Kunst, bøker og Johan Svendsens flygel

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 13 1997

Universitetsbiblioteket:

Henrik Ibsens handskrivne manuskript, originalnotane til Edvard Griegs A-moll-konsert og Johan Svendsens flygel. Dette er blant dei norske kulturskattane du kan finna om du går gjennom Oslos eldste svingdør og inn i Universitetsbiblioteket på Solli plass.

AV MARTIN TOFT

I 1914 stod Universitetsbiblioteket ferdig etter at det i 63 år hadde halde til i Domus Bibliotheca på Karl Johan. Det nye Universitetsbiblioteket blei reist som eit kulturelt utstillingsvindauge for den unge nasjonen Noreg. Det blei ikkje spart på nokon ting, når det galdt utsmykkinga av dette kulturpalasset.

VEGGMåLERI

Oppgåva med å dekorera tak og veggar i foajeen gjekk til Emanuel Vigeland, ein kunstmålar som seinare kom heilt i skuggen av den meir kjende broren sin, bilethoggaren Gustav Vigeland. Og i 1933 fekk kunstmålarane Axel Revold og Per Krogh oppgåva med å måla tre veggmåleri rundt hovudtrappa. Dei tre måleria, "Yggdrasil" og "Den nye jord" av Axel Revold og "Ragnarok" av Per Krohg, blei alle måla like etter at Adolf Hitler hadde tatt makta i Tyskland, noko måleriet "Ragnarokk" ber sterkt preg av. Lenger inn i fjerde etasje, midt mellom store boksamlingar, ligg kontoret til den trettande overbibliotekar i Universitetsbibliotekets 146 år gamle historie, Jan Erik Røed. Han har eit kontor som klart viser kor høg status stillinga som overbibliotekar hadde då bygningen blei reist. Men Røed er den første som har fått tittelen bibliotekdirektør

UIOS FLOTTASTE KONTOR

- Ja, eg har faktisk invitert folk hit på middag, fortel Røed som tvilar på at det er andre universitetstilsette som har så flott kontor som han. På veggen heng det portrett av grunnleggjaren av Universitetsbiblioteket, Georg Sverdrup og etterfylgjaren hans, Axel Charlot Drolsum. Langs veggane står det bokhyller fulle av skinninnbundne gamle bøker. Men dataalderen har også innhenta dette huset, og litt diskret plassert, til venstre på det brune skrivebordet til bibliotekdirektøren, står det ei upersonleg personleg datamaskin. Det er eit langt sprang frå den til kulturskattane i denne bygningen.

HENRIK IBSEN OG EDVARD GRIEG

- Heile den norske kulturarven finst i dette huset. Me har originalmanusa til skodespela til Henrik Ibsen, originalmanuset til Edvard Griegs A-moll-konsert og originalmanuskripta til alle dei andre store norske forfattarane. Dessutan har me alle brev og notatar til alle dei mest kjende norske kvinner og menn. Årsaka til dette er at UB framleis har status som nasjonalbibliotek, forklarar Røed som nok må lata det meste av dette bli igjen når UB flyttar til Blindern neste haust.

1,5 MILLIONAR BøKER På FLYTTEFOT

- Alle dei norske og nordiske boksamlingane og manuskripta blir igjen her, men all annan utanlandsk litteratur blir med på flyttelasset. Ja, til saman skal 1,5 millionar bøker flyttast til det nye bygget frå det gamle UB og alle fakultetsbiblioteka, fortel Røed medan han prøver å gi oss eit inntrykk av det kjempearbeidet som fem deltidsarbeidande studentar og eit par bibliotekarar held på med i ein av underetasjane.

- Dei held på å omklassifisera 400 000 bøker som skal stillast i opne boksamlingar på Blindern. Desse bøkene har tidlegare stått i den rekkjefylgja dei blei kjøpt inn i, men no skal dei klassifiserast både alfabetisk og etter tema, seier Røed som er kry over å ha førsteutgåvene av Newtons og Køpernicus' vitskaplege verk blant bøkene på UB.

SLOTTSBIBLIOTEK

Universitetsbiblioteket må også vera det einaste universitetsbibliotek som har sitt eige slottsbibliotek. Det ligg til venstre for resepsjonen i første etasje og inneheld boksamlinga til alle svenskekongane frå Karl Johan til Oscar den andre. Og i eit hjørne inst til høgre i Slottsbiblioteket står komponisten Johan Svendsens gamle flygel saman med ein overhead og eit fargefjernsyn.

- Grunnen til at me har slike audiovisuelle hjelpemiddel her, er at me leiger lokalet ut til reklamebyrå og andre firma som ynskjer å imponera kundane sine, seier Røed som slett ikkje har blitt nostalgisk fordi om han må overlata alt dette til Nasjonalbiblioteket.

- Eigentleg er det slett inga flytting av Universitetsbiblioteket. Det vender jo tilbake til studentane etter å ha lege i ei bakevje sidan 1914. UB vil endeleg vera der studentane er, fastslår bibliotekdirektør Jan Erik Røed.

GOD KONTORPLASS: Bibliotekdirektør Jan Erik Røed viser fram det imponerande kontoret sitt. På veggen heng eit portrett av tidlegare overbibliotekar Alex Charlot Drolsum. (Foto: Ståle Skogstad)

SLOTTSBIBLIOTEKET: Alle boksamlingane til svenskekongane er samla i Slottsbiblioteket. Lengst bak står komponisten Johan Svendsens flygel. (Foto: Ståle Skogstad)

MEKTIG: Det er eit mektig inngangsparti som møter dei bokglade før dei går inn gjennom Oslos eldste svingdør. Og metopen "Universitetsbiblioteket" vil nok stå over inngangsdøra også etter at Nasjonalbiblioteket har overtatt bygningen. (Foto: Ståle Skogstad)

BOKSKATTAR: Bibliotekdirektør Jan Erik Røed viser fram ein av dei mange bokskattane frå 1600-talet som står i Slottsbiblioteket. (Foto: Ståle Skogstad)

VEGGMÅLERI: Emanuel Vigeland har måla veggene og taket i foajeen til Universitetsbiblioteket. (Foto: Ståle Skogstad)

KARTOTEK: Det gamle kartotekssystemet vil forsvinna, når UB har flytta til Blindern. (Foto: Ståle Skogstad)

OMKLASSIFISERING: Biblotekar Elisabeth Moe-Berntsen leiar arbeidet med å omklassifisera 500 000 bøker. (Foto: Ståle Skogstad)


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 13 1997
Publisert 17. sep. 1997 19:10 - Sist endra 1. sep. 2014 13:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere