UiO kartlegg bruk av radioaktivitet

Innhold Neste Uniforum nr. 17 1997


Etter krefttilfella i Trondheim:

- Mange forskarar ved UiO respekterer ikkje alltid tryggingsreglane når dei behandlar radioaktivitet, seier strålevernkonsulent Elena Larsen i Helse,- miljø- og sikringsavdelinga (HMS-avdelinga). Ho varslar hyppigare stikkontrollar etter nyttår.

AV MARTIN TOFT

RADIOAKTIVITET: Kjernekjemistudentane Liv Storsetra og Tom Christian Adamsen arbeider med radioaktive isotopar i eit laboratorium ved Kjemisk institutt. (Foto: Ståle Skogstad)

Meldinga om at fire tidlegare hovudfagsstudentar i biologi ved Noregs Teknisk-Naturvitskaplege Universitet (NTNU) i Trondheim hadde utvikla kreft etter omgang med radioaktivt materiale, har fått universitetsleiinga til å setja i gang ei kartlegging av situasjonen ved Universitetet i Oslo. Prorektor Knut Fægri bad i førre veke vernesjef Vidar Blekastad ved Kjemisk institutt om å samarbeida med strålingskonsulent, Elena Larsen i HMS-avdelinga for å finna ut kor mange institutt og avdelingar ved UiO som brukte tilsvarande metodar som dei aktuelle institutta i Trondheim.

- Det er rundt 350 studentar og forskarar ved 30 einingar på universitetet som behandlar slikt radioaktivt materiale, seier Larsen.

- 19 av dei tok eg nærare kontakt med og det viste seg at to av desse einingane dreiv med liknande laboratorieforsøk som ved det aktuelle laboratoriet i Trondheim, opplyser Blekastad. Det er laboratoriet ved Farmakologisk institutt og elektronmikroskopilaboratoriet ved Biologisk institutt. Han understrekar likevel at det er ingen dokumentert fare med å gjera desse forsøka, så lenge tryggingsreglane blir fylgde.

LITE FARLEGE ISOTOPAR

- Faktum er at det radioaktive materialet, isotopane tritium (H-3) og karbon 14 (C-14), som begge blei brukte i Trondheim, tilhøyrer dei minst farlege som me kjenner til. Dei gir ikkje ein gong utslag på dosimetra som forskarane og studentane har på seg i laboratoria. Difor er folk nøydde til å få dei i seg via hudkontakt eller via fordøyelsessystemet for at dei skal gi helseskader. Difor er det forbode å eta i laboratoria, understrekar Larsen.

- Førebels har me ingen planar om å ta kontakt med alle tidlegare studentar ved dei aktuelle institutta og avdelingane, seier ho. Før det skjer, ventar me betre dokumentasjon eller ei oppmoding frå offentlege styresmakter. Universitetet i Oslo kjem likevel til å halda fram med å samla inn fleire opplysningar om kva rutinar som blir fylgde ved behandling av radioaktivt materiale ved deira laboratorium, opplyser Elena Larsen til Uniforum.

INNFøRER NYE DOSIMETER

- Rutinane kan heile tida bli betre. Difor vil me no gi kvar eining større ansvar for tryggleiken i laboratoria. Det er grunnen til at desse institutta og avdelingane vil leggja inn lokale prosedyrar ved bruk av radioaktive stoff, fortel ho. I dag har HMS-avdelinga ved universitetet ansvaret for å lesa av dosimetra som alle som arbeider med radioaktivt materiale må bera på seg. Frå nyttår blir det innført nye TL-dosimeter som Statens Strålevern får ansvaret for å lesa av.

- Fylgjen av dette blir at me vil få betre tid til å driva med inspeksjonar og stikkontrollar på universitetet. Dessutan vil me få betre tid til å halda kurs for dei som behandlar farlege stoff i laboratoria, seier Larsen. Og neste fredag møtest representantar for alle HMS-avdelingane ved dei fire universiteta i Noreg i Bergen for å få ei nærare orientering om krefttilfella ved Noregs Teknisk-Naturvitskaplege Universitet (NTNU) i Trondheim. Då skal dei også drøfta om det er naudsynt å skjerpa tryggingsreglane ved laboratoria til universiteta, opplyser strålevernkonsulent Elena Larsen.

Professor Per Hoff :

-Ikkje svekk HMS-avdelinga!

- Krefttilfella ved NTNU i Trondeim viser at det er viktig med strenge sikringsreglar i laboratoria til universiteta. Difor vil eg oppmoda universitetsleiinga til å gjera alt dei kan for å hindra at Effektiviteringsprosjektet går ut over Helse-, miljø- og sikringsavdelinga til UiO. Det seier professor Per Hoff ved kjernekjemigruppa til Kjemisk institutt.

AV MARTIN TOFT

KONTROLL: Professor i kjernekjemi Per Hoff demonstrerer korleis forskarane kontrollerer om dei har fått i seg stråling etter å ha arbeidd med isotopen jod (I-125). (Foto: Ståle Skogstad)

- Det er svært viktig at HMS-avdelinga blir organisert på ein måte som kan fungera godt både formelt og fagleg, slår Hoff fast.

Det er professor Per Hoff som har ansvaret for internkontrollen hos kjernekjemigruppa ved Kjemisk institutt.

- Me har ikkje innført nokon ekstra rutinar etter at krefttilfella frå NTNU blei kjende. Dosimetra som me er pålagde å gå med, blir registrerte i eitt eige arkiv slik at det vil vera mogleg å finna ut i framtida om eit krefttilfelle kan sporast tilbake til at ein person har fått i seg for høg stråledose, seier Hoff. Han har liten tru på at krefttilfella i Trondheim er eit resultat av omgang med radioaktivt materiale.

- Då må dei i tilfelle ha behandla det radioaktive materialet på same måten som Madame Curie gjorde før ho fann ut at ho hadde oppdaga radioaktivitet.

- Radioaktivitet som ikkje blir registrert på dosimetra, er me spesielt merksame på, seier Hoff.

STATISTISK OPPHOPING

- Grensa for dokumentert helsefare frå radioaktiv stråling ligg på 200 msv (millisivert). Det vil seia at dei måtte ha fått i seg fleire milliardar bequerel (Gigabequerel) med tritium og fleire millionar bequerel (Megabequerel) med karbon 14 for at det skulle ha vore helsefarleg, forklarar Hoff, som meiner dette kan vera eit utslag av tilfeldig statistisk opphoping.

- Personleg har eg også opplevd slike usannsynlege tilfelle. Eg har ein augesjukdom som er nokså spesiell og opplevde for kort tid sidan at to andre forskarar som eg sat i doktorgradskomité saman med, hadde hatt den same sjeldne augesjukdomen, fortel Hoff. Han legg til at han ikkje kjenner til radioaktive uhell med isotopane tritium og karbon 14 (C-14) som har ført til dokumenterbar helseeffekt. Ved laboratoria som blir brukte av kjernekjemigruppa, blir det også drive forsøk med isotopen jod (I-125).

- Dei gongene me jobbar med isotopen jod skal me alltid måla oss sjølve med dette spesielle måleapparatet, seier Per Hoff medan han set eit støvsugarliknande røyr mot halsen.

- Jod er eit organsøkjande stoff som legg seg i skjoldbrukskjertelen, og difor måler me mogleg radioaktivitet der, legg han til. Han understrekar også at det er viktig å leggja seg på så strenge tryggingsrutinar at ein kan unngå alle slags spekulasjonar i ettertid. Difor håpar han at Effektiviseringsprosjektet ikkje går utover tryggingstiltaka ved laboratoria ved UiO.

VIL IKKJE HA BASEHOPPARAR

Sidan 1955 har 150 studentar blitt uteksaminerte frå kjernekjemigruppa ved Kjemisk institutt.

- Dette er personar som i dag er mellom 25 og 75 år og me veit at tre av desse har døydd av kreft medan tre andre har døydd av andre årsaker. Det er sannsynlegvis ikkje noko høgare frekvens av krefttilfelle blant dei enn blant nordmenn flest, trur Hoff, som gjerne vil understreka ein viktig ting.

- Me har ikkje behov for hovudfagsstudentar som har ei dragning mot basehopping eller anna risikosport. Dei klarer me oss svært godt utan ved dette instituttet, avsluttar professor i kjernekjemi, Per Hoff.


Innhold Neste Uniforum nr. 17 1997

Publisert 13. nov. 1997 13:11 - Sist endra 1. sep. 2014 13:32
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere