Det norske universitetssenteret i St. Petersburg:
Det norske universitetssenteret i St. Petersburg får 1 million kroner frå Utanriksdepartementet. Dermed kan senteret både setja i gang drifta og tilsetja ein senterleiar frå nyttår.
AV MARTIN TOFT
- Eg er svært glad for at Utanriksdepartementet har gitt oss denne øyremerka summen på 1 million kroner. Den vil løysa alle etableringsproblema me har hatt med Det norske universitetssenteret i St. Petersburg. Det seier dekan Even Hovdhaugen ved Det historisk-filosofiske fakultetet ved UiO til Uniforum. Formelt sett løyver Utanriksdepartementet pengane til Aust-Europaprogrammet til Det norske universitetsrådet, men med klar melding om at desse pengane er øyremerka Det norske universitetssenteret i St. Petersburg. I dag er det universiteta i Tromsø, Bergen og Oslo som samarbeider om etableringa av dette senteret, men Hovdhaugen håpar å få med seg fleire institusjonar.
VIL HA MED NTNU
- Det er først og fremst Noregs Teknisk-Naturvitskaplege Universitet (NTNU) i Trondheim me vil ha med oss i dette samarbeidet. Men me jobbar også for å få overtalt høgskulane i Finnmark og Nordland til å kjøpa seg inn i dette senteret, opplyser Hovdhaugen, som no vil setja i gang arbeidet med å peika ut eit styre for Det norske universitetssenteret. Den første oppgåva til styret blir å vedta eit endeleg reglement. Deretter skal det tilsetjast ein senterleiar, førebels for eitt år. Men Hovdhaugen understrekar at hovudfagsstudentar og forskarar kan ta i bruk senteret straks, dersom dei treng eit forskingsopphald i Russland. Det norske universitetssenteret har leigd lokale i ein bygard som Det norske selskapet Smith & Gangstø (Smiga) eig. Der har også Noregs Eksportråd leigd lokale og truleg kjem også den norske generalkonsulen til å flytta inn der.
TAKK TIL UNIFORUM
Dekan Hovdhaugen trur det er regjeringsskiftet som er hovudårsaka til at Det norske universitetssenteret no får dei pengane det mangla.
- Det ser ut som om den nye utanriksministeren, Knut Vollebæk, ser Barentssamarbeidet i eit vidare perspektiv enn den førre utanriksleiinga. Han vedgår at avgjerda om å gi 1 million kroner til senteret kom svært brått på HF-fakultetet.
- Når dette likevel skjedde, så er det takka vera Uniforum som skreiv om denne saka for ein månad sidan. Det er tydeleg at UD-leiinga hadde lese om denne saka der, og nettopp difor vedtok dei ei ekstraløyving på 1 million kroner til Det norske universitetssenteret, avsluttar Hovdhaugen.
Logg inn for å kommentere