KUF bed UiO om forklaring

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 19 1997

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet har bede Universitetet i Oslo forklara seg etter at universitetet fram til 30. september hadde brukt fire prosent meir enn det hadde rekna med for heile året på spesielle driftsutgifter. - Udramatisk, seier økonomidirektøren.

AV MARTIN TOFT

Tal Uniforum har fått tak i frå departementet, viser at UiO hadde brukt 314,5 millionar kroner på denne posten innan 30. september, medan det er sett av 302,5 millionar kroner for heile året til spesielle driftsutgifter. Det viser altså at årsbudsjettet var overstige med 12 millionar kroner, allereie tre månader før årsskiftet. Departementet reknar med at denne summen vil stiga til 20.5 millionar kroner innan 30.desember. Då har det også rekna med sannsynlege meirinntekter på 96,2 millionar kroner. Difor har departementet bede Universitetet i Oslo om å forklara kvifor dette har skjedd. Denne forklaringa og ein ny økonomirapport, som gjekk fram til 31.oktober, måtte vera departementet i hende innan torsdag i førre veke.

Økonomidirektør Nils Dugstad ved UiO er overraska over den harde språkbruken i brevet frå KUF.

- Heile denne summen vil bli dekka av meirinntekter frå andre postar på universitetsbudsjettet. Dette er difor heilt udramatisk, noko eg også har forklart munnleg til departementet, seier Dugstad, som i løpet av denne veka sender ei forklaring til KUF. Han reknar heller ikkje med at det er nokon fare for at årsbudsjettet skal bli overskrida.

- Nei, slik det ser ut no, vil det gå i boks, trur Dugstad.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 19 1997
Publisert 11. des. 1997 12:12 - Sist endra 1. sep. 2014 13:33
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere