Sirkustomt blir veksthus

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 13 1997

Universitetet i Oslo får truleg overta sirkustomta på Tøyen. Det er klart etter at Byrådet i Oslo denne veka gav UiO grønt lys til å lysa ut ein arkitektkonkurranse om prosjektet. Dermed kan eit nytt veksthus stå klart på Tøyen til Oslos byjubileum i år 2000.

AV MARTIN TOFT

Både byrådsleiar Fritz Huitfeldt og byråd for næring og byutvikling Olaf Stene har vore i møte med universitetsdirektør Tor Saglie og rektor Lucy Smith før leiinga for Byrådet gav klare signal om at det ville gå inn for ei overdraging av sirkustomta til UiO.

- Det er eit godt prosjekt universitetet har presentert for Oslo kommune, seier byråd Olaf Stene til Uniforum. Byrådet i Oslo har heile tida vore interessert i å få sett bygginga av det nye veksthuset i gong så fort som mogleg, slik at det kan stå klart til Oslos byjubileum i år 2000.

ARKITEKTKONKURRANSE

Universitetsdirektør Tor Saglie er også godt nøgd med at planane om eit nytt veksthus på Tøyen snart kan realiserast.

- Universitetet vil så fort som mogleg setja i gong ein arkitektkonkurranse for å finna fram til kven som kan koma med det beste utkastet til eit nytt og moderne veksthus, seier Saglie som understrekar at det er Bystyret som vil gjera det endelege vedtaket om å lata UiO overta denne tomta. Det nye veksthuset vil til saman kosta rundt 60 millionar kroner, og halvparten av denne summen blir henta frå Tøyen-fondet, medan resten skal finansierast av statlege løyvingar og sponsorstøtte.

- Veksthuset skal erstatta dei gamle og umoderne veksthusa inne på området til Botanisk hage på Tøyen. Den nye bygningen skal bli meir publikumsvennleg og delast inn i fleire avdelingar, fortel Saglie.

Sluttforhandlingane mellom Oslo kommune og UiO om sirkustomta er enno ikkje avslutta. Difor er det framleis uklart når saka vil koma opp i Bystyret.

SIRKUSTOMTA: UiO får truleg overta sirkustomta utanfor Botanisk hage på Tøyen. Planen er å byggja eit nytt og moderne veksthus som skal erstatta dei gamle veksthusa på Tøyen. (Foto: Kirsten Faustino)


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 13 1997
Publisert 17. sep. 1997 19:10 - Sist endra 1. sep. 2014 13:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere