Manglar 1 million kroner

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 16 1997

Det norske universitetssenteret i St. Petersburg:

Det norske universitetssenteret i St. Petersburg kan bli forseinka. Årsaka er at det framleis manglar ein million kroner på å få gjort senteret ferdig. Leiar for styringsgruppa Jan Ivar Bjørnflaten skuldar leiinga ved Universitetet i Tromsø for å ha ei lunken haldning til prosjektet.

AV MARTIN TOFT

SENTRALT: Det norske universitetssenteret i St. Petersburg skal flytta inn i dette lokalet som ligg midt i sentrum av den tidlegare russiske hovudstaden. (Foto: Jan Ivar Bjørnflaten)

I eit gammalt ominnreidd forretningsbygg i nærleiken av Smolnyklosteret midt i St. Petersburg, skal Det norske studiesenteret flytta inn saman med Noregs Eksportråd og sannsynlegvis også med den norske generalkonsulen. Senteret som er eit samarbeidsprosjekt mellom universiteta i Tromsø, Bergen og Oslo, har fått leiga lokala hos det norske firmaet Smith & Gangstø (Smiga) som er nært tilknytt det norske trussamfunnet Smiths venner. Jan Ivar Bjørnflaten er overtydd om at senteret kan bli svært viktig for forskarar frå dei tre norske universiteta.

INNGANG TIL BARENTSREGIONEN

-St. Petersburg dannar både inngangen til Barentsregionen og porten til Baltikum. Byen har dei to leiande universiteta i Russland i tillegg til dei leiande sentra for arktisk forsking og forsking på urfolk. Dessutan held Det russiske geografiske selskap til her. Difor er dette ei ideell lokalisering for eit norsk studiesenter i Russland, meiner Jan Ivar Bjørnflaten som til dagleg er førsteamanuensis i russisk ved UiO. Etter hans meining vil dette senteret bli det viktigaste tiltaket for å få organisert ei utveksling av norske og russiske forskarar.

- Byen er også senter for norsk-studiar i Russland samstundes som dei aller fleste norske russisk-studentar har deltatt på språkkurs ved Smolny-klosteret, fortel Bjørnflaten. No er det berre finansieringa av etableringskostnadane som ikkje er i orden.

TRENG PENGANE RASKT

- Difor treng senteret ein million kroner raskt, konstaterer Bjørnflaten. Han hadde håpa at senteret ville få ein del av dei rundt 18 millionar kronene som Stortinget har løyvd til universitetssamarbeid med Russland. Desse pengane er overførte til Senter for internasjonalt universitetssamarbeid i Bergen der dei blir forvalta av Aust-Europaprogrammet.

- Problemet er at vår søknad fall utanfor denne potten sidan reglane er utforma slik at det berre er reint forskingssamarbeid med Russland som får økonomisk støtte, ikkje utgifter til etablering som me har bede om, seier Bjørnflaten som ikkje kan forstå at leiaren for Aust-Europaprogrammet, forskingsdirektør Ingvild Broch, ikkje går inn for å gi støtte til Det norske studiesenteret i St Petersburg. Då ho framleis var førsteamanuensis i russisk ved Universitetet i Tromsø var nemleg også ho med i gruppa som fremja framlegget om å oppretta dette universitetssenteret.

- Universitsleiinga i Tromsø har seinare hatt ei svært lunken haldning til heile prosjektet, trass i at det har vore stor interesse for det blant mange forskarar, hevdar Bjørnflaten. Han legg til at det framleis står igjen å tilsetja ein vitskapleg leiar for senteret.

IKKJE RETT TIL øKONOMISK STøTTE

Ingvild Broch stadfestar at søknaden om økonomisk støtte til Det norske universitetssenteret ikkje blei innvilga.

- Årsaka er at dette senteret ikkje er eit samarbeid mellom norske og russiske universitet, derimot eit samarbeid mellom norske universitet som skal koma norske forskarar til gode. Det er grunnen til at Det norske universitetssenteret i St. Petersburg ikkje kan få økonomisk tilskot frå Aust-Europaprogrammet, opplyser Broch. Ho viser til Det norske studiesenteret i York som blir finansiert av Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet.

- Det kunne kanskje ha vore ein idé for Det norske universitetssenteret i St Petersburg også, avsluttar ho.

Jan Ivar Bjørnflaten set no sin lit til den nye regjeringa.

- Ja, eg håpar at den nye regjeringa kan skjera gjennom og rydda opp i denne saka slik at senteret i St. Petersburg kan stå klart like etter nyttår, seier Bjørnflaten.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 16 1997
Publisert 28. okt. 1997 22:53 - Sist endra 1. sep. 2014 13:32
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere