Frå katakombe til helsetempel

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 16 1997


Rikshospitalet

Kilometerlange underjordiske korridorar frå sengepost til kirurgi, frå barneklinikk til kvinneklinikk og frå kjøken til sengepost. Dette er kvardagen for pasientane og dei tilsette ved Rikshospitalet i dag. Om eitt år blir dette fortid. Då flyttar dei inn i det nye Rikshospitalet på Gaustad.

AV MARTIN TOFT OG KIRSTEN FAUSTINO(FOTO)

SLIT: Ein kvinneleg tilsett dreg ei pasientseng med seg tilbake til ein av sengepostane.

PILESTREDET PARK: Kirurgiblokka har Olav Thon kjøpt for 101 millionar kroner. Han skal gjera om blokka til husvære og gi området namnet Pilestredet Park. Foran står informasjonssjef ved Rikshospitalet, Anne-Brit Bøe og prosjektleiar Lars Erik Vollebæk.

LYS: I det nye Rikshospitalet
er det store vindauge
og glastak slik at dagslyset
slepp inn i bygningen.


NØGDE: Professor Per Teisberg, kurs- og besøkskoordinator, Greta Rødsten og informasjonssjef Anne-Brit Bøe er alle godt nøgde med det nye Rikshospitalet.

HAGE: Ein japansk hage skal vera med på å gi pasientane på det nye Rikshospitalet ei fin utsikt.

- Det er lett å gå seg bort i desse underjordiske korrridorane. Det fortel Lars Erik Vollebæk i Informasjonsavdelinga ved Rikshospitalet. Saman med informasjonssjef Anne-Brit Bøe har han tatt oss med på omvising i dei katakombeaktige korridorane som bind dei ulike avdelingane på Rikshospitalet saman.

- Avstandane mellom dei ulike avdelingane er så store at all pasienttransport tar lang tid. Difor må alt planleggjast i god tid for at me skal nå operasjonssalen til rett tid, fortel Vollebæk medan han peikar opp mot vassleidningsrøyra i taket.

TUNGVINT

- Desse røyra ligg ikkje høgare enn at me blir nøydde til å ta av sengestolpane,når me skal passera forbi med pasientar. Som de ser, byrjar allereie isolasjonsmaterialet å gå sund, konstaterer han. To portørar går forbi medan dei skuvar to beholdarar med mat frå kjøkenet opp ein bratt bakke. Maten skal opp til ein av sengepostane.

- Alt er svært tungvint her, både på grunn av avstandane og på grunn av at bygningane er gamle. Men dei tilsette er også glade i dei gamle bygningane sjølv om dei er upraktiske, seier Vollebæk som tidlegare har jobba som sjukepleiar på Medisinsk avdeling. Det er likevel ikkje alle som likar å gå i desse korridorane.

- Det er ein del tilsette som ikkje synest det er noko hyggeleg å gå her nede seint på kvelden eller natta. Då vil dei helst gå saman med nokon, seier han. Ei kvinne i kvit frakk går forbi med ei uoppreidd sjukeseng etter seg. Det ville ha vore minst like slitsamt for ein mann.

VERNEVERDIG KVINNEKLINIKK

Me har kome fram til underetasjen til Kvinneklinikken, ein bygning som blei bygd på slutten av 1800-talet.

- Denne bygningen skal stå også etter at Rikshospitalet har flytta til dei nye lokala på Gaustad, fortel Anne-Brit Bøe. Den er verneverdig på grunn av alderen, historia og arkitekturen, legg ho til.

Den store Kirurgiblokka til sjukehuset har blitt kjøpt opp av Olav Thon for 101 millionar kroner. Bygningen skal byggjast om til mellom 150 og 200 bustader og staden skal få namnet Pilestredet Park. Også muren som går rundt heile sjukehusområdet skal vernast for ettertida. Den skal bli eit minne om medisinske teoriar som sa at muren hindra smittespreiing.

- Men både den forfalne hybelbygningen og den nyaste delen av administrasjonsbygningen skal rivast, opplyser Anne-Brit Bøe som synest det er viktigare å snakka om framtida i det nye Rikshospitalet på Gaustad enn om forholda på det gamle Rikshospitalet.

NOREGS STøRSTE OFFENTLEGE BYGNING

Eit par dagar seinare tar ho oss med på omvising i det nye helsetempelet på Gaustad til 3,9 milliardar kroner. Det skal nemleg bli alt det gamle Rikshospitalet ikkje er. Pasientvennleg og med korte avstandar mellom sengepostane og behandlingsavdelingane. Glastak og lange opne korridorar skal syta for at lyset alltid slepp inn i det dei nye sjukehuslokala som får eit golvareal på til saman 128 600 kvadratmeter. Dermed blir det ein av Noregs største offentlege bygningar. Det får 585 sengeplassar, 33.000 pasientar skal leggjast inn kvart år og til saman skal 2.900 tilsette arbeida her. Dessutan får sjukehuset 4500 rom og 600 toalett. Det skal halda fram med å vera regionsjukehus for helseregion 2: Østfold, Akershus, Buskerud, Vestfold, Telemark og Aust- og Vest-Agder,- ein region med til saman 1,5 millionar menneske. Og det skal framleis ha landsfunksjonar på dei medisinske felta sjukehuset har spisskompetanse på, til dømes transplantasjonar.

LEGESTUDENTAR MøTER PASIENTAR

Og professor i indremedisin Per Teisberg, som underviser medisinarstudentane, er overtydd om at både pasientar, legar, sjukepleiarar og medisinstudentar får glimrande arbeidsforhold i det nye Rikshospitalet.

- Når me har flytta inn i dei nye lokala på Gaustad, vil det bli ei samling av universitets- og sjukehusfunksjonane. Me vil få laboratorium, undervisningsrom, behandlingsavdelingar og pasientavdelingar på same område, like ved Dei prekliniske institutta, fortel Teisberg. Han er også oppteken av at medisinstudentane skal få eit bilete av røyndomen som møter dei som ferdig utdanna legar så fort som mogleg.

- Her skal studentane få treffa pasientar med ein gong. Dei skal læra seg å kommunisera og oppføra seg pent og høfleg overfor pasientane. Dermed skal dei mellom 160 og 180 studentane som årleg begynnar på medisinstudiet ved universitetet raskt bli overtydde om kor viktig det er med åtferdsfag i medisinundervisninga, håpar Teisberg. Det nye Rikshospitalet skal også ha eit eige øvingssenter der studentane får utføra operasjonar på øvingsdokker. Når det gjeld medisinsk forsking skal forskarane ved PKI og Rikshospitalet samlast i ei felles forskingseining i nybygget på Gaustad.

- Dermed kan forskingsmiljøet bli så stort at det vil vera mogleg for oss å markera oss internasjonalt, trur Teisberg.

Om eitt år står det nye Rikshospitalet ferdig for innflytting. Akkurat ti år etter at Stortinget vedtok å planleggja nytt Rikshospital.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 16 1997

Publisert 10. nov. 1997 15:27 - Sist endra 1. sep. 2014 13:32
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere