- Studentar har for stor makt!

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 13 1997

Dekankandidat Nils Roll-Hansen:

- Studentar er ikkje kvalifiserte til å avgjera kva forskarar som skal få doktorgradsstipend. I dag blir studentane ofte tunga på vektskåla i fakultetsrådet dersom representantane for dei vitskaplege tilsette er ueinige seg imellom. Det gir studentane for stor makt, sa dekankandidat Nils Roll-Hansen på HF-fakultetet i ein valdebatt med motkandidat Even Hovdhaugen i førre veke.

AV MARTIN TOFT

Det er synet på studentdemokrati og spørsmålet om Det historisk-filosofiske fakultetet skal delegera fleire eller færre oppgåver til institutta som skil dei to dekankanditane, Even Hovdhaugen og Nils Roll-Hansen. Medan Even Hovdhaugen, som er professor i allmenn språkvitskap, forsvarar dagens studentdemokrati, meiner filosofiprofessor Nils Roll-Hansen at dette gir studentane ufortent stor makt på universitetet.

STUDENTAR I VIPPEPOSISJON

- Studentmakta byggjer på eit lågt demokratisk grunnlag som fører studentane rett inn i dei styrande organa ved universitetet og fakulteta. Fylgja av dette er at studentane blir sitjande i vippeposisjon dei gongane representantane for dei vitskapleg tilsette er ueinige. Sidan studentane legg mest vekt på kjønn og pedagogiske kvalifikasjonar, kan det faglege grunnlaget til kandidaten lett bli mindre viktig, slo Roll-Hansen fast overfor ei lettare sjokkert forsamling i Auditorium I i Sophus Bugges hus.

Even Hovdhaugen gjorde det klart at han var heilt ueinig i Roll-Hansens vurderingar av studentrepresentantane i fakultetsrådet.

IMPONERT OVER STUDENTANE

- Etter å ha sete i dette rådet i til saman 14 år, er eg ofte blitt meir imponert over studentane enn representantane for dei vitskapleg tilsette. Me må ikkje gløyma at alle dei fire forskjellige gruppene som er representerte i fakultetsrådet er likestilte, understreka Hovdhaugen. Han var heller ikkje særleg imponert over Effektiviseringsprosjektet ved UiO.

- Det er nok ikkje det mest vellukka prosjektet som har blitt sett i gang ved universitetet. Samstundes aksepterer eg at det ikkje er så mykje å gjera med det no, sidan Kollegiet allereie har vedtatt å iverksetja det, sa Hovdhaugen, som også lova å jobba for å få til ein meir yrkesretta cand.mag-grad.

DELEGERING TIL INSTITUTTA

Nils Roll-Hansen gjorde det klart at han ville ha ei delegering av faglege oppgåver frå fakultetsplan til instituttnivå dersom han blei vald til dekan ved HF-fakultetet.

- Eg er overtydd om at dette er den einaste måten me kan plukka ut dei mest kvalifiserte kandidatane til doktorgradsstipend ved HF-fakultetet. Difor vil eg ha minst mogleg innblanding frå fakultetet når stipendiatane skal plukkast ut, meinte Roll-Hansen som fekk sterk motbør for dette frå motkandidaten sin.

- Det er naudsynt at fakultetet fører ein overordna rekrutteringspolitikk for alle institutta. Dette er den einaste måten me kan sikra at alle stipendiatane held eit like høgt fagleg nivå uavhengig av kva institutt dei forskar ved, påpeika Hovdhaugen. Ein annan grunn til at han gjekk imot utvida delegering av administrative og faglege oppgåver var faren for at dei store institutta ville få for mykje makt i forhold til dei små.

- Eg er redd for at dei store institutta ville overkjøra dei små dersom institutta skulle få meir å seia både i tilsetjings- og forskingspolitikken ved fakultetet. Difor er det viktig at det kan ha det overordna oppsynet slik at alle institutta kan bli behandla likt og slik at alle fagmiljøa ved fakultetet kan framstå som ein einskap overfor Kyrkje-, utdannings- og forskings-departementet, poengterte Hovdhaugen, som også trekte fram det fakultetstyrte rettleiingsprogrammet på hovudfaga som eit vellukka resultat av ein slik overordna politikk.

SATSING På LåGARE NIVå

Begge var einige om at det no er naudsynt å satsa på å betra undervisningssituasjonen på grunnfags- og mellomfagsnivå etter at fakultetet har lukkast med å få til både ei betre undervising og ei betre rettleiing på hovudfaga.

- I dag er det stort sett timelærarar som underviser studentar på grunnfag og mellomfag. Me må syta for at minst ein professor på kvart fag også underviser desse studentane. Det er jo blant desse studentane me får tak i dei beste forskarrekruttane, sa Hovdhaugen med full støtte frå motkandidat Roll-Hansen som også ville ha mindre skjemavelde for forskarane på universitetet.

- Det tar altfor lang tid å fylla ut skjemaet for evaluering, registrering og måling av forsking, sa Roll-Hansen, medan Hovdhaugen hevda at dette også kunne ha sine fordelar.

- Det er berre ved å registrera og dokumentera kva me held på med at me kan argumentera for å få tildelt meir pengar til Det historisk-filosofiske fakultetet, understreka Even Hovdhaugen.

Og resultatet av dekanvalet ved Det historisk-filosfiske fakultetet blir kunngjort i dag klokka 1300.

NEGATIV TIL STUDENTMAKT: Dekankandidat Nils Roll-Hansen synest studentane har for mykje makt på universitetet. (Foto: Ståle Skogstad)

IMPONERT: Dekankandidat Even Hovdhaugen er imponert over studentrepresentantane i fakultetsrådet. (Foto: Ståle Skogstad)


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 13 1997
Publisert 17. sep. 1997 19:10 - Sist endra 1. sep. 2014 13:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere