Notiser

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 17 1997

Ny politisk rådgjevar i KUF

Helene Langeland er tilsett som politisk rådgjevar i Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet. Den 25 år gamle Langeland kjem opphaveleg frå Askvoll i Sogn og Fjordane. Ho studerer teologi ved Menighetsfakultetet, og har om lag to år att av embetsstudiet. I tillegg har ho pedagogikk grunnfag. Langeland har vore fylkesleiar for Kristeleg Folkepartis ungdom i Sogn og Fjordane og site i sentralstyret i KrFU.

UiO vil utgreia informasjonstenesta

Universitetsdirektør Tor Saglie har oppnemnt ei styringsgruppe leia av assisterande universitetsdirektør Inger Stray Lien som skal gå gjennom informasjonsarbeidet ved UiO. Gruppa skal greia ut om det er mogleg å å dela ansvaret og organiseringa av denne oppgåva på andre måtar enn i dag. Utanom prosjektleiar Inger Stray Lien er gruppa sett saman av informasjonsdirektør Hanne Dirdal, kontorleiar ved Informasjonsavdelinga, Birgitte Blom (sekretær), fakultetsdirektør ved Det odontologiske fakultetet, Bente Torgersen, professor ved Botanisk hage og museum, Christian Brochmann, førsteamanuensis ved Institutt for medier og kommunikasjon, Terje Rasmussen, prodekan ved Det historisk-filosofiske fakultetet, professor Ole Kristian Grimnes, representant for Tenestemannslaget ved UiO, Ulrik Harald Sverdrup, representant frå Forskarforbundet ved UiO, Astri Ottesen og representant frå Landsforbundet for Universitets-, Høgskule- og Forskingspersonell, Unni Bingen. Framlegg til vedtak frå styringsgruppa skal leggjast fram innan nyttår, og det er meininga at framlegget kan setjast i verk innan 1. juni neste år.

"Superdirektør"-søkere

Det er kommet sju søkere til den nye stillingen som direktør for forsknings- og studiesaker.

Søkerne er førsteamanuensis Janet F. Bornman, 46 år; avdelingsdirektør Toril Johansson, 43 år; spesialrådgiver Birger Kruse, 43 år; forskningssjef Harald Loeng, 50 år; selvstendig næringsdrivende Matz Modéer, 50 år og forskningssjef Reidar Skaug, 50 år. Det var en søker som ikke ønsket å få navnet sitt offentliggjort.

Fra nyttår skal Forskningsadministrativ avdeling, Internasjonal avdeling og Studieavdelingen slås sammen til en felles avdeling som skal ledes av den nye "superdirektøren".


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 17 1997
Publisert 13. nov. 1997 13:03 - Sist endra 13. mai 2019 14:32
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere