Vegen til Blindern

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 17 1997

Det er ein sur og våt novembermorgon. Klokka har akkurat passert sju. I Ovenbakken 11 på Østerås i Bærum førebur ekteparet Grete Usterud Fenstad og Jens Erik Fenstad seg på å dra på jobb.

AV MARTIN TOFT (TEKST) OG KIRSTEN FAUSTINO (FOTO)

AVREISE: Grethe Usterud Fenstad og mannen Jens Erik Fenstad gjer seg klare til å dra på jobben ...

... før ho går til Østerås stasjon ...


... og begynnar arbeidsreisa med å lesa Aftenposten på T-bana, ...

... går gjennom Vestre Gravlund til Sørkedalsveien, ...


... og går opp alle trappene til åttande
etasje i Matematikkbygningen, ...

... der ho går inn på kontoret til mannen Jens Erik Fenstad og gir han ein hjarteleg klem før ho begynnar arbeidsdagen.

Begge jobbar på Matematisk institutt ved UiO. Ho som førsteamanuensis i statistikk. Han som professor i matematikk. Klokka sju femten har Jens Erik Fenstad fått på seg yttertøyet. Han gir kona ein klem, går ut og set seg i bilen og drar til Blindern. Kona blir ikkje med. Ho har si eiga reiserute om morgonen. Ti minuttar etter at mannen har drege heimifrå, låser ho inngangsdøra, tar på seg vottar, lue og lommeradio og set kursen mot T-banestasjonen på Østerås.

KONTAKT MED NATUREN

- Eg tar T-bana fordi då kjem eg i nærare kontakt med naturen. Dei som tar bilen, oppdagar jo aldri at årstidene skiftar, seier Usterud Fenstad medan ho legg brukte mjølkekartongar i papirinnsamlingscontaineren like ved hovudvegen. Ho hastar nedover mot stasjonen der ho treff dei same folka som ho treff kvar einaste morgon på akkurat same tidspunkt utan at ho nokon gong har blitt kjent med dei.

- Det er alltid god plass på trikken her på Østerås sidan det er ein endehaldeplass. Difor får eg alltid sitjeplass og god tid til å lesa Aftenposten. Vanlegvis har eg kome fram til dødsannonsane når trikken har kome fram til Smestad stasjon. Me kallar T-bana framleis for trikken her ute i Bærum, seier ho og blar raskt gjennom førstedelen av avisa.

- Neste stasjon Eiksmarka, seier den kvinnelege T-baneføraren på bergensdialekt.

- Denne trikken er ganske presis, og etter eit par, tre stasjonar til, er den stappfull, fortel ho til oss som brukar å ta buss eller bil til jobben.

TOK ALLTID BIL

- For 25 år sidan då barna var små, tok også me alltid bil til jobben. Då plasserte me dottera vår i barnehagen i Villa Eika og dei to sønene våre, som er tvillingar, i barnehagen i Arkitektbrakka. Det var etter at barna flytta ut at me begynte å reisa kvar for oss til Blindern, mannen min og eg, seier ho. Sjølv om begge jobbar ved same institutt, så driv dei med to forskjellige fag.

- Det er nok bra at me har lite å gjera med kvarandre reint fagleg, konstaterer ho og begynnar å dra på seg vottane igjen.

- Neste stasjon er Borgen, annonserer den kvinnelege T-baneføraren. Framleis på bergensdialekt.

- Her brukar eg å gå av trikken kvar dag slik at eg kan spasera resten av vegen til Blindern. Grete Usterud Fenstad skundar seg ut av T-bana og set kursen mot Vestre Gravlund.

KARL GLAD

- Det var Jens Erik som tipsa meg om at eg kunne gå av på Borgen stasjon og gå gjennom denne kyrkjegarden og vidare over Sørkedalsveien til Villaveien og opp til Blindern. Ideen var veldig god, og seinare har eg kryssa kyrkjegarden mest kvar morgon. Og her får eg gå heilt i fred. Det er ingen andre som torer å kryssa kyrkjegarden på mørke vintermorgonar, seier ho med innleving. Turen går forbi krematoriet, gravsteinar og fleire krigsminnesmerker før ho kryssar Sørkedalsveien ved Volvat medisinske senter og kjem fram til Frøen.

- Rett her oppe i Villaveien treff eg alltid NHO-direktør Karl Glad som også spaserer til jobben. Ja, eg har stor sans for alle personar som går til arbeidsplassen, seier ho medan ei tenåringsjente spring forbi henne. Ho passerer Barnekunstmuseet og går inn i Villaveien der Karl Glad, ganske riktig, dukkar opp. Med lange steg hastar han avgarde til NHOs hovudkontor på Majorstua.

GåR OPP TIL åTTANDE ETASJE

Fem minuttar etter er ho på Frederikkeplassen og kan sjå opp til kontoret sitt i åttande etasje i Matematikkbygningen. Ho går gjennom hovudinngangen, ser til høgre mot heisdøra, men held fram til venstre for å gå opp trappene til åttande etasje.

- Ja, no gjeld det ikkje å prata for mykje for at eg ikkje skal mista pusten. Men når eg er ferdig med denne klatreetappen, treng eg ikkje tenkja på å trimma meir i dag. Resten av dagen tar eg alltid heisen, tilstår ho like før ho har gått opp dei siste trappetrinna. Med bestemte steg går ho rett bort til kontordøra si der ho legg frå seg ryggsekken, vottane og skjerfet i handvasken ute på gangen, før ho stikk bort til kontoret tjue meter lenger nede på andre sida av gangen. Der er mannen Jens Erik Fenstad allereie i gang med den første telefonsamtalen. Grete Usterud Fenstad går bort til han og gir han ein god klem før ho går tilbake og låser opp døra til kontoret sitt. Der legg ho frå seg yttertøyet og ryggsekken før ho slår på datamaskina. Arbeidsdagen til førsteamanuensis Grete Usterud Fenstad har begynt. Åtte timar seinare vil ho dra heim igjen. I bilen.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 17 1997
Publisert 13. nov. 1997 13:03 - Sist endra 13. mai 2019 14:01
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere