Barna får ikkje plass i UiOs barnehagar

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 13 1997

Forskar for Kreftforeningen:

Doktorgradsstipendiat Tommy Nordeng ved Biologisk institutt rettleier og underviser hovudfagsstudentar. Men han får ikkje lov til å søkja om barnehageplass for dei to borna sine i UiO sine barnehagar. Årsaka er at stipendet hans blir betalt av Den Norske Kreftforening som ikkje betalar kontor og materiellkostnader til universitetet.

AV MARTIN TOFT

Dei to borna til doktorgradsstipendiat Tommy Nordeng må sjå langt etter plass ved ein av UiOs barnehagar. Faren får nemleg doktoravhandlinga si finansiert av Den Norske Kreftforening. Dette er ein ideell organisasjon som slepp å betala såkalla "overhead" eller kontor- og materiellkostnader til universitetet. Men det er berre forskarar som er finansierte av organisasjonar som betalar desse kostnadane som får lov til å ha barna sine i UiOs barnehagar.

Må SøKJA PRIVAT BARNEHAGE

- Eg finn dette urettvist, for eg underviser og rettleier hovudfagsstudentar på lik linje med alle dei andre stipendiatane her ved Biologisk institutt, seier Tommy Nordeng til Uniforum. Konsekvensen blir at han og kona må søkja om plass i private barnehagar for dei to barna sine, August på to år og Iris på seks månader.

- Me kan heller ikkje søka om plass i barnehagane til Studentsamskipnaden i Oslo for der reknar dei meg ikkje som student, sidan eg mottek løn. Likevel er eg registrert som doktorgradsstudent ved UiO, fortel Nordeng og ristar på hovudet.

- Her på Biologisk institutt er me til saman fem stipendiatar som er finansierte av Den norske Kreftforening og Nasjonalforeningen Det norske råd for Hjerte- og Karsykdommer. Me kan bruka UiOs datanettverk, kontora våre blir vaska og me får nytta oss av alle tilgjengelege hjelpemiddel ved instituttet. Difor synest eg det er rart at me ikkje får høve til å søkja på UiOs barnehagar, berre fordi Den Norske Kreftforening ikkje har betalt overhead til universitetet, meiner Nordeng. Han viser til at Kreftforeningen betalar 50 000 kroner i driftskostnader for kvar stipendiat, medan Noregs Forskingsråd betalar 25 000 kroner i tillegg til overhead-betalinga som utgjer 15 prosent av løna til stipendiaten.

-Strengt tatt finansierer Den Norske Kreftforening berre avhandlinga mi. Difor har eg heller ikkje undervisingsplikt, men eg gjer det likevel fordi eg føler at eg må dela mine kunnskapar med hovudfagsstudentane, understrekar Nordeng.

Må FYLGJA REGLANE

Personalsjef Trond Tveit Selvik ved UiO har ikkje noka trøyst å gi til Tommy Nordeng.

- Når doktorgradsstipendiaten er finansiert av ein organisasjon som har valt ikkje å betala noko for fellesgoda ved universitetet, så kan stipendiaten heller ikkje krevja dei same rettane som andre stipendiatar, påpeikar han. Han legg til at UiO er under sterkt press både frå Det medisinske fakultetet og Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet om å endra desse reglane.

- Dette presset vil sjølvsagt ikkje føra fram. UiO har innført reglane for at dei skal fylgjast, avsluttar personalsjef Trond Tveit Selvik.

URIMELEG

Førstekonsulent Lill-Ann Øritsland arbeider med ekstern finansiering ved Biologisk institutt og ho forstår ikkje kvifor det skal vera naudsynt for ein ideell organisasjon å betala "overhead".

-Dette synest eg er rart, for Universitetet i Oslo har late ideelle organisasjonane sleppa å betala dette, nettopp som sitt bidrag til kreftsaka, seier ho.

Og konstituert avdelingsdirektør Kari Kristensen i Forskingsadministrativ avdeling stadfestar dette.

- Ja, me har spesielle reglar for dei ideelle organisasjonane som gir ei gåve til forskinga ved UiO ved å finansiera eit doktorgradsstipend. Eg finn det heilt urimeleg om universitetet samtidig skal krevja at organisasjonen betaler for kontor og materiellutgifter, seier Kristensen til Uniforum.

IKKJE PLASS: Doktorgradsstipendiat Tommy Nordeng har ikkje rett til å søkja om plass for sonen August på to år i UiOs barnehagar. (Foto: Kirsten Faustino)


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 13 1997
Publisert 17. sep. 1997 19:10 - Sist endra 1. sep. 2014 13:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere