommunale Pedagogisk-psykologiske tenesta (PP-tenesta). Alternativet for mange er å gå til ein privatpraktiserande logoped for å få ein slik attest. Problemet er at det vil kosta studenten 1000 kroner, men verre er det at ventetida er på opptil seks månader. På den tida har ofte fristen for å melda seg opp til eksamen gått ut, forklarar Askjem. Ein slik attest er nemleg viktig for å få sett namn på dei problema dei har med lesing og skriving.

- Attesten stadfestar at me har dysleksi og slett ikkje er dummare enn dei andre studentane. Dermed har me ei forklaring på kvifor me ikkje klarer å oppfatta og skriva alt like godt som dei andre studentane. Difor har ein dysleksiattest mykje å seia for sjølvtilliten vår, slår Simonsen fast. Han fortel at dysleksigruppa vil arbeida for at også Statens lånekasse viser meir forståing for studentar med dysleksi.

- Det er ikkje mogleg for oss å fylgja vanleg studieprogresjon. Me les ofte dobbelt så sakte som dei andre studentane, og vil difor bruka fleire semester på studia. Difor vil me beda om at Lånekassen lempar på dette kravet overfor oss, fortel Askjem og Simonsen. Begge har opplevd store vanskar på skulen.

"RAMPEGRUPPA"

- På barneskulen hamna eg fort i støtte gruppa når dei andre hadde norskundervisning. Der var det ein del barn med åtferdsvanskar noko som førte til at eg blei mykje mobba. Eg undrar meg framleis over at det ikkje fall nokon av lærararane inn at eg hadde dysleksi. Difor har eg mykje å takka foreldra mine for som aldri mista trua på meg. Ingen forstod kva som var i vegen med meg, før eg begynte på ungdomsskulen. Der slo dei fast at eg hadde dysleksi, fortel Askjem. Det største lese- og skriveproblemet han har er å oppfatta skilnaden på -b, -d og -p, og ikkje minst å skilja -sk frå -kj. Dette fører til at han ofte skriv ufullstendige setningar.

- Tidlegare las eg alle stilane mine baklengs fordi eg skulle klara å spora opp dei ufullstendige setningane, minnest Askjem. Også Simonsen har hatt dårlege røynsler på skulen.

- Ein gong spurte læraren oss om nokon visste kva "kanskje" heitte på engelsk. Eg var den einaste som retta opp handa. Då bad han meg om å gå opp og skriva ordet på tavla. Eg skreiv "berhaps" i staden for "perhaps", og dermed fekk læraren heile klassen til å le av meg. Sidan eg fekk Ng på alle prøvar, trudde eg at eg var dum, heilt til det blei slått fast at eg hadde dysleksi. Dermed fann mora mi ut at ho heller ikkje var dum, men hadde dysleksi akkurat som sonen sin, seier Simonsen. Begge seier seg leie for at dei to faga psykologi og religionshistorie lét skrivedugleiken og innhaldet telja like mykje under eksamen.

- Så lenge me kan bruka datamaskin med retteprogram, kan me luka bort mange feil, men slett ikkje alle. Difor satsar me ofte på å lesa alternativ litteratur, slik at me kan gjera det betre enn dei andre på innhaldet i oppgåva, forklarar Askjem og Simonsen. Dei vil no arrangera eit informasjonsmøte om dysleksi for alle ex.phil- studentar kvart semester for å orientera dei om kva ekstratiltak dei har rett til under eksamen og kva gruppa vår driv på med. Andre studentar med dysleksi kan også ta kontakt med dei på e-postadresse: dysleksi@hf.uio.no.

FåR DYSLEKSIATTEST

Førstekonsulent Ellen Marie Solheim ved Seksjon for funksjonshemma studentar stadfestar at studentar med dysleksi har hatt problem med å få tilrettelagt eksamen på grunn av mangelfull eller manglande dysleksiattest. Dette har dei imidlertid tenkt å gjera noko med.

- I januar drar to av spesialpedagogane ved Seksjon for funksjonshemma studentar på eit kurs som skal gjera dei i stand til å skriva ut attestar til studentar som har dysleksi. Eg veit at dette ikkje er den ideelle løysinga på problemet, men i den vanskelege økonomiske situasjonen som universitetet er i, vil det nok bli svært problematisk å få gjennomslag for kravet om ein logoped i full stilling, seier Solheim. Ho legg til at Seksjon for funksjonshemma studentar ynskjer å samarbeida med dei andre universiteta og høgskulane i landet slik at dei kan koordinera attestane og krevja dei same opplysningane av kvar student.

- Dermed kan me også tilretteleggja eksamen på same måten ved alle dei høgare utdanningsinstitusjonane i Noreg, konstaterer Solheim.

380 studentar med dysleksi

RAPPORT: Doktorgradsstipendiat Helge Strømsø har skrive rapporten som konkluderer med at universitetet bør tilsetja ein logoped som kan skriva ut dysleksiattestar. (Foto: Xenia Isaksen)

- Studentar med dysleksi har eit altfor dårleg tilbod ved Universitetet i Oslo. Det stadfestar doktorgradsstipendiat Helge Strømsø ved Institutt for spesialpedagogikk som har skrive ein rapport om situasjonen for studentar med dysleksi.

Rapporten konkluderer med at det er naudsynt for UiO å tilsetja ein logoped i full stilling som kan skriva ut attest til studentar med dysleksi.

- Det høyrer ingen stad heime at studentar med dysleksi må betala 1000 kroner til ein privatpraktiserande logoped for å få ein dysleksiattest. Difor bør universitetet stilla opp med ressursar og tilsetja ein eigen logoped som kan ta seg av denne oppgåva, meiner Strømsø, som trur det er svært mange studentar som enno ikkje har våga å stå fram som dyslektikarar.

- I dag finst det truleg rundt 380 studentar med dysleksi på universitetet. Dei aller fleste av desse er ikkje kartlagde. Men ein liten indikasjon på at dette talet er nært sanninga, er eksamensskjemaene for ex.phil-studentane som viser at rundt 1 prosent av dei søkjer om spesiell tilrettelegging under eksamen, opplyser Strømsø til Uniforum.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 19 1997
Publisert 11. des. 1997 12:12 - Sist endra 1. sep. 2014 13:33
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere