Småstoff

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 17 1997

Miljøvern for ein kvar pris?

VERDISKAPING OG MILJØ: Professor i statsvitskap, Raino Malnes (t.v.) og doktorgradsstipendiat Peder Anker (t.h.) finn mange moralske dilemma i forholdet mellom verdiskaping og miljø. (Foto: Xenia Isaksen)

Er det like viktig å syta for at framtidige menneske har det dei treng for å dekka grunnleggjande behov, som å syta for at nolevande menneske har det?

Er det viktigare at framtidige menneske har det dei treng for å dekka grunnleggjande behov, enn at nolevande menneske har sjansen til å tilfredsstilla tilleggsinteresser? Desse spørsmåla stilte professor Raino S. Malnes ved Institutt for statsvitskap, UiO på "Partnerforums" seminar om verdiskaping og miljø i førre månad. Svaret han gav var at framtidige menneske berre er moglege menneske, me veit ikkje om dei vil bli verkelege menneske eller kva slags menneske dei vil bli. Men så langt me har grunn til å tru at dei vil bli til, og at dei vil bli om lag som oss, så er deira liding og død eit like stort vonde som lidinga og døden til folk som lever i dag. Når det gjeld diskusjonen om den globale oppvarminga er i ferd med å bryta ned ozonlaget viste han til Det epistemelogiske fleirtalsprinsippet: Dersom eit stort fleirtal av vitskapsfolk er einige om at ei bestemt verksemd er risikabel, så gjer me klokt i å sjå på denne verksemda som risikabel.

Doktorgradsstipendiat Peder Anker ved Senter for utvikling og miljø (SUM) og Harvard University gav ei innføring i dei forskjellige retningane innan miljørørsla. Han delte dei inn i dei som ser på alt i naturen som ukrenkeleg liv og som kan spørja ein busk om korleis han har det, til dei som godtek at mennesket drep dyr og utnyttar naturen, utan at det drep fleire dyr og brukar fleire plantar enn det det treng. Filosofane Arne Næss og Petter Wessel Zapffe, tilhøyrer dei mest moderate, medan Anker plasserte Sigmund Kvaløy og Hartvig Sætra blant dei mest radikale økofilosofane. Doktorgradsstipendiat Peder Anker konkluderte med at dei mest radikale i røynda ynskte seg tilbake til det gamle bondesamfunnet.

Årsmøte i Bedriftsidrettslaget 1.12.1997

Vi vil med dette gjøre oppmerksom på at Universitetets Bedriftsidrettslag avholder årsmøte 1. desember 1997 kl. 16 i 10. etasje i Administrasjonsbygningen: Konstituering, dagsorden, årsberetning, regnskap og revisjonsberetning, budsjettforslag for 1998 -retningslinjer/prioriterte oppgaver, valg og innkomne forslag. Forslag til saker som medlemmer ønsker skal tas opp på årsmøtet, må være oss i hende senest en uke før møtet, dvs. 24. november 1997. Du må ha betalt kontingent for 1997 for å ha stemmerett på årsmøtet. Sakspapirene kommer senere. Vi oppfordrer alle medlemmer til å møte opp. Det vil bli en enkel bevertning.

Pris for kvinneforsking

Senter for kvinneforsking (SFK) vil i januar 1998 for sjette gong dela ut ein pris til studentar ved Universitetet i Oslo som har skrive ei oppgåve med kvinne/kjønnsperspektiv. Denne prisen er oppretta på initiativ frå Fondet for kvinneforsking. Det er eit fond som disponerer forfattarinntektene frå bøkene Kvinner i fellesskap og Kvinnerforskningens bidrag til samfunnsteori i serien Kvinners levekår og livsløp. Alle som har vore rettleiarar eller vore med og vurdert slike oppgåver eller forskingsarbeid, har rett til å koma med framlegg til prisvinnarar. Desse framlegga må sendast til Senter for kvinneforsking ved dagleg leiar Sidsel Platou Aarseth, Boks 1040 Blindern seinast 31. desember 1997. Utdelinga av prisen vil gå føre seg under nyttårsfeiringa ved SFK torsdag 15. Januar 1998 kl. 1700.

Jubileumsskrift for Institutt for kirurgisk forskning

Institutt for kirurgisk forskning har feiret 30-årsdag, og nå kommer det et jubileumsskrift om forskningen og historien til dette instituttet som har "utdannet" en rekke av Norges ledende kirurger. I løpet av de 30 årene har over 80 forskere utført sitt doktorarbeid ved instituttet. 23 av dem har etter hvert blitt universitetsprofessorer i Norge eller Norden.

Kirurgisk forskning dreier seg om menneskets mest vitale organer som hjerte, hjerne, blodets kretsløp, transplantasjon av organer og infeksjonsproblemer i kirurgien. I dag er kirurgisk forskning ikke bare for leger som er gode til å svinge skalpeller. Det er for eksempel etablert en betydelig molekylærbiologisk kompetanse ved Institutt for kirurgi de senere år.

Tregere Lånekasse?

Norsk Studentunion frykter at saksbehandlingstiden vil øke i Lånekassen og at informasjonen til kundene blir dårligere dersom regjeringens statsbudsjett blir vedtatt. Der blir det nemlig foreslått å kutte ned på Lånekassens budsjett.

UiO-informasjon på engelsk

Universitetet i Oslo har no gjeve ut eit informasjonshefte på engelsk. Heftet inneheld eit kapittel om dagens universitet, eit anna om historia til universitetet, eit tredje om morgondagens universitet og eit fjerde kapittel om fakulteta ved UiO. Det inneheld også omtale av sentra som er tilknytt universitetet og informasjon om Den internasjonale sommarskulen ved denne utdannings- og forskingsinstitusjonen. Heftet kan ein få tak i ved å ta kontakt med informasjonsavdelinga til universitetet på telefon 22 85 66 22.



Nøtter

1. Hvem er dette?

2. Hvilket universitet har flest studenter i Norden?

3. Hvor mye av universitetets budsjett brukes til lønn?

4. Hvem var Eilert Sundt?

5. Hvor holder Det odontologiske fakultet til?

Svar:

1. Astrid Sæther, leder for Senter for Ibsenstudier.

2. Universitetet i Oslo.

3. Omtrent halvparten.

4. Teolog og samfunnsforsker, kjent for sine sosiologiske kartlegginger av underklassen i Norge. Levde fra 1817 til 1875.

5. I Geitmyrsveien 69, nord for St.Hans-haugen.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 17 1997
Publisert 13. nov. 1997 13:03 - Sist endra 13. mai 2019 14:32
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere