- Døm meg om eitt år!

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 17 1997


Statsråd Jon Lilletun:

- Eg ville gjerne ha satsa enda meir på høgare utdanning i det endra statsbudsjettet som sentrumsregjeringa la fram i førre veke. Men endringane inneber i alle fall ein auke på løyvingane til høgare utdanning med 100 millionar kroner. Det sa kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Jon Lilletun i ein samtale med norske student- og universitetsaviser denne veka.

AV MARTIN TOFT (TEKST OG FOTO)

DOM: Folk kan døma meg for det eg har gjort for høgare utdanning om eitt år, men ikkje enno, meiner statsråd Jon Lilletun.

- Ver så snill og ikkje døm meg enno. Ikkje gløym at sentrumsregjeringa berre har site i tre veker. Vent til eg har site som statsråd i eitt år til. Då kan eg ta imot rettferdig kritikk for alt eg ikkje har klart å gjennomføra, sa Lilletun.

Men dersom han sjølv hadde vore både statsminister og finansminister på ein gong, ville det endra statsbudsjettet ha sett annleis ut, forsikra han.

YNSKTE IKKJE KUTT I UNIVERSITETSBUDSJETTA

- Då ville eg ha trekt tilbake alle framlegg om å kutta i budsjetta til universiteta. Men samtidig ville eg ha bede universiteta om å omstilla seg og organisera seg på ein annan måte enn i dag. Dessutan ville eg ha omorganisert ein del av avdelingane som jobbar med høgare utdanning her i utdanningsdepartementet. Så ville eg sjølvsagt ha sytt for at både universiteta og høgskulane fekk meir pengar til vitskapleg utstyr og til grunnforsking. Sist, men ikkje minst, ville eg ha satsa på etterutdanning av lærarar i grunnskulen, lova Lilletun. Han hadde også stor medkjensle med folk som har hovudfag, men ikkje får jobb.

SJOKKERT

- Det er klart at dei som har hovudfag, er godt kvalifiserte for mange viktige jobbar i næringslivet. Eg brukar alltid å nemna det, når eg held føredrag for bedriftsleiarar. Men samtidig er nok arbeidsløysa prosentvis mindre blant folk med hovudfag enn andre, meinte statsråden. Lilletun var sjokkert og overraska, då han fekk vita at godt kvalifiserte dataekspertar og ingeniørar går arbeidsledige i Noreg fordi arbeidsgjevarane ikkje ynskjer å tilsetja innvandrarar og flyktningar.

- Dersom dette stemmer er det ille. Kvifor skal arbeidsgjevarane henta fagfolk frå India, når dei kan få tak i like godt kvalifiserte folk blant innvandrarar og flyktningar i Noreg? Dette skal eg ta opp med alle arbeidsgjevarane eg kjem i kontakt med, sa Lilletun.

FøRETREKKJER IKKJE HøGSKULANE

Når det gjeld forholdet mellom universiteta og høgskulane, avviste statsråden at han føretrekkjer ein av desse utdanningsinstitusjonane framfor den andre.

- Eg kan garantera at alle studentar som har blitt uteksaminerte frå ein høgskule og tatt dei same faga som ein student ved eit universitet, også skal få tildelt den same graden. Ein økonomistudent frå Høgskulen i Bodø skal ikkje bli kalla høgskulekandidat i staden for siviløkonom, berre fordi han ikkje har gått på Noregs Handelshøgskule (NHH) eller Bedriftsøkonomisk institutt (BI), slo Lilletun fast samtidig som han understreka at det var altfor mange urealistiske ambisjonar om å innføra hovudfag på høgskulane. Han lova at Noregsnettrådet, som snart skal opprettast, skal få oppgåva med å koordinera fagtilboda på universitet og høgskular.

HJERNEINVESTERING ER LøNSAMT

Han avviste alle påstandar om at norske universitet og høgskular utdannar for mange akademikarar i dag.

- Aldri har Noreg hatt så mange med hovudfag som i dag. Ja, det er berre Japan som har høgare prosentvis studenttal enn Noreg. Investering i hjernekapital løner seg uansett. Det som kanskje kan bli eit problem er tilbakebetalinga av studielånet for alle desse studentane, meinte statsråden.

UB OG RIKSHOSPITALET Må HA UTSTYR

Når det gjeld Universitetet i Oslo og dei manglande løyvingane til inventar til nybygget til Universitetsbiblioteket på statsbudsjettet som den førre regjeringa la fram, så forstod han godt at universitetsleiinga etterlyste desse pengane.

- Det er klart at det må løyvast pengar til utstyr og inventar til denne bygningen. Men eg kan ikkje lova å gjera noko meir med det no, sa Lilletun.

Også når det gjeld inventar og utstyr til det nye Rikshospitalet har universitetsleiinga etterlyst pengar til dette. Lilletun viste til framlegget om eit investeringsfond for vitskapleg utstyr til sjukehus og høgare utdanning.

- Det må også vera mogleg for Rikshospitalet å få pengar til utstyr frå dette fondet, sa Lilletun som også hadde stor sans for planane om å forlengja trikkelinje 18 fram til det nye Rikshospitalet på Gaustad.

- Det er ein svært god idé, og ansvaret for dette overlet eg til samferdsleminister Odd Einar Dørum. Han elskar trikken og difor stolar eg full og heilt på at han vil ordna opp i dette, avslutta Lilletun.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 17 1997

Publisert 13. nov. 1997 13:15 - Sist endra 1. sep. 2014 13:32
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere